Gå til hovedinnhold
Hjerteformer i ulike materialer og farger.

Desemberhjarter

Hjartet som form og symbolberar er mykje brukt i den siste månaden i året. Under Relaterte ressursar har me samla undervisningsopplegg som viser ulike måtar å jobba med hjarteforma på. Aktivitetane varierer både i fag, omfang, og materialbruk og kan passa fint i adventstida for elevar i både grunnskule og vidaregåande skule.

«Fra de eldste tider i menneskets kulturhistorie har det magiske hjertet, som slår sine rytmiske slag i bringa vår, vært den store gåten og mysteriet i menneskelivet»

Sitatet over finn me i boka Hjertet. En kulturhistorie, skrive av O.M. Høystad. Hjartet er viktig som form og symbol i alle kulturane i verda. Under Relaterte ressursar har me samla ei rekkje desemberhjarter, hjartelege utfordringar for elevar i grunnskule og vidaregåande skule. Her finn du smått og stort knytt til materiale og teknikkar, til tekst, til song og musikk. Nokre oppgåver er gjorde på ein times tid, medan andre strekkjer seg over veker. Nokon er tverrfaglege, medan andre er meir knytt til kunst og handverk eller musikk. La deg inspirera, og lag din eigen vri på dei kreative utfordringane tilpassa elevgruppa di.

Kjelder

Høystad, O. M. (2011). Hjertet. En kulturhistorie. Spartacus.

Sæther, N. G. (2001). Hjertet i folkekunsten  –  en hyllest til håndens arbeid.  N. W. Damm & Søn AS

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.