iframe{width:100%;}table a {display: inline-block;} Gå til hovedinnhold
Saks, linjal, farget papir og hjerte utformet av geometriske figurer.

Tangram-hjarte

Å jobba med tangram er ei fin tverrfagleg øving som gir forståing for geometriske former og stimulerer kreativitet. Elevane utviklar evner i problemløysing, kritisk tenkning og det å gjera val. Oppgåva kan gjerast individuelt, men er òg kjempeflott å samarbeida om.

Tekst og foto: Hilde Hermansen, seniorrådgiver, KKS

Eit tangram er opphavleg eit kinesisk puslespel som består av sju ulike brikker: fem trekantar, eit kvadrat og eit parallellogram. Til saman formar brikkene eit kvadrat, men dei kan òg setjast saman til ei mengde ulike figurar.

Når me lagar eit tangram av hjarteforma bruker me ni geometriske brikker. Brikkene kan setjast saman på minst tre ulike måtar for å få fram den same hjarteforma. Ta gjerne ein prat med matematikklæraren for å få eit størst mogleg tverrfagleg utbytta av oppgåva.

Er de klare for ei utfordring?

Oppgåva kan tilpassast ulike nivå gjennom måten læraren legg til rette på: For dei aller minste må nok læraren klippa ut formene på førehand. Dei litt større elevane overfører malen til farga papir, enten ved hjelp av blåpapir, grafittpapir eller blyant og klipper formene ut sjølv. Elevar på ungsdomsskolen kan kanskje også  konstruera formene før dei blir klipte ut?

Tangramet kan òg lagast i tre. Då blir oppgåva meir omfattande, samtidig som fleire kompetansemål blir involverte.

  1. Elevene eller læraren overfører formene frå vedlegg 1 til papir i ulike fargar. Kvar form kan få ulik farge eller formlike figurar kan ha same farge. Eit alternativ er å skriva ut vedlegg 2 i fargar og la elevane klippa dei geometriske formene ut. For dei minste blir det anbefalte å lima papiret på papp eller kartong før formene blir klipte eller blir skorne ut. Dette gir for stødigare brikker, som ikkje krøllar seg for små hender.
  2. Så kan elevane starta jakta på hjarteformer: På minst tre ulike måtar kan brikkene puslast saman til eit hjarte. Gjennom å eksperimentera med formene blir elevane kjente med geometriske figurar som kvadrat, parallellogram, trapes, halvsirkel, kvartsirkel, sirkelsektor og likebeint trekant.
  3. Reglane seier at ein må nytta alle ni geometriske formene. Brikkene skal ligga plant og røra kvarandre, men kan ikkje overlappa kvarandre.
  4. Det er lurt å ta bilde når ein har pusla saman eit hjarte, så kan ein samanlikna med neste forsøk. Målet er å komma fram til tre ulike måtar å bruka brikkene på for å få same hjarteform.
  5. «Fasiten» ligg som vedlegg 3. Dei minste elevane treng kanskje å ha han ved sida av for å sjå etter. Det kan vera utfordring nok, det.

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.