iframe{width:100%;}table a {display: inline-block;} Gå til hovedinnhold
Pakke med hvit hjertepynt.

Foto: Martine Eidissen Nymo og Hilde Hermansen

Hjarte i silkedeig

Dekorative hjarte i silkedeig kan brukast i mange høve. Dei er enkle å laga for små barn, så vel som for større ungar og ungdommar. Hjarta kan brukast i mange samanhengar: som små gåver, som pakkelappar, som vegg- eller vindaugsspryd. Det er berre å gå i gang!

Tekst: Martine Eidissen Nymo, rådgiver, og Hilde Hermansen, seniorrådgiver, KKS

Silkedeig har vorte populært som eit enkelt og rimeleg materiale å arbeida med. Deigen er kvitare, glattare og finare i teksturen enn den tradisjonelle trolldeigen og kan i uttrykket minna litt om porselensleire. I motsetning til trolldeig er silkedeig heilt glutenfri, noko som er ein fordel for allergiske småbarn som gjerne stikk fingrane i munnen for å smaka.

Hengende julekuler og hvite hjerter.
Hengande hjarte av silkeleire. Fotoet blir attgitt med løyve frå Stine Skoli Ommedal.

Til omlag 25 små hjarte trengst:

  • 1/2 kopp maizena
  • 1 kopp vatn
  • 1 kopp salt

Har du ei barnehagegruppe på 10-15 stykke, held det kanskje å dobla eller tredobla oppskrifta? For ein klasse på 20 – 25 elevar må nok oppskrifta fire- eller femdoblast. Det blir uansett anbefalt  å laga fleire små deigar enn ein stor.

Deigen blir laga dagen før og blir pakka tett i plast eller ein tett behaldar før den skal brukast.

Slik gjer du

  1. Ha vatn, salt og maizenna i ein kjele. Røyr godt rundt og kok opp.
  2. Røyr heile tida til massen tjuknar og blir fastare. Prosessen skjer kjapt.
  3. Avkjøl deigen. Trykk han gjerne ut på eit bakepair, så blir den raskare avkjølt.
  4. Kna deigen godt så den blir smidig og fast.
  5. Pakk deigen inn til han skal brukast.
Illustrasjonsfoto med ingredienser og redskaper til laging av hjerteformer i silkedeig.
Foto: Martine Eidissen Nymo og Hilde Hermansen

No kan silkedeigen kjevlast ut til ca 5 mm tykkelse. Stikk ut med kakeformer og bruk sugerøyret til å laga små hol til tråden. La hjarta luft-tørke eitt til to døgn eller legg dei på ei plate i stekeovnen. Med ein temperatur på 100 grader og døra på gløtt, tørkar formene i løpet av 1/2 – 1 time, avhengig av tjukkelsen. Hjarta kan dekorerast eller berre få vera heilt kvite. Dei kan pynta opp i mange ulike samanhengar.

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.