Hjartefoto
Hjarteforma er ikkje slik som det anatomiske hjartet ser ut, men er ei form vi kan finna mange andre stader. Dersom ein er litt observant, kan det dukka opp kvar helst. Nokon gongar som eit tilfeldig mønster, andre gangar bevisst plassert på ein gjenstand og ofte kan vi finna det i naturen.
Tekst og foto: Kristin Hals Kummernes, KKS
Sjå på bilda
Start med å sjå på bilda nedanfor og finn dei forskjellige hjarta. Snakk om kva det er som kjenneteiknar denne forma og om elevane kan sjå hjarteforma i klasserommet.
Hjarter i naturen








Tilfeldige hjartar








Hjarter på forskjellige gjenstandar




Ta bilde
Bruk eit kamera, enten på telefon, iPad eller eit de har tilgjengeleg på skulen. Gå på jakt etter hjarte. Finn dykk nokon i klasserommet, i skulegarden eller kan de gå ein tur for å sjå om de finn ulike hjarteformar de kan ta bilde av?
Etter at alle har tatt eit eller fleire bilde, la elevane presentera det bildet dei er mest fornøgd med. Vel sjølv på kva måte det skal presenterast.
Desemberhjarter
Hjartet som form og symbolberar er mykje brukt i den siste månaden i året. Under Relaterte ressursar har me samla...
Sjå, skyan e krøllete! Lek og lær med foto
I dette undervisningsopplegget ser vi nærmere på hvordan et fotoprosjekt i barnehagen kan inspirere til arbeid med kunst og håndverk,...
Barn og fotografering
Fotoprosjekt i samarbeid med profesjonell fotograf. Lillevollen barnehage deltok i pilotprosjektet Bodøpiloten. Tekst og foto: Lillevollen barnehage Gjennom prosjektet Bodøpiloten...