Gå til hovedinnhold
Geometriske hjerteformer.

Illustrasjon: Hilde Hermansen

Konstruer og dekorer eit hjarte

Hjartet er fullt av symbolikk, men vi kan òg sjå på det som ei rein geometrisk form. Kvadrat, sirklar, halvsirklar, likesida og likebeinte trekantar er geometriske former elevane kjenner frå matematikken. I eit samarbeid mellom kunst og handverk og matematikk kan elevane konstruera og dekorera ulike hjarteformer.

Opplegget utfordrar elevane både når det gjeld å vera nøyaktige og tolmodige, samtidig som leiken og det kreative blir stimulert. I døma som følgjer er det vist nokre moglege måtar å konstruera og dekorera hjarteformer på. Dekoren er utført med ulike materiale og teknikkar, men her er det berre fantasien som set grenser.

Gjennomføring

  1. Konstruksjon av hjarteformer

    Her er det vist fire ulike måtar å konstruera eit hjarte på, men det finst fleire. For nokre elevar vil det vera gøy å utforska nettopp dette med konsktruksjon og geometri litt meir.

  2. Dekorer hjarteforma

Tilpass val av reiskap og teknikkar til kva den enkelte har lyst til og meistrar.
I døma under er det brukt svart tusj, farga tusj, fargeblyantar og ulike papirtypar til collage. Hjarta under er tenkt som postkort, og storleiken er tilpassa dette.

Tilleggsressurser

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.