Høgskulen i Volda, detalj. Foto KKS
KHUH 2025 – Volda
«Lærerroller i forming, kunst- og håndverk – utfordringer og muligheter» er tema for nettverkskonferansen 2025 i Nettverk for formgiving, kunst- og håndverk i UH-sektor. Høgskulen i Volda er vertskap, 27.- 28. januar 2025.
Tekst: Merete Hassel, seniorrådgiver, KKS
Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen (KKS) og Nettverk for formgiving, kunst- og handverk i UH-sektor (KHUH) inviterer til ein ny nettverkskonferanse. I januar 2025 møtast tilsette ved høgskular og universitet i Volda til framlegg av si forsking, og for å dela erfaringar frå lærarutdanning og praksis innan kunst og handverk.
Lærerroller i forming, kunst- og håndverk – utfordringer og muligheter
Tema for konferansen i 2025 er «Lærerroller i forming, kunst- og håndverk – utfordringer og muligheter». Vi inviterer til bidrag som belyser utfordringer og muligheter knytta til ulike og mangfaldige lærarroller i forming, kunst og handverk.
Call med kriteriar og kategoriar for abstrakt kjem i august.
Frist for abstrakt 1. oktober. Godkjenning i november 2024.
Arbeidsutvalet jobbar fram eit spennande program med keynote og lokale tilsnitt. Dei parallelle sesjonane med framlegg vil vera sentrale som vanleg. Nytt i år er diskusjonsbord.
Kjem til hausten.
Overnatting og reise
Hotell
Vi har tinga rom på Ivar Aasen hotell i Ørsta frå 26-28/01.2025. Pris: kr. 1290,- pr rom pr natt. Booking av rom på epost: booking.hotels@havila.no. Oppgi referanse: KHUH 2025.
Det går rutebuss ein gong i timen mellom Ørsta og Volda. Kan hende organiserar vi noko transport.
Det finnes fleire alternativ til hotell, til dømes leige privat i Volda, eller kortidsleige via studentsamskipnaden https://www.sivolda.no/korttidsleige/category1060.html.
Reise
Den enklaste reisa til Volda er med fly til Ørsta-Volda lufthamn Hovden, men det finst fleire alternativ, til dømes via Ålesund, eller med buss.
Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen (KKS) og Nettverk for formgiving, kunst- og handverk i UH-sektor (KHUH) i samarbeid med Høgskulen i Volda er arrangørar i 2025.
Vitenskapeleg komite: Eva Lutnæs, OsloMet (leder), Bente Skjelbred, HVL og Ann Hege Lorvik Waterhouse, USN.
Arbeidsutval: Janne Heggvoll og Karen Brænne, Høgskulen i Volda, Sofia Lång, Nord universitet og Merete Hassel, KKS
KKS: Spørsmål kan stilast til Merete Hassel ved Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen (KKS). Epost ragnhild.m.hassel@nord.no Tlf 75 51 79 06 / 41 22 12 24.
Høgskulen i Volda har ein rekke studietilbud innen kunst- og håndverk, flotte lokalar og verkstader. Ein dedikert fagstab ser fram til å vise fram både høgskulen samt Volda og omegn!
Meir informasjon kjem etter kvart.