Gå til hovedinnhold

Kommunikasjon? Studentarbeid av Sara Sybil Gundersen. Foto: Yrjan Olsnes, Høgskulen i Volda

KHUH 2025 – Volda

«Lærerroller i forming, kunst- og håndverk – utfordringer og muligheter» er tema for nettverkskonferansen 2025 i Nettverk for formgiving, kunst- og håndverk i UH-sektor. Høgskulen i Volda er vertskap, 27.- 28. januar 2025.

Tekst: Merete Hassel, seniorrådgiver, KKS. Foto: Høgskulen i Volda

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen (KKS) og Nettverk for formgiving, kunst- og handverk i UH-sektor (KHUH) inviterer til ein ny nettverkskonferanse. I januar 2025 møtast tilsette ved høgskular og universitet i Volda til framlegg av si forsking, og for å dela erfaringar frå lærarutdanning og praksis innan kunst og handverk.

Lærerroller i forming, kunst- og håndverk – utfordringer og muligheter

Tema for konferansen i 2025 er «Lærerroller i forming, kunst- og håndverk – utfordringer og muligheter». Vi inviterer til bidrag som belyser utfordringer og muligheter knytta til ulike og mangfaldige lærarroller i forming, kunst og handverk. Sjå Call for nærare informasjon.

Frist for å sende inn abstrakt er 1. oktober

Skjema for innsending av bidrag

Keynote

Vi har vore så heldige å finna to keynote til konferansen! Ein frå pedagogikkfeltet og ein frå kunst- og handverksfaget.

Peder Haug, professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda
Eva Lutnæs, professor i fagdidaktikk ved Institutt for estetiske fag, OsloMet og lærar ved Ener ungdomsskule.

Presentasjon og meir informasjon kjem seinare.

Sjå Call for tema, kategoriar og retningliner for abstrakt.

Frist for abstrakt 1. oktober. Godkjenning i november 2024.

Skjema for innsending av bidrag

Arbeidsutvalet jobbar fram eit spennande program med keynote og lokale tilsnitt. Dei parallelle sesjonane med framlegg vil vera sentrale som vanleg. Nytt i år er diskusjonsbord.

Kjem om ikkje så lenge.

Overnatting og reise

Hotell

Vi har tinga rom på Ivar Aasen hotell i Ørsta frå 26-28/01.2025. Pris: kr. 1290,- pr rom pr natt. Booking av rom på epost: booking.hotels@havila.no. Oppgi referanse: KHUH 2025.

Det går rutebuss ein gong i timen mellom Ørsta og Volda. Kan hende organiserar vi noko transport.

Det finnes fleire alternativ til hotell, til dømes leige privat i Volda, eller kortidsleige via studentsamskipnaden https://www.sivolda.no/korttidsleige/category1060.html.

Reise

Den enklaste reisa til Volda er med fly til Ørsta-Volda lufthamn Hovden, men det finst fleire alternativ, til dømes via Ålesund, eller med buss.

Ørsta-Volda lufthamn Hovden

Transport til / frå Hovden

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen (KKS) og Nettverk for formgiving, kunst- og handverk i UH-sektor (KHUH) i samarbeid med Høgskulen i Volda er arrangørar i 2025.

Vitenskapeleg komite: Eva Lutnæs, OsloMet (leder), Bente Skjelbred, HVL og Ann Hege Lorvik Waterhouse, USN.

Arbeidsutval: Janne Heggvoll og Karen Brænne, Høgskulen i Volda, Sofia Lång, Nord universitet og Merete Hassel, KKS

KKS: Spørsmål kan stilast til Merete Hassel ved Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen (KKS). Epost ragnhild.m.hassel@nord.no Tlf 75 51 79 06 / 41 22 12 24.

Høgskulen i Volda har ein rekke studietilbud innen kunst- og håndverk, flotte lokalar og verkstader. Ein dedikert fagstab ser fram til å vise fram både høgskulen samt Volda og omegn!

Kart over campus Volda

Volda – turisme og friluftsliv

Foto: Høgskulen i Volda. Sett frå Kaarstad-parken.

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.