Kunsten å lære
Velkomen til seminar om kunsten si rolle i skulen og samfunnet.
Bildet: Kunsten å lære 3. trinn, Søre Ål skule Lillehammer. Foto Mariann Bjelle
Tid og stad: Torsdag 7. september 2023 hjå Kulturtanken, Gullhaug torg 2, Nydalen i Oslo
Seminaret vil løfte fram ulike sider av det internasjonale prosjektet Kunsten å lære gjennom foredrag, utstilling og samtaler, og innehalde møte med deltakarar, prosjektgruppe og forskarar.
Vi vil saman løfte fram viktige problemstillingar knytt til kunsten si rolle i skulen og i samfunnet. Gjennom Kunsten å lære har vi samla erfaringar om elevmedverknad, skuleutvikling, elevane si utvikling gjennom kunst, samarbeid mellom kunstnarar og lærarar, performativ læring, djubdelæring, eit inkluderande klasserom, samt praktiske og estetiske læringsprosessar. Desse vil vi dele og diskutere denne dagen, saman med dykk.
Kunsten å lære er eit samarbeid mellom ei rekkje aktørar, mellom anna Innlandet fylkeskommune, Høgskolen i Innlandet, Creativity, Culture and Education (Storbritannia), T-Tudok (Ungarn) og Kulturtanken. Sjå alle samarbeidspartnare her.
Program og meir om seminaret finn du på nettstaden hjå Kulturtanken
Påmelding
Frist for påmelding: 1. september.
Lær meir om prosjektet:
Les artiklar: