Gå til hovedinnhold

Kan ein male med eit bankkort?

I dette undervisningsopplegget i kunst og handverk lærer elevane å blande fargar med utgangspunkt i dei tre primærfargane, samt om omgrepa kalde og varme fargar. Elevane vil lære om proporsjonar og perspektiv og få erfaring med ulike maleteknikkar. Undervisningopplegget gir dømer på korleis undervisninga kan tilretteleggast for elevar med behov for ekstra støtte.

Tekst: Kari Halse Brekke, tidlegare lærar i grunnskulen. Foto: Brekke og KKS

Aktivitet og mål for undervisningsopplegget

Elevane vil lære om proporsjonar og perspektiv og få erfaring med ulike maleteknikkar som til dømes bruk av pensel, svamp, maskeringsteip og plastkort.

  • Lære om fargesirkelen ved å blande fargar med utgangspunkt i primærfargane.
  • Male eit sommarbilde og eit vinterbilde, og via denne aktiviteten oppleve meistringsglede og lære om omgrepa kalde og varme fargar, samt lære å bruke ulike teknikker/ materiell undervegs i maleprosessen.

I framstillinga her vil det verte gitt dømer på korleis undervisninga kan tilretteleggast for elevar med særskilte behov.

Tolvdelt fargesirkel.
Mal og ferdig utfylt fargesirkel frå Torso kunstartiklar.

Materiell

  • A3-ark til fargesirkel; tjukke teikneark
  • Papptallerk ev. kladdeark til å blande fargar på
  • Lerretsplater ev. lerret som er strekt over ramme; t.d. 24*30cm
  • Akrylmaling
  • Penslar
  • Gamle syltetøyglas til vatn
  • Svampar, bruk gjerne skuresvampar som klippast opp i bitar; ca. 3*3 cm
  • Maskeringsteip
  • Plastkort, til dømes bankkort som er utgått på dato
  • Svart tusj til signering av kunstverka
  • Voksduk for å hindre søl på pulter/ bord
  • Våtserviettar og/ eller fuktige klutar for reinhald undervegs

Kjøp inn / finn fram aktuelt materiell, sjå ovanfor.

Søk på nettet: Ittens fargesirkel, då vil du mellom anna få opp: Torso.no. Der kan du laste ned mal og sjå døme på ferdig utfylt fargesirkel. Der finn du og teori om primær, -sekundær og tertiærfargar, samt at du finn bilder som viser korleis sirkelen ser ut når den er ferdigmala. Jfr. illustrasjon i innleinga.

Mange elevar vil nok oppleve det vanskeleg å overføre skissa av fargesirkelen til sitt eige teikneark. Dette kan du som lærar tilpasse ved å gi dei elevane som treng det, fargesirkelen ferdig skissert/ trykt på tjukt teikneark i A3-format.

Lær om fargesirkelen og mal sjølv

Male sin eigen fargesirkel. Foto: KKS

Samtale om fargar

Start gjerne med ein samtale om fargar generelt. Tilpass samtalen til den elevgruppa du har i lag med deg. I ei gruppe/ klasse kan det vere elevar med svært ulikt funksjonsnivå. Det vert derfor viktig å stille ulike typer spørsmål. Til dømes vil ein elev kunne fortelje om rekkefølga på fargane i regnbogen, medan ein annan har utfordring nok med å seie kva slags farge ho/ han liker best.

Etter kvart kan du utfordre elevane til å tenke på fargane i naturen. Gå gjerne ut, eller sjå ut av vindauge, for å gjere elevane merksame på dei ulike fargenyansane som er der. Dersom undervisninga skjer i sommarhalvåret, vert det naturleg å først snakke om kva slags fargar vi ser i naturen på denne tida. Deretter kan lærar og elevar lukke auga og tenke attende på den kalde årstida; vinteren, kva slags fargar bruker vi å sjå i naturen då? 

Alternativ og supplerande kommunikasjon

Det er viktig at du som lærar kjenner elevane og kan støtte den einskilde i å kunne fortelje litt eller mykje, utifrå sine føresetnader. Til dømes dersom det er elevar i gruppa som bruker ASK (Alternativ og Supplerande Kommunikasjon), vert det viktig at lærar legg til rette for dette, ved til dømes på førehand ha laga ei tematavle om fargar, og/ eller på førehand øva inn teikn for dei ulike fargane, osv.

Før arket med fargesirkelen vert delt ut, kan du kort fortelje om korleis denne skal fyllast ut. For elevar som er klare for meir avansert fargeundervisning, kan du gjerne bruke omgrepa primær- sekundær og tertiærfargar. Men for nokre elevar kan desse omgrepa vere for abstrakt og dermed ikkje gi meining.

I grupper der det er elevar med særskilte behov, vil eg tilrå at du rettleiar elevane steg for steg gjennom maleprosessen. Dvs. at du sjølv maler din eigen fargesirkel, og såleis viser -steg for steg – korleis dei ulike fargane vert blanda. Sett ord på prosessen undervegs og involver elevane i undring over kva farge som vil verte skapt. Til dømes: Kva farge trur du vi får nå vi blandar gult og blått? Det er viktig at alle har eit eige ark eventuelt papptallerk til å blande fargar på, før dei maler fargen inn i sirkelen. Jobb frå innerst i sirkelen og utover. Bruk god tid på denne prosessen, slik at elevane opplever å lykkast med både blandingsforholda og plassering av fargar i sirkelen.

Når alle elevane har mala ferdig sin fargesirkel, er det aktuelt å ta ein liten samtale om prosessen og produktet. Kva slags fargar har vi skapt ved å bruke dei tre primærfargane? Kva side av fargesirkelen synest du ser varmast og ev. kaldast ut? Dei fleste vil nok oppleve høgre halvdel av sirkelen som den varme sida og den venstre som den kalde.

Før du avslutter denne økta om fargesirkelen, er det ein fin overgang å snakke om at dei varme fargane passer best når vi i neste økt skal male eit sommarbilde og dei kalde fargane passer best når vi så skal male eit vinterbilde.

Forarbeid og tilrettelegging for å male eigne bilder

I dei fleste klasser/ grupper, er det elevar som av ulike årsaker strever med finmotorikken. Det kan også vere elevar som strever med konsentrasjon og/ eller har store utfordringar når det gjeld både kognisjon og/ eller anna. For at desse elevane skal lykkast betre med komposisjonen/ motivet som skal malast, kan du som lærar gjere følgande:

Maskeringstape og horisontlinjer

Bruk blyant og strek opp horisontlinja. Bruk maskeringsteip for å dekke til der bjørkestammane skal malast. Lim gjerne eit par teipremser i ca 2-3 cm bredde frå nederste del av lerretet og to-tre smalare teipremser litt lenger inne på lerretet. Dette er med å skape perspektiv/ djupne i bildet. Sjå illustrasjon under. Dei elevane som kan mestre dette sjølv, treng kun ein kort gjennomgang av korleis dette forarbeidet til maleprosessen kan gjerast. Samtal gjerne om kvifor vi skal ha dei smalaste bjørkene bakerst. Til elevar med god språkforståing må du gjerne bruke omgrepa kontrast, skugge, proporsjonar og perspektiv. Til yngre elevar/ elevar med lågare språkforståing, kan du tilpasse språkbruken slik at den vert meir konkret. T.d.: «Sjå ut, kva slags tre ser størst ut, dei som er nær deg eller dei som er langt unna?….»

Lerret med horisontlinje og maskeringsteip. Foto: Brekke

Når det gjeld utvalg av maling til dette maleprosjektet, så kan du vurdere om elevane skal blande seg fram til alle fargenyansane med utgangspunkt i dei tre primærfargane samt kvitt og svart. Dette vil for mange elevar vere lærerikt og interessant. Men for elevar som har funksjonsutfordringar, kan det gjerne leggast til rette for at dei kan velge mellom eit større utval av fargar og dermed hoppe over den meir tidkrevande prosessen å blande dei fargane dei ønsker seg.

Rettleiinga frå lærar til elevar i denne maleaktiviteten, må tilpassast den elevgruppa du er i. Dersom elevane har god erfaring med maling frå tidlegare og har dugleik til å kunne arbeide sjølvstendig, kan du gå igjennom dei ulike maleteknikkane i starten av økta, slik at elevane kan arbeide relativt sjølvstendig medan du går rundt i klasseromet og rettleier etter behov undervegs. Men erfaringsvis er det ofte fleire i klassa / gruppa, som treng meir «steg-for steg» -rettleing. Altså at lærar viser ein teknikk om gangen, som elevane får praktisere, før neste teknikk/ oppgåve vert gjennomgått. Ein slik steg-for steg- undervisning for å vise fargevalg og bruk av ulike teknikkar, kan gjerast slik:

Vis fram pensel, svamp og plastkort og fortell at alle desse tinga skal brukast når bildet skal lagast. Det går an å male eit heilt bilde med kun pensel, kun svamp eller kun plastkort. Men her skal det øvast på å bruke dei tre ulike teknikkane på tre ulike deler av maleriet.

Sommarbilde

Lag din eigen sommarhimmel

Vi skal først male himmelen, og då skal vi bruke pensel. Snakk saman om kva fargar som kan vere på himmelen om sommaren. Bruk tid sik at elevane får blande saman dei fargenyansane dei ynskjer å bruke. Dersom du har elevar som har vanskar med å sette i gang med maleaktiviteten, så gir du starthjelp, og hjelp undervegs, etter behov.  Det smarte med at vi har teipa over der bjørkene seinare skal malast, er at elevane kan dra penselen over heile lerretet, utan å vere redd for å «søle til» bjørkestammane.

Når alle elevane har mala ferdig himmelen, kan det vere lurt å ta ei lita pause, slik at malinga tørkar litt før neste steg.

Marka og bakken – fargar og perspektiv

Før elevane set i gang med å male marka/ bakken, bør du samtale med elevane om kva fargar vi kan sjå ute om sommaren. Inspirer elevane til å blande/ finne «sommarfargar» som dei likar ekstra godt. Når elevane har funne fram fargane dei vil bruke, så demonstrerer du teknikken med å male med svamp: Dypp den vesle svampen i maling og trykk den på lerret rundtomkring der du ønsker at den aktuelle fargen skal vere. Det kan vere lurt at elevane øver på denne teknikken på eit kladdark, før dei går i gang med svampen på lerretet. Observer elevane og gi individuell støtte og hjelp der du ser det trengs. Snakk gjerne om dette med perspektiv; korleis ser vi det som er nært oss i høve til ting som er langt unna?  Vis gjerne at det som er lengst framme på bildet gjerne er større, kan ha sterkare fargar og innehalde fleire detaljar i høve til det som er i bakgrunnen.

Når elevane har fullført å dekke marka/bakken med ulike «sommarfargar», er det igjen naturleg å ta pause slik at malinga tørkar. Det er viktig at malinga er heilt tørr før teipen skal takast av.

Male med svamp. Foto: KKS

Kan ein male med eit bankkort?

Samtale om korleis bjørkestammer ser ut. Kva slag fargar treng vi no?  Du fortel at vi skal male bjørkestammane ved å bruke plastkort/ bankort. Vis korleis dette gjerast ved å ta litt brun, grå og svart maling på eit ark.  Øv gjerne på eit kladdark før du gjer dette på lerretet. Dypp plastkortet i malinga, og dra kortet forsiktig frå den eine til den andre sida av stammen. Gjenta dette til heile stammen har fått fine tversgåande fargestriper. På same måte som tidlegare i dette maleprosjektet, er det viktig at du tilpassar språket og gir individuell støtte og hjelp der du ser det trengs, slik at alle elevane opplever meistring undervegs.

Male med eit bankkort. Foto: KKS
Foto: KKS

Vinterbilde

Når elevane i neste økt skal male same motivet med vinterfargar, vil gjennomgangen av dei ulike teknikkane fungere som ein god repetisjon, og såleis gi elevane enda større grad av meistringsglede.

Male bakgrunn. Foto: KKS
Vinterbilde. Foto: KKS

Signering og utstilling

Når sommar- og vinterbilda har tørka, høyrer det med å signere bilda.

Bilda bør òg stillast ut, det vil oftast gjere skaparane stolte og skape glede for andre.

Utstilling. Sommerbilder. Foto: KKS
Vinterbilder. Foto: KKS

I LK20 kan vi lese mykje om tilpasning og tilrettelegging, til dømes i «Overordnet del» står følgande: «Tilpasset opplæring gjelder alle elevene og skal i størst mulig grad skje gjennom variasjon og tilpasning til mangfoldet i elevgruppen innenfor fellesskapet».

I kapittelet om tilpassa opplæring, er det ei lenke med overskrifta: «Tilrettelegging for barn og elever med behov for ekstra støtte». Her vert det mellom anna gjort greie for ulike måtar å tilrettelegge på: Pedagogisk, fysisk, teknisk og sosial tilrettelegging.  Alle desse formene for tilrettelegging er viktig å ha i tankane i all undervisning. Eg vil påstå at i praktiske aktivitet som maling er det stor sjanse for å lykkast med alle desse formane for tilpasning, og elevane vil vise at du som lærar har lykkast med dette ved at dei viser meistringsglede.

Les og om tilpasning under dei ulike aktivitetane.

Torso kunstartikler, (2023, 12. mars). Fargelære med Ittens fargesirkel https://www.torso.no/fargelare-ittens-fargesirkel

Kunnskapsdepartementet (2017). Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/verdier-og-prinsipper-for-grunnopplaringen/id2570003/

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.