Foto: Marit Zimmermann Andersen
Hjarte av bjørkekvister
Å laga hjarte av ferske greiner er ein fin og enkel aktivitet som kan gjerast heile året. Det krev lite utstyr, og materiala finn du i skog og hagar. Berre hugs å spørja eigaren av skogen eller hagen om å få klippa nokon greinar først.
Tekst: Marit Zimmermann Andersen
I dette dømet er det brukt bjørk til å forma eit hjarte. Bjørka er mjuk, ho er lett å bøya og har ofte små fine kvister på greinene som gjer at hjarta blir lubne og fine. Også andre treslag kan brukast.
Steg 1
Leit fram det utstyret og dei verktøya som trengst, illustrasjon (ill.) 1. Finn deg to fine bjørkekvister som er omtrent like tjukke og like lange. Sjekk at greinene er mjuke nok ved å bøya dei heile vegen. Knekkar dei må du finna nye.
Steg 2
Klipp av ei god lengd med hyssing og bind greinene saman i den enden du klipte dei av. Det gjer du ved å surra tråden 2 gonger rundt og knyta dei stramt saman med ein dobbel knute. Ikkje klipp av endene, dei skal du bruka vidare, sjå ill. 3. Dette blir spissen på hjartet ditt.
Tips: Ikkje klipp hyssingen for kort, det er mykje lettare å stramma knuten om du har litt gode endar å halda i. Kan du knyta båtsmannsknop er det ein super knute å bruka her.
Steg 3
No skal du bøya den andre enden av greinene til kvar si side og samla dei i nede i spissen. Har du lange endar igjen frå den første knuten bruker dei til å knyta. Viss ikkje tek du ein ny tråd. Surr eit par gonger rundt og stram godt med dobbelknute eller båtsmannsknop, ill. 4.
Tips: For å samla småkvistene på bjørkegreinene kan det vera lurt å vri greinene rundt før du bøyer dei. Om du ikkje vil samla dei får du eit rufsete hjarte, det kan vera like fint.
Steg 4
Form hjartet ditt til du er fornøgd og knyt ein tråd rundt der du vil kløfta i hjartet skal vera, ill. 5.
Tips: Ikkje klipp av endene, men knyt dei saman på baksida av hjartet så har du hempe å hengja hjartet opp i.
Steg 5
Pynt hjartet ditt med fargerike kvister, bær, kongler eller det du måtte finna, sjå til dømes ill. 6 og 7. Knyt på ei sløyfe eller to til dekor, ill. 8
Tips: Bjørkehjarter er like fine år etter år. Pynten visnar kanskje og sløyfene falmar, men det byter du enkelt ut med noko som passar til årstida.
Desemberhjarter
Hjartet som form og symbolberar er mykje brukt i den siste månaden i året. Under Relaterte ressursar har me samla...
Brodert hjerte med QR-kode
Et urgammelt symbol, en tradisjonell tekstilteknikk og en moderne kode for optisk lesing av data. Hva får du da? Jo,...
Hjerter i ull
Toving av ull er en eldgammel håndverksteknikk. Prosessen, der ullfiber omdannes til et sammenhengende materiale, er fascinerende. Hendenes arbeid med...
Hjerteskjærende
Vaffelhjerte, sovehjerte, hjertesorg og hjertebank, hjertevarm og hjerteløs, hjertevenn og hjerte/smerte…. Denne oppgaven, Hjerteskjærende, handler om håndverksferdigheter og design av...
Hjertespråk
I denne kalenderluka slår vi et slag for språkmangfold og inkluderende fellesskap. En vegg fylt av hjerter med hjerte skrevet...
Origamihjerte
Papir er et materiale som er lett tilgjengelig og som lett kan formes til fin pynt, enten du vil bruke...
Prinsessen som gikk til jordens hjerte
Eventyret om Prinsessen som gikk til jordens hjerte er skrevet av Regine Normann. Vi finner mange av de typiske trekkene...
Trykk et hjerte!
Monotrykk er en grafisk teknikk som gir ett enkelt trykk, i motsetning til andre trykkteknikker som gir flere trykk fra...
Hjertedikt
Hjertet brukes ofte som symbol for følelser som kjærlighet, sorg og glede. Det kan være gjennom ord, bilder og handling....
Mitt hjerte alltid vanker
Mitt hjerte alltid vanker er en kjent og kjær julesang; en salme som ble skrevet av prest og dikter Hans...
Julesanger som står hjertet nært
Vi finner kanskje ikke mange julesanger med ordet hjerte i teksten, men et sentralt tema i sangene er nestekjærlighet, glede og fred,...
Hjarte i silkedeig
Dekorative hjarte i silkedeig kan brukast i mange høve. Dei er enkle å laga for små barn, så vel som...
Hjartefoto
Hjarteforma er ikkje slik som det anatomiske hjartet ser ut, men er ei form vi kan finna mange andre stader....
Konstruer og dekorer eit hjarte
Hjartet er fullt av symbolikk, men vi kan òg sjå på det som ei rein geometrisk form. Kvadrat, sirklar, halvsirklar, likesida...