Planking – korleis og kvifor?
Set av torsdag 30. oktober 2025, kl. 09.00–13.30! Då inviterer Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa, i samarbeid med Molde kulturskule, til workshop i planking.
Arrangementet er gratis og ope for alle, og finn stad på Molde kulturskule, Fridtjof Nansens gate 7. Målgruppa er blant annet elevar, lærarar, skuleeigarar. Påmelding for elevar går via læraren, og fristen for påmelding er 22. oktober.
Planking er ei form for musikalsk imitasjonslæring og utvikling av musikalitet, og er vanleg blant improviserande og andre gehørbaserte utøvarar. Stadig fleire musikarar og pedagogar oppdagar at metoden fungerer godt i ulike sjangrar og på ulike nivå. Difor passar workshopen for alle som underviser i musikk – uavhengig av musikalsk bakgrunn, interesse eller forkunnskapar.
Bidragsytarane er Jenny Frøysa, Peder Overvik Stuberg, Mattias Solli – og NTNU Jazzlinja-nestorane Erling Aksdal og John Pål Inderberg.
Lær meir om korleis du går fram for å planke og sjå ein video i ressursbasen.