Gå til hovedinnhold
Tilpassa musikkopplæring SKUG

SKUG-senteret, Tromsø kulturskole

Tilpassa musikkopplæring med musikkteknologi

Ved å ta i bruk ein kombinasjon av datateknologi, tilgjengelegsteknologi og musikkteknologi er det ingen grenser for kven som kan få undervisning i musikk. SKUG-senteret ved kulturskulen i Tromsø er eit ressurssenter for spesielt tilpassa musikkundervisning. I denne artikkelen skriv Elin Skogdal og Einar Berg-Olsen ved SKUG-senteret i Tromsø om tilpassa musikkopplæring i skule og kulturskule.

Tekst: Elisabeth Misvær og Merete Hassel, KKS, Elin Skogdal og Einar Berg-Olsen, SKUG

Kulturskulen i Tromsø kommune har historie tilbake til 1955. Skulen er i dag eit fagsenter for musikk,dans, teater, samtidssirkus, visuell kunst og tverrfagleg tilbod. Skulen har og eit ressurssenter for funksjonshemma elevar, SKUG (samspel og komponering utan grenser).

SKUG-senteret viste fram sitt arbeid på senteret sin konferanse SamBa 2015 i Kristiansand. Senteret arrangerte seinare seminaret «Tilpasset opplæring og kunstfagene» i Tromsø i 2016, i tett samarbeid med SKUG-senteret.

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen (KKS) skal bidra til økt kvalitet i kunst- og kulturfagene i barnehage og grunnopplæringa, og til at barn, unge og voksne kan få ein likeverdig og tilpassa opplæring av høg kvalitet i eit inkluderende fellesskap.

SKUG-senteret

SKUG-senteret ved kulturskulen i Tromsø er eit ressurssenter for spesielt tilpassa musikkundervisning. Ved å ta i bruk ein kombinasjon av datateknologi, tilgjengelegheitsteknologi (for eksempel brytarar) og musikkteknologi er det ingen grenser for kven som kan få undervisning ved SKUG-senteret. Sidan prosjektstarten i 2003 og opninga av SKUG-senteret i 2007 er det blitt utvikla ein spesialkompetanse som er på høgde med det beste i verda, og dessutan unik i norsk samanheng. SKUG-senteret har i dag rundt 20 elevar som kvar veke får undervisning. Lærarressursar blir selde til Universitetet i Tromsø, og det har vore og blir gjennomført prosjekt i barnehagar og skular i Tromsø kommune. SKUG-senteret er i tillegg ein del av eit forskarnettverk ved Universitetet i Huddersfield, der dei deler og utviklar ny kunnskap innanfor fagfeltet tilpassa musikkteknologi. Elevane har enkelttimar, speler i band eller grupper og tek del i samspel og på konsertar i regi av kultursuolen. Målet er at alle som ønskjer å lære å spele, skal få høve til det uavhengig av funksjonsnedsetjingar. Ved å bruke spesielt tilpassa musikkprogramvare som kan styrast med brytarar, rørslesensorar, keyboard, spelkontrollar eller iPad, er det mogleg for alle å lære å spele eit instrument sjølvstendig.

To av lærarane ved SKUG-senteret, Einar Berg-Olsen og Elin Skogdal, har skrive eit kapittel i boka «Inkluderende praksis». Dette kapittelet handlar om arbeidet som er gjort ved SKUGsenteret og dei moglegheitene som er skapt av utviklingsarbeidet ved Tromsø Kulturskole. I januar 2015 fullførte Skogdal og Berg-Olsen ein master i «Funksjonshemming og deltakelse» ved Høgskolen i Harstad med masteroppgåva «Mulighetenes musikk».

«Flame Wheels» Foto: SKUG-senteret, Tromsø kulturskole  

Tilpassa musikkopplæring – samarbeid og kunnskapsdeling

Det er ingen som har tenkt på, ikke engang tenkt på å legge til rette. Jeg går på ungdomsskolen. Der har faktisk jeg måttet bringe det frem selv. Jeg måtte si til ledelsen at jeg synes jeg bare sitter her og ikke gjør noen ting i musikkundervisningen. Kan dere vennligst ta tak i det. Og siden i 9. klasse så er musikk avgangsfag, og jeg vet ikke om jeg får dårligere karakter i musikk fordi jeg ikke kan gjøre noe praktisk i faget. Jeg gjør det kjempebra teoretisk i musikk, men føler fortsatt at jeg ikke får vist hva jeg kan fordi jeg ikke kan gjøre det praktiske.

Mathias, 9.kl., Tromsø

Dette er eit sitat frå eit intervju med Mathias i 9. klasse. Han har fysiske
funksjonsnedsetjingar som gjer at han ikkje kan spele tradisjonelle musikkinstrument. Vidare i intervjuet skildrar han korleis han opplever at lærarane har gode intensjonar, men han meiner samtidig at dei manglar kunnskapar og pengar for å leggje musikkundervisninga til rette. Mathias veit sjølv at det er mogleg å leggje til rette for aktiv deltaking fordi han har vore musikkelev ved SKUG-senteret på Kulturskulen i Tromsø gjennom mange år. Han speler i bandet Flame Wheels, som øver gjennom heile året og tek del på konsertar og framsyningar i samarbeid med andre elevar frå kulturskolen. Instrumentet til Mathias er ein xylotouch. Instrumentet er utvikla av SKUG-senteret for å gi Mathias gode høve til å spele alle typar musikk og til å spele med musikalsk uttrykk. Med eit fleksibelt instrument kan musikkelevar som Mathias ta aktivt del også i den praktiske delen av musikkundervisninga.

Når Mathias så klart peiker på behovet for tilrettelegging og manglande kunnskap, bør vi kanskje gripe dette som ei oppmoding om, og eit høve til, eit tettare samarbeid mellom kulturskulen og grunnskulen. Kunnskapsdeling gjennom felles prosjekt og kurs kan gjere det mogleg for elevar som Mathias å ta aktivt del i musikkundervisninga ved skolen.

Musikkteknologi

Musikkteknologi kan gi spennande musikkinstrument å utforske for alle elevar. Vegen til å skape musikk er kortare enn viss ein må bruke musikkinstrument som krev mykje motorisk øving for å meistre sjølve instrumentet. Dette blei prøvd ut i eit samarbeidsprosjekt med ein grunnskule i Tromsø der vi som musikkpedagogar frå kulturskulen samarbeidde med to klasselærarar/musikklærarar om å øve inn nokre songar som skulle framførast for andre elevar ved skolen, da prosjektet blei avslutta. Klassane hadde nokre elevar med funksjonsnedsetjingar, og vi valde derfor at alle elevane skulle få høve til å spele på tilpassa instrument. Instrumenta var bygde opp av ulike brytarar og rørslesensorar. Elevane øvde på samspel, og alle fekk vere solistar som improviserte. Før møtet med heile klassen hadde fire–fem elevar med funksjonsnedsetjingar øvd på songane for seg sjølv. I møtet med heile klassen kunne dei vise dei andre korleis ein kan spele, og elevane lét seg lett inspirere til å kaste seg ut i improvisasjonar der dei kunne spele på brytarar med hovud, olbogar eller ein fot. Alle elevane spelte saman og støtta dei som spelte solo, med tilrop som «kom igjen!», «spel meir!» og «jaa!». Ein av elevane med funksjonsnedsetjingar strålte da ho spelte steeldrum-soloen sin med hovudbrytar, samtidig som ein gjeng med klassekameratar kom med støttande tilrop.

Musikkteknologiske musikkinstrument verka spesielt tiltalande for ein del gutar som med stor entusiasme lurte på kvar i all verda vi hadde fått tak i slike instrument, og om dei kanskje kunne få spele meir på dei. Mathias peikte på manglande kunnskap og økonomi som hovudgrunnar for manglande tilpassing. Erfaringa vår frå samarbeidsprosjekt mellom grunnskule og kulturskule er at dette ikkje treng å vere så kostnadskrevjande. Det finst mykje god kompetanse i både grunnskulen og kulturskulen som gjennom deling og samarbeid kan utviklast og skape nye moglegheiter i musikkundervisninga.

Det finst mykje god kompetanse i både grunnskulen og kulturskulen som gjennom deling og samarbeid kan utviklast og skape nye moglegheiter i musikkundervisninga.

Artikkelen er ein revidert versjon av eit bidrag i heftet «Kulturskolen som lokalt ressurssenter» (2016).

Referansar

Anderson, T. (2015). In from the margins – enabling people with disabilities to learn and create music. InFormation: Nordic Journal of Art and Research, 4(2). https://doi.org/10.7577/if.v4i2.1552

Berg-Olsen, E. (2015). Marginale røster i musikkrommet: Mulighetenes Musikk. InFormation: Nordic Journal of Art and Research, 4(2) http://dx.doi.org/10.7577/if.v4i2.1543

Lundh, L., Hjelmbrekke, H., & Skogdal, S. (2014). Inkluderende praksis: Gode erfaringer fra barnehage, skole og fritid. Oslo: Universitetsforlaget

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen (2016). Kulturskolen som lokalt
ressurssenter
 https://kunstkultursenteret.no/sites/k/kunstkultursenteret.no/files/2df347a27 df2d69 5 d405f605a4d5b89.pdf

Skogdal, E. (2015). Hvem får være musikkelev? – kunstdidaktisk eller terapeutisk ståsted? InFormation : Nordic Journal of Art and Research, 4(2), 1-20. http://dx.doi.org/10.7577/if.v4i2.1542

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.