Kulturskolen som lokalt ressurssenter

Dette heftet er utvikla for å inspirere til meir samarbeid mellom kulturskolen og grunnopplæringa i kommunen. Vi ønsker å medverke til å utvikle kulturskolen vidare som lokalt ressurssenter.
Kulturskolen skal samarbeide med skole- og kultursektoren og medverke til at elevane får styrkt kompetansen og høvet til å utfalde seg kulturelt i lokalsamfunnet.
Det inneber at kulturskolen har eit forpliktande samarbeid med barnehagar, grunnskolar, vidaregåande skolar, lokalt kulturliv og profesjonelle aktørar innanfor kunst- og kulturformidling.
Heftet presenterer tre kulturskolar som har hatt gode prosjektar i samarbeid med skoleverket.
Tolga kulturskole
Samhandling med grunnskolen.
Fleirkultur, inkludering og leiarforankring.
SKUG-senteret ved Kulturskolen, Tromsø kommune
Samspel og komponering utan grenser
Eit ressurssenter for spesielt tilpassa musikkundervisning.
Bodø kulturskole
Bodø-piloten – ein modell for samhandling.
Samarbeid kulturskole–grunnskole sett frå eit leiarperspektiv.
BestillingHeftet kan ikkje berre lastes ned (sjå under Vedlegg), men kan også tingast i trykt versjon frå oss. |
Relaterte ressurser
Det gjemmer seg i deg – selvportretter og drømmer
En DKS-produksjon med kunstpedagogene i kulturskolen for 1. trinn. Produksjonen er en workshop, hvor barna inspireres til å uttrykke tanker...
Tilpassa musikkopplæring med musikkteknologi
Ved å ta i bruk ein kombinasjon av datateknologi, tilgjengelegheitsteknologi og musikkteknologi er det ingen grenser for kven som kan...