iframe{width:100%;}table a {display: inline-block;} Gå til hovedinnhold
Glade elever i klasserom vrimler

Bok på 1-2-3 i klasserommet. Foto Nynorsksenteret

Bok på 1-2-3

Bok på 1-2-3 er tverrfaglege undervisingsopplegg til gode, nynorske bøker. Dei er utvikla av Nynorsksenteret. Opplegga er prega av leik, undring og læreglede, og er utforma slik at dei er enkle å ta i bruk i klasserommet.

Tekst: Guro Kristin Gjøsdal, høgskulelektor, Nynorsksenteret / Merete Hassel, seniorrådgjevar, KKS

Ta nynorsk i bruk!

Nynorsk bygger på dialektane våre, og er eit demokratisk og folkeleg fenomen. Vi lærer nynorsk som sidemål, hovudmål eller som innvandrar allereie frå 1. eller 2. trinnet i opplæringa. Norsk = nynorsk + bokmål, og norskfaget er i alle fag.

Det nynorske språket har både ein praktisk og estetisk dimensjon. Vi erfarer at sjølv om ein kjem frå ulike delar av Noreg og verda kan ein oppleve å finne aspekt av seg sjølv i språket. Nynorsk er eit funksjonelt og levande skriftspråk, som kan brukast i alle samanhengar. Bok på 1-2-3 gjer det enkelt å ta språket i bruk! Ta ei bok på 1-2-3, då vel!

I Bok på 1-2-3 spelar skulefaga på lag der det er naturleg. Satsinga legg vekt på praktiske og estetiske læreprosessar, og er godt forankra i LK20

Guro Kristin Gjøsdal, prosjektleiar for Bok på 1-2-3

Guro Kristin Gjøsdal, prosjektleiar for Bok på 1-2-3 ved Nynorsksenteret

Tverrfagleg og lett tilgjengeleg

Bok på 1-2-3 gir deg fiks ferdige undervisningsopplegg. Dei viser korleis du kan bruke den utvalde boka tverrfagleg, med god nynorskdidaktikk i grunnmuren. I Bok på 1-2-3 spelar skulefaga på lag der det er naturleg. Satsinga legg vekt på praktiske og estetiske læreprosessar, og er godt forankra i LK20.

I Bok på 1-2-3 får du ei omtale av boka, rettleiing til utstyr og førebuing, og forslag til gjennomføring og aktivitet før, under og etter lesinga. Fag, formål og tverrfaglege tema kjem tydeleg fram i strukturen. Nynorsksenteret viser også til passande ressursar frå andre nasjonale senter, og er glade for det gode og tette samarbeidet med Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa.

For at det skal vere ekstra lett å ta opplegga i bruk, ligg mange av bøkene ein periode ute til gratis strøyming. Nokre av opplegga inneheld innlesingar. Hugs at alle kan lese nynorsk. Høgtlesinga er med på å bade elevane dine i den rike, nasjonale språkkulturen som nynorsk er. Kos dykk!

Opplegga er utvikla for 1.- 7. trinn, men kan og tilpassast eldre elevar. Under finn de bilete av nokre PDF’ar frå Nynorskenteret.

Nokre eksempel

Bokstavsommaren. Av Erna Osland og Inger Lise Belsvik. Tverrfagleg uteopplegg for 1.–2. klasse i faga norsk, naturfag og kunst og handverk.

Tonje Glimmerdal. Skriven av Maria Parr og illustrert av Åshild Irgens. Tverrfagleg opplegg i norsk, musikk og kunst og handverk 1.–7. trinn

Eg og Pontus går for gull. Av Odd Nordstoga og Rune Markhus. Undervisingsopplegg for 3.–7. trinn i faga norsk, kroppsøving og musikk.

Arkimedes og brødskiva. Skriven av hans Sande og illustrert av Gry Moursund. Tverrfagleg opplegg for 1.–4. trinn i faga norsk, matematikk og naturfag og for 5.–7. trinn i faga norsk, engelsk og naturfag.

Himmelspringaren. Av Sissel Horndal. Dette er eit tverrfagleg opplegg for 1.–4. trinn i norsk, KRLE og kunst og handverk med utgangspunkt i temaet «folkehelse og livsmeistring».

Jakob og Neikob og det tomme rommet. Av Kari Stai. Tverrfagleg opplegg for 1.–4. klasse i faga norsk, samfunnsfag og musikk.

Eit hjarte til jul. Av Line Dybedal og Line Renslebråten. Tverrfagleg undervisingsopplegg for 1.–4. trinnet i norsk, KRLE og kunst og handverk.

Foto frå opplegget knytta til boka Arkimedes og brødskiva, med løyve til bruk frå Nynorsksenteret..

Les meir og sjå ein video om Bok på 1-2-3 på Nynorsksenteret si nettside

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.