Bok på 1-2-3 Nynorsksenteret. Guro Kristin Gjøsdal, prosjektleiar for Bok på 1-2-3. Foto Nynorsksenteret
Bok på 1-2-3
Bok på 1-2-3 er tverrfaglege undervisingsopplegg til gode, nynorske bøker. Dei er utvikla av Nynorsksenteret. Opplegga er prega av leik, undring og læreglede, og er utforma slik at dei er enkle å ta i bruk i klasserommet. Musikk, drama og kunst og handverk er sentrale i mange av opplegga.
Tekst: Guro Kristin Gjøsdal, høgskulelektor, Nynorsksenteret / Merete Hassel, seniorrådgjevar, KKS
Ta nynorsk i bruk!
Nynorsk bygger på dialektane våre, og er eit demokratisk og folkeleg fenomen. Vi lærer nynorsk som sidemål, hovudmål eller som innvandrar allereie frå 1. eller 2. trinnet i opplæringa. Norsk = nynorsk + bokmål, og norskfaget er i alle fag.
Det nynorske språket har både ein praktisk og estetisk dimensjon. Vi erfarer at sjølv om ein kjem frå ulike delar av Noreg og verda kan ein oppleve å finne aspekt av seg sjølv i språket. Nynorsk er eit funksjonelt og levande skriftspråk, som kan brukast i alle samanhengar. Bok på 1-2-3 gjer det enkelt å ta språket i bruk! Ta ei bok på 1-2-3, då vel!
I Bok på 1-2-3 spelar skulefaga på lag der det er naturleg. Satsinga legg vekt på praktiske og estetiske læreprosessar, og er godt forankra i LK20
Guro Kristin Gjøsdal, prosjektleiar for Bok på 1-2-3
Tverrfagleg og lett tilgjengeleg
Bok på 1-2-3 gir deg fiks ferdige undervisningsopplegg. Dei viser korleis du kan bruke den utvalde boka tverrfagleg, med god nynorskdidaktikk i grunnmuren. I Bok på 1-2-3 spelar skulefaga på lag der det er naturleg. Satsinga legg vekt på praktiske og estetiske læreprosessar, og er godt forankra i LK20.
I Bok på 1-2-3 får du ei omtale av boka, rettleiing til utstyr og førebuing, og forslag til gjennomføring og aktivitet før, under og etter lesinga. Fag, formål og tverrfaglege tema kjem tydeleg fram i strukturen. Nynorsksenteret viser også til passande ressursar frå andre nasjonale senter, og er glade for det gode og tette samarbeidet med Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa.
For at det skal vere ekstra lett å ta opplegga i bruk, ligg mange av bøkene ein periode ute til gratis strøyming. Nokre av opplegga inneheld innlesingar. Hugs at alle kan lese nynorsk. Høgtlesinga er med på å bade elevane dine i den rike, nasjonale språkkulturen som nynorsk er. Kos dykk!
Opplegga er utvikla for 1.- 7. trinn, men kan og tilpassast eldre elevar. Under finn de bilete av nokre PDF’ar frå Nynorskenteret.
Nokre eksempel
Bokstavsommaren. Av Erna Osland og Inger Lise Belsvik. Tverrfagleg uteopplegg for 1.–2. klasse i faga norsk, naturfag og kunst og handverk.
Tonje Glimmerdal. Skriven av Maria Parr og illustrert av Åshild Irgens. Tverrfagleg opplegg i norsk, musikk og kunst og handverk 1.–7. trinn
Eg og Pontus går for gull. Av Odd Nordstoga og Rune Markhus. Undervisingsopplegg for 3.–7. trinn i faga norsk, kroppsøving og musikk.
Arkimedes og brødskiva. Skriven av hans Sande og illustrert av Gry Moursund. Tverrfagleg opplegg for 1.–4. trinn i faga norsk, matematikk og naturfag og for 5.–7. trinn i faga norsk, engelsk og naturfag.
Himmelspringaren. Av Sissel Horndal. Dette er eit tverrfagleg opplegg for 1.–4. trinn i norsk, KRLE og kunst og handverk med utgangspunkt i temaet «folkehelse og livsmeistring».
Jakob og Neikob og det tomme rommet. Av Kari Stai. Tverrfagleg opplegg for 1.–4. klasse i faga norsk, samfunnsfag og musikk.
Eit hjarte til jul. Av Line Dybedal og Line Renslebråten. Tverrfagleg undervisingsopplegg for 1.–4. trinnet i norsk, KRLE og kunst og handverk.
Frosken og den framande. Av Max Velthuijs. Tverrfagleg undervisningsopplegg for 5.–7. trinnet i norsk. Tema er folkehelse, livsmeistring og demokrati. Drama er eit sentralt pedagogisk verktøy i undervisninga.
Les meir og sjå ein video om Bok på 1-2-3 på Nynorsksenteret si nettside
Høytlesning som estetisk teksterfaring
Trine Solstad skriver i denne artikkelen om barns estetiske møter med litteratur og er hentet fra vårt veiledningshefte «Samtidslitteratur i...
Samtidslitteratur i barnehagen
La deg inspirere til flere lesestunder og nyere bøker i barnehagene! Dette er et veiledningshefte for deg som ønsker mer...
Hjertedikt
Hjertet brukes ofte som symbol for følelser som kjærlighet, sorg og glede. Det kan være gjennom ord, bilder og handling....
Bærekraftig LandArt
Plast og øvrig søppel i naturen er i ferd med å bli et av våre største miljøproblemer. I dette undervisningsopplegget...