iframe{width:100%;}table a {display: inline-block;} Gå til hovedinnhold
Krittegning av rund hornform med en bit jerntre i. med

Pastellteikning av Iver Jåks sin assemblage, Liten Hàldi. Teikning og foto: Hilde Hermansen, KKS.

Teikn – og bli kjent med Iver Jåks

Den samiske kunstnaren Iver Jåks (1932 – 2007) brukte teikning heile livet for å tenkje, forklare og forstå. Ideen bak undervisningsopplegget er at elevane skal bli betre kjent med deler av Jåks sitt kunstnarskap ved å fortolke verka hans gjennom eigne teikningar. Når me studerer og teiknar eit objekt får me større kunnskap om form, materiale og og dei ulike overflatene til objektet.

Tekst, teikningar og foto: Hilde Hermansen, seniorrådgiver, KKS.

I undervisningsopplegget som følgjer blir elevane betre kjent med Iver Jåks og nokon av hans verk, betegna som assemblage. Desse små, tredimensjonale verka er satt saman av ulike materiale. Dei er heilt abstrakte og liknar ikkje noko frå den verkelege verda. Ein fordel i denne samanhengen er at kvart verk inneheld berre nokre få element, slik at form, materiale og tekstur kjem godt fram. Slik sett eignar dei seg godt både for raske skisser og meir nitidige studiar. I eigenskap av kvart enkelt verks formmessige enkelheit eller kompleksitet kan kvar enkelt elev finna noko som både utfordrar og gir meistring.

Opplegget, som blir skissert under Gjennomføring, er tredelt:
1) Introduser kunstnaren Iver Jåks og kunstforma assemblage
2) Praktisk utforsking gjennom teikning
3) Lage eigne assemblager

Undervisningsopplegget er tenkt for elevar i vidaregåande opplæring, men kan tilpassast trinn på ungdomskulen.

1) Introduser kunstnaren Iver Jåks og kunstretninga assemblage

Me tilrår sjølvsagt at elevane får kjennskap til Jåks’ kunstnarskap slik at dei kan setja dette inn i ein kontekst. Både dei tre-dimensjonale verka og teikneuniverset hans er spennande å få eit innblikk i.

Iver Jåks og teikning

Portrett av kunstner Iver Jåks på nordisk samemøte, 1956, Unni Fürst / Norsk folkemuseum, CC BY-SA 4.0.

Ánddir Ivvár Ivvár / Iver Jåks (1932 – 2007) var son av reindriftssamar og vart fødd i Karasjok kommune. For Jåks vart teikning ein viktig måte å kommunisera på, heilt frå han som gutunge vart innlagd på sjukehus etter ein skade og måtte gjera seg forstått blant dei norsktalande legane (Aarset, 2022).

Gjennom heile sitt kunstnarliv var teikning ein sentral del av Jåks sin praksis, anten som del av ein prosess eller som sjølvstendig kunstuttrykk. Han brukte mykje tid på nøyaktige nedteikningar og registrering av samiske gjenstandar frå museumssamlingar og ulike område i Sápmi (Stien, 2022).

Som kunstnar arbeidde Jåks både med teikning, grafikk, måleri, duodji, skulptur, kunsthandverk og design. Han kombinerte ei solid forankring i duodji med impulsar frå modernistisk og samtidig kunst og verka som ein kunstnarisk pioner i si samtid (Gullickson, 2010).

  • Sjå Tilleggsressurser for lenkjer til meir informasjon om Iver Jåks.

Assemblage som kunstform

Iver Jåks, Dråpene, 1981 © Iver Jåks/BONO.
Foto: Thomas Widerberg/Lillehammer kunstmuseum

Kunstforma assemblage har fått ein sentral plass i postmoderne kunst, med røter tilbake til 1950- og 60-talet. I dag er assemblage ei internasjonal nemning for eit breitt spekter av tredimensjonale kunstverk, som består av kombinasjonar av innsamla materiale og objekt (Mørstad, 2022).

Viss nemninga assemblage ikkje er kjend for elevane bør kunstforma setjast inn i ein kunst- og kulturhistorisk kontekst. Som døme er det fint å bruka verk av både nasjonale og internasjonale kunstnarar og sjølvsagt av Jåks sjølv. I norsk samanheng kan me i tillegg til Iver Jåks nemna arbeid av t.d. Per Kleiva, Kjartan Slettemark og samtidskunstnarane Silje Figenschou Thoresen, Jon Gundersen og Gunvor Nervold Antonsen m.fl.

Dette er eit godt utgangspunkt for å utforska og drøfta dei estetiske og innhaldmessige sidene ved form- og biletuttrykka til Jåks.

  • Sjå Tilleggsressurser for lenkjer til meir informasjon om assemblage.

2) Praktisk teikneoppgåve

Ikkje alle elevar er så heldige at dei kan oppleva Iver Jåks sine skulpturar i røyndommen, men det skal ikkje hindra dei frå å bli kjend med kunstnarskapet hans. Som utgangspunkt for den praktiske teikneoppgåva foreslår me derfor å nytta gode utskrift av foto av Jåks sine assemblager. Du finn ei lenkjesamling litt lenger ned på sida.

Eit utsnitt av skulpturen En gang, ein større skulptur utført i reinhorn og tre. Teikning og foto: H. Hermansen, KKS

Her er nokre punkt som kan inngå i ei oppgåve:

– Utforsk eit verk av Iver Jåks gjennom å beskriva form, materialbruk, farge og tekstur.
– Attgje kunstverket på ulike måtar og ved bruk av ulike teiknereiskapar og teknikkar.
– Bruk det du har lært om attgjeving av form, proporsjonar, tekstur og farge, og lag di eiga tolking i
teikning med utgangspunkt i Jåks verk.
– Drøft korleis samisk identitet kjem til uttrykk i det verket du har valt.
– Kan du finna ut meir om akkurat det verket du har valt?

På bileta under er det arbeidet på ulike måtar med Liten Hàldi. Den er i røyndommen berre 1,8 cm høg og er laga av horn og jerntre på glasplate. I Liten Hàldi møtest to former, ei glatt og ei ru overflate, to materiale, to fargar, to teksturar. Det samiske ordet hàldi viser til eit åndeleg vesen (Gaski, 2020). Korleis kan me tolka denne vesle assemblagen?

«Det er mykje i naturen som ikkje er fint. Men heilskapen er utruleg vakker,» har Iver Jåks sagt om nokre av sine assemblager (Gaski, 2020). I skissene under er Før jeg var II undersøkt ved hjelp av teikning.

Bruk av ulike reiskapar og teknikkar i attgjeving av Jåks Før jeg var II. Teikning og foto: H. Hermansen, KKS

I følge Nasjonalmuseest består Før eg var II av «ein hol kvit stein, ein liten kvist og eit raudt glas-skar. Kvisten og glas-skaret er plassert inni steinen slik at delar av dei stikk ut av han. Steinen er dermed ein behaldar som halvvegs skjuler og halvvegs avdekkjer innhaldet. Gror det noko ut av steinen? Skulpturen er liten, men rommar mykje, kanskje eit heilt univers, noko som eksisterte før mennesket» (Godø, 2015).

Her er nokre døme på Jåks arbeid med assemblage, som elevane kan velja mellom (det finst fleire verk)

Var  –  Er?Hvorfor?Liten HáldiUnderligSammenfiltret
Før jeg var IIEnorm – hva?Lages av degDen lille seidenUrtid – nåtid

3) Lage eigne døme på assemblage?

«Materialene og objektene har en stemme. Det finnes språk i tingene, de har i enkelte tilfeller tilhørt en spesifikk tid, ofte er personlige historier knyttet til dem», seier kunstnar Gunvor Nervold Antonsen i eit intervju med Norske Billedkunstnere.

Ved å setja saman funne gjenstandar og nye eller brukte materiale i ein ny kombinasjon skapast ein assemblage. Eit sentralt kjenneteikn er at materiala får ei forskyving frå ei opphavleg til ei ny betydning (Mørstad, 2022).

For å få ei djupare forståing for assemblage kan elevane utforska kunstforma ved å setja saman materiale og/eller objekt frå eiga livsverda til nye visuelle uttrykk og ytringar.

  • Kanskje kan unyanserte framsyningar omkring sosiale roller, kjønn og seksualitet problematiserast?
  • Eller samfunnsaktuelle spørsmål knytt til ressursbruk, klima, miljø og naturmangfald?
  • Eller ein individuell tilstand eller kjensle?

Kunstforma assemblage innbyr til å kommunisera, skapa meining og stilla aktuelle spørsmål, både på mikro- og makronnivå.

Kildehenvisning

Borgersen, G. S. (2019, 5. desember). Tre samtaler med tre kunstnere som setter materialer og objekter sammen. Norske Billedkunstnere. https://www.norskebilledkunstnere.no/billedkunst/aktuelt/tre-samtaler-med-tre-kunstnere-som-setter-materialer-og-objekter-sammen/

Gaski, H. (2020). háldi. I Store norske leksikon. https://snl.no/háldi

Godø, R. (2015). Før jeg var II. Om verket. Nasjonalmuseet. https://www.nasjonalmuseet.no/samlingen/objekt/MS-04606-2002

Gullickson, C. (2010). Modernisten Iver Jåks. I Ottar, nr.4/2010, 40 – 44

Mørstad, E. (2022). assemblage – kunst. I Store norske leksikon. https://snl.no/assemblage_-_kunst

Stien, H. H. (2022). Materialfølelse og virkekraft. I H. H. Stien (red.), Iver Jåks. Materialfølelse og virkekraft. 28.10 – 22.12.2022. Tegnerforbundet.

Aarset, B. (2022). Billedkunstner og kunsthåndverker Iver Jåks. I Store norske leksikon. https://nbl.snl.no/Iver_J%C3%A5ks

Om kunstneren Iver Jåks

Husk å føre opp webinaret som relatert ressurs når det er ferdig!
Seniorkurator Kristoffer Dolmen gir oss eit innblikk i Iver Jåks teikneunivers i webinaret Tegning som kunnskapshandling OBS OBS!: Lenke når webinaret publiseres!!!.

Om kunstformen assemblage

OBS! Identitet og kultur, seide og skulptur. En undersøkelse av Iver Jåks’ skulpturer i
et postkolonialistisk perspektiv
. Masteroppgave.

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.