Foto: Martine Eidissen Nymo og Hilde Hermansen
Hjarte i silkedeig
Dekorative hjarte i silkedeig kan brukast i mange høve. Dei er enkle å laga for små barn, så vel som for større ungar og ungdommar. Hjarta kan brukast i mange samanhengar: som små gåver, som pakkelappar, som vegg- eller vindaugsspryd. Det er berre å gå i gang!
Tekst: Martine Eidissen Nymo, tidligere rådgiver, og Hilde Hermansen, seniorrådgiver, KKS, Nord universitet
Silkedeig har vorte populært som eit enkelt og rimeleg materiale å arbeida med. Deigen er kvitare, glattare og finare i teksturen enn den tradisjonelle trolldeigen og kan i uttrykket minna litt om porselensleire. I motsetning til trolldeig er silkedeig heilt glutenfri, noko som er ein fordel for allergiske småbarn som gjerne stikk fingrane i munnen for å smaka.
Til omlag 25 små hjarte trengst:
- 1/2 kopp maizena
- 1 kopp vatn
- 1 kopp salt
Har du ei barnehagegruppe på 10-15 stykke, held det kanskje å dobla eller tredobla oppskrifta? For ein klasse på 20 – 25 elevar må nok oppskrifta fire- eller femdoblast. Det blir uansett anbefalt å laga fleire små deigar enn ein stor.
Deigen blir laga dagen før og blir pakka tett i plast eller ein tett behaldar før den skal brukast.
Slik gjer du
- Ha vatn, salt og maizenna i ein kjele. Røyr godt rundt og kok opp.
- Røyr heile tida til massen tjuknar og blir fastare. Prosessen skjer kjapt.
- Avkjøl deigen. Trykk han gjerne ut på eit bakepair, så blir den raskare avkjølt.
- Kna deigen godt så den blir smidig og fast.
- Pakk deigen inn til han skal brukast.
No kan silkedeigen kjevlast ut til ca 5 mm tykkelse. Stikk ut med kakeformer og bruk sugerøyret til å laga små hol til tråden. La hjarta luft-tørke eitt til to døgn eller legg dei på ei plate i stekeovnen. Med ein temperatur på 100 grader og døra på gløtt, tørkar formene i løpet av 1/2 – 1 time, avhengig av tjukkelsen. Hjarta kan dekorerast eller berre få vera heilt kvite. Dei kan pynta opp i mange ulike samanhengar.