Gå til hovedinnhold
Ung kvinne med samisk kofte som vender ryggen til.

Foto: Anita Eriksen Zagury

Samisk kunst- og kulturfagleg fokus

I tida fram mot 6. februar, den samiske nasjonaldagen, vil me løfta fram aktuelle undervisningsopplegg og artiklar til bruk i skule og barnehage. Temapakkar med praktisk innhald om samisk musikk eller duodji/duodje/duedtie og dáidda, ressursar om samisk dans, sjøsamisk kulturhistorie og ulike webinar er noko av det du kan la deg inspirera av når du skal lære elevane om mangfald og variasjon innanfor samisk kultur og samfunnsliv.

KUNST OG HANDVERK

  • Tinntrådbroderi – instruksjonsvideo / omvendt klasserom
    Aline Mikkelsen er en duodjeutøver fra Drag i Tysfjord, i lulesamisk område. I denne instruksjonsvideoen viser Aline grunnleggende teknikker for søm av tinntråd på klede. Underveis deler hun nyttige tips knyttet til denne gamle, samiske håndverksteknikken.
  • Sy en guhkkar – instruksjonsvideo / omvendt klasserom
    En guhkkar er en liten skinnpung; kjekk å oppbevare småtteri i. Aline Mikkelsen, duodjeutøver fra Drag i Tysfjord, viser hvordan du kan sy en guhkkar sisti, som er avhåret og garvet reinskinn. Underveis i videoen deler hun kunnskap om skinn og gir deg nyttige tips i arbeid med dette materialet.
  • Temapakke: Duodji/duodje/duedtie og dáidda
    Pakken vektlegg både den design- og handverksmessige delen, gjennom ressursar knytt til duodji/duodje/duedtie, og det reint kunstfaglege ved at ulike verk av samiske kunstnarar (dáidda) blir undersøkte. Pakken inneheld artiklar, lenkjesamlingar og undervisningsopplegg.
  • «Vi skal visst forsonast»
    Om kunnskap skal spreiast, om forsoning skal vera mogleg, så må i alle fall innhaldet i rapporten Sannhet og forsoning aktiverast i utdanningsinstitusjonane. Ein måte å nærma seg dette på er å gå i møte med dei 16 utvalde kunstverka i rapporten. Her får du ei oversikt over alle dei deltakande kunstnarane og verka deira, og dessutan forslag til korleis enkelte verk kan utforskast og skapa refleksjon, også i samanheng med tekstutdrag frå rapporten.
  • Teikn – og bli kjent med Iver Jåks
    Den samiske kunstnaren Iver Jåks (1932 – 2007) brukte teikning heile livet for å tenkja, forklara og forstå. Ideen bak undervisningsopplegget er at elevane skal bli betre kjent med delar av Jåks sitt kunstnarskap ved å fortolka verkane hans gjennom eigne teikningar. Når me studerer og teiknar eit objekt får me større kunnskap om form, materiale og og dei ulike overflatene til objektet. Opplegget er fint å kombinera med webinaret Tegning som kunnskapshandling.
  • Kunst, kart og makt
    Me tenkjer gjerne at kart er objektive attgjevingar av eit geografisk område, noko me kanorientera oss etter og forstå omgivnadene våre gjennom. I essayet problematiseres eit anna aspekt, nemleg korleis kart kan utgjera ein maktfaktor ved kolonisering av urfolk sine landområde. To ulike kunstkart er utgangspunkt for drøftinga. Samisk identitet og dekolonialisme blir diskutert, noko som er sentrale tema i fleire fag. Kunst, kart og makt finst også som opptak av webinar.
  • «Get off deFence»
    Anders Sunná og Linda Aslaksens murmåleri er symboltungt og appellerer til ungdom gjennom gatekunst-estetikken sin. Eit flott samtidskunstverk å jobba tverrfagleg med, både i ungdomsskulen og i vidaregåande skule!
  • Duodji i grunnskolen
    Rettleiingsheftet, som også inngår i temapakken Duodji/duodje/duedtie og dáidda,  inneheld ulike praktiske døme på korleis du kan jobba med samisk kunsthandverk (duodji/duedtie/duodje) i grunnskulen. Oppgåvene tek utgangspunkt i norsk læreplan for kunst og handverk, 1.-7. trinn.
  • Praktisk arbeid med duodji og samisk kulturarv i skolen
    Artikkelen gir eit innblikk i korleis ein kan formidla kunnskap om samisk kultur og duodji, samisk kunsthandverk, i skulen. Teksten er skrive av tidlegare seniorrådgivar ved KKS, Cathrine Jenssen og er også publisert i tidsskriftet Form 5/18.
  • Sørsamisk duedtie – arbeid med ornamentikk og geometri i skolen
    Artikkelen Utforskning av tradisjonell sørsamisk ornamentikk (Tangenten – Tidsskrift for matematikkundervisning) beskriv eit tverrfagleg undervisningsopplegg som omhandlar sørsamisk ornamentikk i faga duedtie (sørsamisk handverk), matematikk og samisk språk.

MUSIKK

  • Temapakke: Samisk musikk
    Pakken inneheld seks ulike ressursar om joik. Her får du som lærer ei god innføring i kva joik er, du får lydfiler og digitale notar til enkle joikar, og dessutan oppvarmingsøvingar og leikne undervisningsopplegg der du og elevane kan komponera eigne joikar. Du finn også ei lenkjesamling med samiske musikarar, både innanfor tradisjonell og fornya samisk musikk.
  • Joik i grunnskolen OBS! Ny versjon kjem i februar 2025.
    I heftet, som også inngår i temapakken Samisk musikk, finn du praktiske døme på korleis du kan jobba med samisk joik i grunnskulen. Oppgåvene tek utgangspunkt i norsk læreplan i musikk, 1.-7.trinn. Heftet er utarbeidd i samarbeid med Frode Fjellheim, professor i musikk ved Nord universitet.
  • Joik i barnehagen
    Joik i barnehagen gir deg fire praktiske døme på innhald og framgangsmåte i korleis barna kan læra joik i barnehagen. Her får du tips, lydfiler, filmar og anna digitalt materiell.

DANS

  • Den samiske dansen
    Samisk dans er en eldgammel dans som ble fremført av Noaiden, den samiske sjamanen, for å reise til andre verdener. Ola Stinnerbom, samisk artist, scenekunstner og danser, har forsket på og leita etter den forsvunne samiske dansen i over 30 år. Se den inspirerende videoen og la deg begeistre! Vi er glade for å ha etablert et samarbeid med Stinnerbom, med konkrete undervisningsopplegg under utvikling.
  • Dans med samisk og urfolkstematikk
    I Sápmi har ein dansa både samisk kadrill, 8-dans og sørisdans i over 30 år, og dansane lever den dag i dag. La deg inspirera, og planlegg danseundervisning på varierte stader, eksempelvis ute i naturen og nærområdet, i lange korridorar, trapper, bibliotek eller der du og elevane ser moglegheiter.

WEBINAR

Opptak av tidlegare webinar:

SPRÅK OG KULTUR

  • Samisk kulturforståelse i barnehage og skole
    Heftet Samisk kulturforståelse i barnehage og skole er utvikla i samarbeid med Nasjonalt senter for samisk i opplæringa  og består av sju artiklar frå ulike område i Sápmi som tek utgangspunkt i den lokale kulturen.
  • Arbeid med samisk språk og kultur i barnehagen
    I dette inspirasjonsheftet har me samla nokre forslag til korleis ein med enkle grep kan jobba med samisk språk og kultur i barnehagen. Tipsa har også overføringsverdi til barnetrinnet.
  • På sporet av árahávdi
    Ressursen presenterer nettstaden Arahavde.no, som handlar om sjøsamisk kulturhistorie i Hammerfest kommune. Nettstaden gir eit innblikk i mangfaldet i den samiske kulturen og innbyr til tverrfagleg samarbeid mellom t.d. kunst og handverk, musikk, norsk, KRLE og naturfag.

Les også nyheitssaker frå KKS sin konferanse Samisk i samtida:

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.