iframe{width:100%;}table a {display: inline-block;} Gå til hovedinnhold

"Antibac vs. germs" av Morten Andre` Johansen Stoa

Heimeskule – Digital utstilling

Kva skaper elevane i kunst og handverk når dei ikkje kan komme på skulen? Og korleis løyser lærarar dei utfordringane som heimeskule medfører i dette praktiske faget? Vi viser eit knippe av det som føregår av skapande aktivitet rundt omkring i heimeskulane desse dagane: Iscenesettelse, skulpturar, performance, collage og fotografi. Her boblar det av kreativitet og utforskertrang. Ta ein titt og bli inspirert!

  • Bilde 1 – 4: Fotooppgåve
    Tema: Komposisjon og visuelle virkemiddel
    Ta ein titt på dei fire bildepresentasjonane under for å sjå korleis elevane har jobba i prosess
  • Bilde 5: Iscenesetting
    Oppgåve: Ta utgangspunkt i ein eller fleire leikefigurar du har heime og iscenesett den eller dei inne eller ute med ulike rekvisitter.
  • Bilde 6 – 11: Skulptur
    Oppgåve: Samle ting og tang heime og lag ein skulptur av det.
  • Bilde 11 – 16: Collage
    Oppgåve: Bruk avis/tidskrift /vekeblad/reklame, farga papir eller papp for å lage eit påfuglbilde og stille ut i heimen, til glede for familien.
    Sjølve oppgåveformuleringa ligg som vedlegg.
  • Bilde 17 – 19: Skulptur i natur
    Noko land art og ein performance der eleven tar i bruk seg sjølv, mose, lav, steinar, røter, kongler, kvister og einer

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.