
Foto: Hedvig O. Ølmheim
Bunad, eit formidlingsopplegg
- Er det greit med joggesko til bunad?
- Er det lov med hijab til bunaden?
- Kva er det som er så spesielt med bunadbruk i Noreg?
Desse spørsmåla inngår i eit formidlingsopplegg laga for elevar i grunnskulen og vidaregåande skule. Noregs Husflidslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Noregs Ungdomslag, Norsk Folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon, har saman utvikla eit variert undervisningsmateriale som inkluderer fagkunnskap, refleksjon og praktisk, skapande arbeid. Arbeidet er gjort med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB.
Sjølv om den levande bunadtradisjonen i Noreg er sterk, er han òg trua ved at handverkskunnskapen gradvis blir mindre. Dette ønsker dei fem organisasjonane å gjere noko med.
Som ein viktig del av kunnskapsformidlinga til born og unge har organisasjonane saman utvikla ein tredelt formidlingspakke til barn og unge.
Vi synest det er stas å løfta fram denne ressursen og håper mange tar han i bruk!
Tilleggsressurser
- Kulturrådet: Immateriell kulturarv
- UNESCO: Immateriell kulturarv
- MELK & HONNING: Er det realistisk at en bunad skal passe hele livet?
- TV2: Slik oppstod bunaden – og dette har den betydd for oss.
- NRK, Rogaland: Kritisk til 17. mai-munnbind: – Har ikke noe med bunad å gjøre
- NDLA: Fra hverdagsplagg til kulturelt kjennetegn
- NDLA: Essensialistisk kulturforståelse
- Samiske veivisere: Kofter
- Samiske veivisere: Gákti Gápptie Gapta Gaeptie Gáppte Mááccuh Mácēh Mäccak Mäccaǩ
Relaterte ressurser
Å ha det i hodet eller hendene? UNESCOs konvensjon av 2003 som pedagogisk ressurs
Dag Feldborg ved Norsk håndverksinstitutt fremhever i denne artikkelen at man må bygge bro mellom praktisk og teoretisk kunnskap, og...