Gå til hovedinnhold
Snølandskap med spor. Samisk flagg i forgrunnen.

Bildekilder: https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Saami_flag,_Troms%C3%B8_Norway.jpg?uselang=nb og https://unsplash.com/photos/snow-covered-field-during-daytime-KWsFPbsCAPo

Vuorbbe biejvijn!

Vi feirar samisk nasjonaldag og nyttar høvet til å løfte fram undervisningsmateriell og artiklar som inspirerer til å arbeide med samisk kultur, språk, kunst, musikk og dans – i tråd med tilrådingane frå Sannings- og forsoningskommisjonen.

I løpet av våren kjem reviderte utgåver av fleire populære ressursar, mellom anna Joik i grunnskolen med bidrag frå mellom anna musikar og komponist Frode Fjellheim. Vi kjem òg med eit nytt undervisningsopplegg om samisk kultur for vidaregåande skule med vekt på musikk og drama. Ta kontakt om du har ressursar du ønskjer å dele, eller om du har erfaringar frå bruk av våre undervisningsopplegg. Nedanfor har vi lista opp ei oversikt over utvalde ressursar knytte til samisk kunst og kultur i opplæringa.

Lihkku beivviin! Vuorbbe biejvijn! Læhkoeh biejjine!

KUNST OG HANDVERK

Tinntrådbroderi – instruksjonsvideo
Aline Mikkelsen er ein duodjeutøvar frå Drag i Tysfjord, i det lulesamisk området. I denne instruksjonsvideoen viser hun grunnleggjande teknikkar for saum av tinntråd på klede. Du får òg nyttige tips knytte til den gamle samiske handverksteknikken.

Sy en guhkkar
Ein guhkkar er ein liten skinnpung som er kjekk å oppbevara småting i. Aline Mikkelsen, duodjeutøvar frå Drag i Tysfjord, viser korleis du kan sy en guhkkar i sisti, som er avhåra og garva reinskinn.

Hender som syr i skinn. Ulike materialer: skinn, ullfilt, tinntråd, senetråd.

5. klassinger syr guhkkar
I samanheng med den samiske nasjonaldagen i 2025 gav KKS eit klassesett med materialpakkar til ein lærar som ønskte å prøve saum av guhkkar og tinntrådsbroderi saman med elevane sine. Her deler Kjersti Strand Myrvang ved Kringler-Slattum skole i Nannestad erfaringane frå klasserommet.

Temapakke: Duodji/duodje/duedtie og dáidda
Pakken vektlegg både design- og handverk, gjennom ressursar knytt til duodji/duodje/duedtie, og det reint kunstfaglege ved at ulike verk av samiske kunstnarar (dáidda) blir undersøkte.

Vi skal visst forsonast
Om kunnskap skal spreiast, om forsoning skal vera mogleg, så må i alle fall innhaldet i rapporten Sannhet og forsoning aktiverast i utdanningsinstitusjonane. Ein måte å nærma seg dette på er å gå i møte med dei 16 utvalde kunstverka i rapporten. 

Krittegning av rund hornform med en bit jerntre i. med

Teikn – og bli kjent med Iver Jåks
Den samiske kunstnaren Iver Jåks (1932 – 2007) brukte teikning heile livet for å tenkja, forklara og forstå. Ideen bak undervisningsopplegget er at elevane skal bli betre kjent med delar av Jåks sitt kunstnarskap ved å fortolka verkane hans gjennom eigne teikningar.

Palett med vannfarger, tusj og kunstverk under utarbeidelse.

Kunst, kart og makt
Me tenkjer gjerne at kart er objektive attgjevingar av eit geografisk område, noko me kan orientera oss etter og forstå omgivnadene våre gjennom. I essayet problematiseres eit anna aspekt, nemleg korleis kart kan utgjera ein maktfaktor ved kolonisering av urfolk sine landområde.

Maleriet "Get OFF deFence" av Anders Sunna. Foto.

«Get off deFence»
Anders Sunná og Linda Aslaksen sitt murmåleri er symboltungt og appellerer til ungdom gjennom gatekunstestetikken sin. Eit flott samtidskunstverk å jobba tverrfagleg med, både i ungdomsskulen og i vidaregåande skule!

Bilde av tre hefter med grå bakgrunn

Duodji i grunnskolen
Rettleiingsheftet, som også inngår i temapakken Duodji/duodje/duedtie og dáidda,  inneheld ulike praktiske døme på korleis du kan jobba med samisk kunsthandverk (duodji/duedtie/duodje) i grunnskulen.

Praktisk arbeid med duodji og samisk kulturarv i skolen
Artikkelen gir eit innblikk i korleis ein kan formidla kunnskap om samisk kultur og duodji, samisk kunsthandverk, i skulen. Teksten er skrive av tidlegare seniorrådgivar ved KKS, Cathrine Jenssen og er publisert i tidsskriftet Form 5/18.

Sørsamisk duedtie – arbeid med ornamentikk og geometri i skolen
Les om eit tverrfagleg undervisningsopplegg som omhandlar sørsamisk ornamentikk i faga duedtie (sørsamisk handverk), matematikk og samisk språk.

MUSIKK

Headerbilde for temapakke kunst og kultur illustrasjon.

Temapakke: Samisk musikk
Pakken inneheld seks ulike ressursar om joik. Her får du som lærer ei god innføring i kva joik er, du får lydfiler og digitale notar til enkle joikar, og dessutan oppvarmingsøvingar og leikne undervisningsopplegg der du og elevane kan komponera eigne joikar. Du finn også ei lenkjesamling med samiske musikarar.

jenter i samiske kofter som hopper

Joik i grunnskolen – Ny versjon under utvikling.
I heftet finn du praktiske døme på korleis du kan jobba med samisk joik i grunnskulen. Heftet er utarbeidd i samarbeid med Frode Fjellheim, professor i musikk ved Nord universitet.

Joik i barnehagen
Joik i barnehagen gir deg fire praktiske døme på innhald og framgangsmåtar for korleis barna kan læra joik i barnehagen. Her får du tips, lydfiler, filmar og anna digitalt materiell.

DANS

Bilde med fire ruter. Mann i ulike dansebevegelser i hver rute.

Den samiske dansen
Samisk dans er ein eldgamal dans som blei framført av noaiden, den samiske sjamanen, for å reise til andre verdener. Ola Stinnerbom, samisk artist, scenekunstnar og dansar, har forska på og leita etter den forsvunne samiske dansen i over 30 år.

Person med rosa lue danser ute i naturen. Vidde med lyng.

Dans med samisk og urfolkstematikk
I Sápmi har ein dansa både samisk kadrill, 8-dans og sørisdans i over 30 år, og dansane lever den dag i dag. La deg inspirera, og planlegg danseundervisning på varierte stader.

SPRÅK OG KULTUR

Samisk kulturforståelse i barnehage og skole
Heftet Samisk kulturforståelse i barnehage og skole er utvikla i samarbeid med Nasjonalt senter for samisk i opplæringa og består av sju artiklar frå ulike område i Sápmi som tek utgangspunkt i den lokale kulturen.

Arbeid med samisk språk og kultur i barnehagen
I dette inspirasjonsheftet har me samla nokre forslag til korleis ein med enkle grep kan jobba med samisk språk og kultur i barnehagen. Tipsa har også overføringsverdi til barnetrinnet.

Barn i åpent landskap utkledd som underjordiske.

På sporet av árahávdi
Ressursen presenterer nettstaden Arahavde.no, som handlar om sjøsamisk kulturhistorie i Hammerfest kommune. Nettstaden gir eit innblikk i mangfaldet i den samiske kulturen og innbyr til tverrfagleg samarbeid.

WEBINAR

Nedanfor finn du opptak av tidlegare KKS-webinar:

Tegning av kunstneren Iver Jåks + to blyanter og en tusj.

Tegning som kunnskapshandling – webinar
Eit spennade webinar med mål om å kasta lys over teikning som kunnskapshandling. Me får også eit innblikk i korleis den samiske kunstnaren Iver Jåks (1932-2007) brukte teikning for å kartleggje, systematisere, tenkje, forstå og skapa.

Håndtegnet kartutsnitt.

Kunst, kart og makt – webinar
Med utgangspunkt i to kunstkart, Sápmi av Hans Ragnar Mathisen og Govat leat biekka buorit/Vinden ber bileta av Ragna Misvær Grønstad, blir tema om samisk identitet og dekolonialisme kasta lys over; sentrale tema i ei rekkje fag i LK20. Webinaret byggjer på essayet med same tittel.

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.