Suksessfaktorar i arbeid med kunst, kultur og kreativitet
Vi ønskjer i denne artikkelen og vise til gode eksempel frå ulike barnehagar som har «knekt koden» i tilnærminga til dette arbeidet. Vi håpar at deira suksessfaktorar kan vere ein inspirasjon for andre barnehagar.
Artikkelen vart først publisert i «Barnehagefolk» nr. 2 2018
Kathrine Pedersen, Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen
Heile personalgruppa må vere med og påverke kva retning ein skal ta i byrjinga av eit prosjekt. Om ein ikkje eig prosjektet er det enklare å melde seg ut.
Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (KKS) delar annakvart år ut Den
nasjonale barnehageprisen for kunst og kultur til tre barnehagar som arbeider spesielt godt med kunst, kultur og kreativitet. Med denne prisen ønskjer KKS å løfte fram gode eksempel på slikt arbeid som igjen kan bidra til økt engasjement og interesse for fagområdet kunst, kultur og kreativitet hos barnehagar over heile landet.
Søknadane vi mottar viser at mange barnehagar er gode på å implementere arbeid med kunst og kultur som ein naturlig del av barnehagekvardagen, år etter år. I arbeidet med å finne suksessfaktorar hos dei ulike barnehagane har det peika seg ut ein god del fellesnemnarar. Dei har vi funne på bakgrunn av intervju, analyse av årsplanar og prosjektskildringar og vil her bli presentert i tilfeldig rekkefølge.
Rammeplan for barnehagen (2017 [R17]) formulerer tydelege krav til kva barna i barnehagen skal få oppleve. Dei skal mellom anna få estetiske erfaringar med kunst og kultur som skal gjere dei nysgjerrige, undrande og utvide forståinga deira. «Barnehagen må leggje til rette for og vidareutvikle dei kreative prosessane og uttrykka til barna.» (R17, s. 50). I lys av desse formuleringane ønskjer vi i denne artikkelen og vise til gode eksempel frå ulike barnehagar som har «knekt koden» i tilnærminga til dette arbeidet. Vi håpar at deira suksessfaktorar kan vere ein inspirasjon for andre barnehagar.
Forankring i heile personalgruppa
Ingrid Skarprud som er kunstnarisk leiar i Bortigard Barnehage i Bergen understreker at det er «enormt viktig at heile personalgruppa er med på å bestemme og påverke kva retning vi skal ta i byrjinga av prosjektplanar. » Om ein ikkje eig prosjektet og ikkje har vore med i planleggingsprosessane, er det enklare å melde seg ut av prosjektet». Personalgruppa reflekterer mykje rundt kvifor dei vil jobbe med kunst, korleis dei kan bruke det med barna og korleis eit slik arbeid er verdifullt for ungane sitt liv og utvikling i barnehagen. Skarprud har erfart at når ein har vore med på heile prosessen rundt prosjekta, så ønsker personalet å gjennomføre dei og har ein grunnleggande forståing av kvifor det er viktig. Ho fortel at i hennar barnehage må alle gå inn i kunsten, og alle må bidra. På denne måten møter personalet kunst utanfor deira eigene normer, og noko som i utgangspunktetskal være verdifullt for barnas liv, vil ha ein overføringsverdi til personalet, der dei får erfare å gå utanom det trygge og faste.
Leiaransvar
Rammeplanen understrekar behovet for kvalifisert planlegging, vurdering og dokumentasjon i barnehagen og at dette arbeidet utviklar innhald og arbeidsmåtar. Styrer har eit utvida ansvar for å inkludere heile personalgruppa i dette arbeidet. (R17, s. 16). Skarprud seier at «om ein skal jobbe med kunst er det nødvendig å sette av tid på personalmøter, planleggingsdagar og avdelingsmøter. Ein må synliggjera kvifor ein har valt å ha kunst som eit satsingsområde». I tillegg trekk ho fram at ein må fremje forventningar til personalet om at her er det ikkje mogleg å velje bort felles fokus på kunst. I Kirkebakken kulturbarnehage har personalet jamlege refleksjonsmøter der dei drøftar utfordringar og erfaringar, noko dei ser som eit nyttig reiskap for å skape ei felles plattform.
Ein nærverande biletkunstnar var ein stimulerande faktor for å utvikle pedagogane sin kunnskap om visuelle språk, teknikkar og materialbruk
Kompetanseutvikling
Rammeplanen fastset krav til personalet sin kompetanse av omsyn til kvalitet i tilbodet (R17,s. 15). For å heve kvaliteten på arbeid med kunst og kultur i barnehagen ligg ein av nøklane i kompetanseutvikling. Som Skarprud seier så fint: «ein må løfte kunsten opp og gje personalet kunnskap». Rammeplanen set krav til barnehagen og for å imøtekome desse må ein kartlegge kva ein trenger av kompetanse. «Personalet trenger både praktisk og teoretisk kompetanse innen kunst og kunstens uttrykksformer, og de trenger å forstå hvordan ulike kunstsyn
og kunsttradisjoner, som har sin bakgrunn i ulike kunnskapssyn, vil påvirke og avspeiles i ulike (kunst)pedagogiske praksiser» (Bakke m.fl., 2011, s. 29). I Bortigard barnehage tileignar dei seg stadig ny kunnskap om kunstfeltet. I årsplanen tydeliggjer dei betydinga av å ha kjennskap til mangfaldet i kunstfaget og at kunsten blir brukt som et pedagogisk verktøy i kvardagen. Bortigard barnehage har i forkant av ulike prosjekt gjort grundig forarbeid med å
presentere kunstnarane i personalgruppa, dei samarbeider med kulturskolen for erfaringsutveksling og har reist på studieturar der dei har oppsøkt institusjonar som arbeider profesjonelt med kunstformidling. Dei anbefaler spesielt Arken som ligg utanfor København. Kirkebakken kulturbarnehage i Mo i Rana er inspirert av Reggio Emilia og driv bevisst med kompetanseheving, der personalet vert kursa og får rettleiing.
Samarbeid med eksterne aktørar
Den kunstfaglege kompetansen som finst blant personalet i barnehagane i Norge er varierande. Nokre barnehagar har interne ressurspersonar, mens andre søker hjelp utanfor barnehagen. Her kjem vi igjen tilbake til kartlegging av kompetanse og kompetansebehov. «Barnehagen skal la barna møte ulike kunstnariske og kulturelle uttrykk som speglar eit mangfaldig samfunn og ulike tidsepokar» (R17,s. 50). Dersom ein føler at ein kjem for kort med barnehagen sin eigen kompetanse på feltet, må ein utvide horisonten og søke mot eksterne aktørar som kan være eit ledd i kompetanseheving i personalgruppa.
Bortigard Barnehage har tidlegare vore kompetansebarnehage i forbindelse med Den kulturelle bæremeisen i Bergen og har hatt samarbeid med kunstnarar i barnehagen. I tillegg er dei i eit nettverk tilknytt Danmark, Cultural Children of Europe, der dei har hatt seminar og besøk frå Danmark og Reykjavik. Kulturskolen har vore ein god samarbeidspartnar som dei har hatt erfaringsutveksling med. Svartlamon barnehage i Trondheim samarbeidde med ein biletkunstar i prosjektet «Å forvandle ein bilbutikk til barnehage». Dei erfarte at ein nærverande biletkunstnar var ein stimulerande faktor i forhold til å utvikle pedagogane
sin kunnskap om visuelle språk, om teknikkar og om materialbruk. Det blei viktig for barnehagen at ein person med kunstfagleg kompetanse jobba tett saman med pedagogane. Biletkunstnaren blei derfor tilsett som ein del av personalgruppa i 40 prosent stilling for ein periode. Barnehagen samarbeider også med kultur og miljøsenteret ReMida.
Barnas initiativ og medverknad
«Barnehagen skal vere bevisst på dei ulike uttrykksformene til barna og leggje til rette for medverknad på måtar som er tilpassa alderen, erfaringane, dei individuelle føresetnadene og behova til barna» (R17, s. 27). Det at barnas initiativ og engasjement blir tatt vare på i arbeid med kunst og kultur er viktig. «Alle barn skal kunne erfare å få påverke det som skjer i barnehagen» (R 17, s. 27)Det er interessant å undersøkje korleis barnehagane legg til rette for at barn skal kunne medverke i arbeid med kunst og kultur.
I Båsmobakken barnehage i Mo i Rana sitt prosjekt «Tanken var ein lys-skulptur»
hadde dei vaksne i utgangspunktet tenkt at dei skulle lage en lys-skulptur, men barna ville det annleis. Personalet ville la barna få erfaring med å lage ein skulptur, og etter skulpturjakt i byen og felles refleksjon om skulptur og materialbruk kom barna stadig tilbake til dinosaurar. Eit av barna sa det slik: «Hmm, det bli nok bare dinosaurusa. Du skjønner, vi e så interessert i dinosaurusa». Dei bestemte seg derfor for å gå i gang med å jobbe med det barna syntes var interessant, nemleg dinosaurar. Dette prosjektet viser korleis ein kan følge barnas initiativ og idear og vektlegge sjølve prosessen ungane tar del i. Barnehagen fant ut at det viktigaste i denne prosessen ikkje var å ende opp med ein lys-skulptur som først var tanken, men å følgje barnas tankar og interesser der vegen blir til medan ein går.
I Svartlamon barnehage vel pedagogane å skape situasjonar der barna kan tenke, være nysgjerrige, eksperimentere og uttrykke seg. Barnehagen er god på prosesstenking, og klarer samstundes å ivareta leiken og ta barna på alvor. Bortigard barnehage legg også opp til at barnas medverknad skal bli tatt vare på i prosjektplanane. I årsplanen deira er det nedfelt at dei «bruker kunsten til å skape et forhold der barn og voksne lar seg engasjere i noe felles. Vi deler opplevelser, sanser og uttrykker oss sammen. Dette fellesskapet styrker vår relasjon til barnet». Ideen bak prosjektet «Malingens uttrykk» var å gjere kunsten levande og tilgjengelig for barna. I prosjektet ble både barn og vaksne skapande og utforskande. Personalgruppa la til grunn ein leikende og utforskande tilnærming i måten dei presenterte kunstnarane for barna. Eitt av barnehagens hovudmål er: «Vi bidrar til at barnet skal kunne kjenne, forstå og gi uttrykk for sine følelser». Dei ønsker å gi barna moglegheit til å knytte følelsar til kunsten
I Betha Thorsen Kanvas barnehage i Oslo sitt prosjekt «Matematikk og estetikk»
sette dei i scene ulike installasjonar som innbydde til aktiv medverknad og gav barna moglegheit til å utforske rommet og ulike materialar. Personalet la til rette for at barna skulle undre seg og stille spørsmål undervegs. Kirkebakken barnehage er også eit godt eksempel på dette. I deira prosjekt «Se! Kjenn!» tok dei utgangspunkt i ein vanleg aktivitet som maling og sette den i fokus. Dei løfta fram det skjønne i det alminnelige. Barna fekk utforske og skaffa seg nye erfaringar med maling som materiale og teknikk, der personalet tilrettelagde for, støtta og utvida dei små ungane si estetiske erfaring. Personalets kontinuerlige refleksjon hjalp dei i prosessen med å ivareta ungane sin medverknad og fekk personalet ytterligare etisk bevisst på linja mellom å vise veg og leggje til rette for fri utforsking. Korleis klarer barnehagane å kvalitetssikre at deira intensjonar om å ivareta barns medverknad faktisk finn stad? Det vil vi vise i neste avsnitt om dokumentasjon.
Dokumentasjon
«Dokumentasjon av personalet sitt arbeid synleggjer korleis personalet arbeider for å oppfylle krava i barnehagelova og rammeplanen. Dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet skal inngå i barnehagen sitt arbeid med å planleggje, vurdere og utvikle den pedagogiske verksemda» (R17 s.39). I Bortigard barnehage brukar dei pedagogisk dokumentasjon for å sikre at dei får med seg kvar barnas interesse ligg og at medverknad blir tatt vare på. Dette tar dei opp på avdelingsmøte kvar veke. Dei brukar dokumentasjonen på forskjellige måtar, både som refleksjon over eigen praksis og for å kartlegge barna sine interesser. I tillegg bruker dei det i aktivitetar lagt opp rundt enkeltbarn, der målet kan være å få enkeltbarn til å bidra og tørre å vera med, eller for å framheve enkeltbarn. Spesielt har dei opplevd god effekt av dette i arbeid med barn med anna morsmål enn norsk, der eit barn som har blitt oppfatta som stille og usikker har fått skinne i kunstverkstaden. Dokumentasjon i form av bilde og notatar vart utgangspunkt for refleksjon i personalgruppa og dei såg tydeligare korleis dei kunne ta utgangspunkt i enkeltbarn si interesse og sterke sider i arbeidet. Dei opplevde også at dokumentasjon er eit nyttig reiskap for å sjekke ut korleis barna reagerer på ømfintlege tema.
I Kirkebakken barnehage jobbar personalet systematisk med å observere, dokumentere og reflektere undervegs for å kunne leggje til rette for det enkelte barn sin væremåte og språklege utvikling gjennom kroppslege og sanselege erfaringar. I arbeidet med Se! Kjenn! såg dei at for nokre av barna var maling som materiale nytt og ukjend, noko som gjorde at nokre barn først satt og observerte, medan andre gjerne ville bade i malinga. Ved å systematisk bruke dokumentasjon som reiskap, kunne personalet lettare fange opp dei ulike behova. Dette var særleg for å sjå utviklinga hjå dei som ikkje hadde verbalspråk. Barnehagen erfarte at det er krevjande både å skulle styre aktivitetar med barna samtidig som ein dokumenterer. Dei tilrår å ha to vaksne i møte med barna og nye aktivitetar. Dette for at dokumentasjon og analyse i etterkant kan bli enklare. Ved hjelp av denne dokumentasjonen har personalet etablert god innsikt i barnas styrker og utfordringar, noko som ikkje minst har gitt rom for å leggje til rette for og følge barna sin progresjon.
I Båsmobakken barnehage trakk dei fram at «pedagogens rolle er å stille spørsmål, observere, dokumentere og utfordre slik at barna kommer seg videre i sin utvikling ut fra sine forutsetninger, ønsker og behov». Dei brukar dokumentasjonen i felles refleksjon samen med barna. I Svartlamon kunstbarnehage beskriv dei dokumentasjon som «å få større, øyne, ører og hjerter, slik at vi lettere kan beskrive hva barna virkelig gjør og sier». Dokumentasjonen, i tillegg til aktuell litteratur, vert brukt til refleksjon blant pedagogane, og prosjekta kan på denne måten drivast vidare. Det er ein viktig men også «krevende måte å arbeide på og pedagogenes omsorgsfulle tilstedeværelse er en nødvendighet».
Arbeid på tvers av fagområdar
«Barnehagen skal sjå fagområda i samanheng, og alle fagområda skal vere ein gjennomgåande del av innhaldet i barnehagen». Barna skal få kunnskapar og ferdigheiter om og i fagområda og det skal mellom anna skje gjennom utforsking og skapande aktivitet (R17 s. 47).
Avdelinga Neptun i Betha Thorsen Kanvasbarnehage ville jobbe tverrfagleg og bestemte seg for å la fagområda Kunst, kultur og kreativitet og Mengd, rom og form være styrande for arbeidet med vennskap. Samankoplinga av desse fagområda blei til prosjektet «Estetikk og matematikk». Barnehagen meiner at «estetiske fag gjennomsyrer alle fagområder» og dei blei nysgjerrige og ønska å utvikle sin barnehage med dette som utgangspunkt. I prosjektet valde dei å undersøke korleis arbeidet med barna blir til når ein lar estetikk og matematikk styre gangen i prosjektets saman og på ein likeverdig måte.
Bortigard barnehage er ein kunst- og naturbarnehage der dei brukar kunst som eit pedagogisk hjelpemiddel i kvardagen. I tillegg har dei to prosjekt gjennom året, der dei legg ekstra vekt på kunstfaglig arbeid. I årsplanarbeidet kartlegg dei kva område dei vil jobbe med, deretter finn kunstnarisk leiar kunstnarar som har ein praksis som passar i tema: «Eg vil finne kunstnarar som belyser temaet på forskjellige måtar, slik at ein sikrar eit breitt spekter i møte med dei forskjellige barnas interesse» I Svartlamon barnehage sitt prosjekt «Monsterskjelett Mario» hadde dei samarbeidspartnarar frå forskjellige miljø – både kunst- og handverk, gjenbruk, dans og naturvitskap blei smelta saman i eit tverrfagleg prosjekt.
Eit barn som har blitt oppfatta som stille og
usikker har fått skinne i kunstverkstaden
Som vi ser av døma over, har ein i barnehagen ein unik moglegheit til å jobbe på
tvers av fagområder; og arbeid med kunst, kultur og kreativitet lar seg kombinere med kva som helst bare ein er litt oppfinnsam og vågar å satse.
Vegen vidare
Vi har her prøvd å vist til fellesnemnarar ved nokre av dei barnehagane som arbeidar særs godt med kunst, kultur og kreativitet. Vegen vidare for å auke kvaliteten på slik arbeid i eigen barnehage kan være å sjå sin eigen praksis opp mot desse. Den «Nasjonale barnehageprisen for kunst og kultur» skal delast ut på nytt i 2021 og me oppfordrar alle til å søkje. Vi gler oss allereie til å sjå alt det fantastiske arbeidet som blir gjort rundt i barnehagane. Lukke til!
Litteratur
Rammeplan for barnehagen, 2017, Utdanningsdirektoratet
Bakke, K., Jenssen, C. og Sæbø A. B., (2011).
Kunst, kultur og kreativitet. Bergen: Fagbokforlaget.