iframe{width:100%;}table a {display: inline-block;} Gå til hovedinnhold
Tre barn, en gutt og to jenter, lener seg til et gjerde med to kyr bak.

På biletet over står me ungane og heng ved gjerdet til kyrne Stjerna og Strømma. Fotoet er teke rundt midten av 1960-talet av P. Hermansen.

Garden som ramme for estetiske læringsprosessar

Tekst: Hilde Hermansen, seniorrådgjevar KKS

Denne teksten tek utgangspunkt i ei personleg erfaring langt tilbake i tid. Nokon vil kalla det eit nostalgisk barndomsminne. Sjølv definerer eg den fortidige hendingsrekkja som ei estetisk erfaring, noko som blir utdjupa i teksten. Erfaringa blir kopla vidare til omgrepet estetiske læringsprosessar og betydninga av å rydde plass for dette i dagens skulekvardag. I den samanhengen kan livet og arbeidde på garden danna ei spennande og inspirerande ramme for læringa til elevane.

Eit sommarminne – ei estetisk erfaring

Midten av 1960-talet: Me er på sommarferie hos bestemor og bestefar, som budde på ei øy på Helgelandskysten. Hit drog me nokre veker kvar sommar for å vera saman med nær familie og for å hjelpe til med slåtta. Enkelte ettermiddagar fekk eg gå saman med bestemor opp til sommarfjøset, der dei to kyrne skulle mjølkast. Å kvila hovudet mot den varmen kumagen, å sjå på dei rytmiske rørslene til bestemors trygge hender når ho mjølka, å lytta til den litt skarpe, distinkte lyden av mjølkestrålen som trefte sinkbøtta og å snusa inn lukta av kukropp og nyslått gras; det er sanseinntrykk som ikkje blir gløymde.

Seinare fekk eg bli med inn i bislaget der separatoren stod. Eit bislag er som eit lite utbygg eller vindfang framfor inngangsdøra på huset. Det er praktisk talt berre innanfor eldre byggjeskikkar at ein finn bislag (Storsletta, 2005-2007). I det svale bislaget helte bestemor mjølka opp i separatoren. For ei lita jente var det stas og nesten litt magisk å dra sveiva rundt, rundt og rundt, slik at fløyten pipla ut gjennom ein tut og mjølka gjennom ein annan. Eg likte ikkje noko særleg å drikka den mjølka; ho smakte annleis enn mjølka eg var vand til. Men då søndagen kom laga bestemor og eg riskrem med raud saus til heile storfamilien. Då kunne det vanka eit anerkjennede blikk frå fleire enn far min.

I ein større kontekst gav rekkja av ulike opplevingar meg ei kjensle av meining, samanheng og meistring. Når eg i vaksen alder reflekterer over den beskrivne hendingsrekkja, som elles vekkjer ei intens kjensle av glede også i dag, kan eg med det analytiske blikket mitt sjå at dei ulike opplevingane eller hendingane til saman utgjer det ein kan beskriva som ei estetisk erfaring.

Kan å mjølke ei ku utgjere ei estetisk erfaring?

Før samanhengen mellom barndommens sjellsettende opplevingar og estetisk erfaring blir utdjupa, skal eg klargjera forståinga mi av estetikkomgrepet; eit omgrep som gjennom historia har hatt skiftande innhald og som i dag verkar svært mangetydig. Også i overordna del av læreplanen finn me estetikkomgrepet brukt i ulike samanhengar. I kap. 1.4 snakkast det om estetisk sans, estetiske uttrykksformer, estetisk utfalding og dessutan læringsprosessar, som kan karakteriserast som estetiske (Kunnskapsdepartementet, 2017).

Mi forståing av omgrepet støttar seg til teksttolkingar av Alexander G. Baumgarten (1714-1762), som levde i ei tid der fornuft og rasjonalitet stod øvst i verdihierarkiet. Grepet hans var å oppløysa den paradoksale motsetninga mellom sansing og tenking, mellom erfaring og forståing, slik Kjørup beskriv det (2006, s. 8-9). Baumgarten definerte rett og slett ein annan måte å erkjenne på, cognitio sensitiva, sanseleg eller sensitiv erkjenning. Og som nemning på erkjenningsteorien sin lånte Baumgarten omgrepet aisthesis, sanseinntrykk eller sansning, av grekarane. Han gav den nye teorien namnet aesthetica, estetikk, og la slik grunnlaget for vitskapen om den sanselege eller sensitive erkjenninga (Bale, 2009; Kjørup, 2006). Ei viktig presisering i forståinga av Baumgarten er at estetikkomgrepet rommar meir enn det reint sanselege i empirisk forstand (Burman, 2014: Kjørup, 2006; Jørgensen, 2023). At eg som lita jente blei utsett for syns-, lukt-, lyd-, berørings- og smaksinntrykk handlar i seg sjølv ikkje om estetikk eller estetisk erfaring. Nei, estetikk, slik eg forstår det, omfattar meir; det omfattar både sansing, kjensler og forstand, knytt til eit allment omgrep om erfaring, noko eg kjem tilbake til.

Estetikk, slik eg forstår det, omfattar både sansing, kjensler og forstand, knytt til eit allment omgrep om erfaring.

Ein som grubla mykje over omgrepa erfaring og estetisk erfaring var John Dewey (1859-1952). Han skilde mellom lause, springande erfaringar me ikkje tenkjer noko særleg over og det å gjera ei erfaring (Dewey, 1934/2008). Han beskreiv det å gjera ei erfaring som enkeltdelar, som suksessivt og saumlaust flyt etter kvarandre, utan at dei enkelte delane gir avkall på sitt eige særpreg. Gjennom eit slikt erfaringsforløp opplevast alle delane som samanhengande, og erfaringa verkar heilskapleg, som ei eining. Når ei slik erfaring blir gjennomsyra og komplettert av ein særskild kvalitet; ein estetisk kvalitet Dewey omtaler som emosjonell, framstår det ei estetisk erfaring.Ved dette skil det å gjera ei erfaring seg ut frå straumen av erfaringar me kontinuerleg blir utsette for. Den blir ei spesifikk erfaring, der det er umogleg å skilja mellom det praktiske, det følelsesmessige og det intellektuelle (Dewey, 1934/2008).

Ein annan vesentleg føresetnad for å gjera ei erfaring er, ifølgje Dewey, individet si aktive samhandling med verda, og vekselverknaden mellom det han namngav som doing og undergoing (Dewey, 1934/1987, s. 52), å gjera noko og å gå gjennom noko. Når sambandet mellom handlinga (å gjera) og konsekvensen av handlinga (å gå gjennom) samlast i persepsjonen, gir det meining (Dewey, 1934/2008, s. 203). Slik eg forstår Dewey inneber det å gjera ei erfaring at det handlande individet skaper ei erfaring, og gjennom dette skjer det ei form for transformasjon.

Eldre kvinne og ku på gresseng. Melk som slås fra karaffel i glass.
Bestemor og Strømma ved sommerfjøset. Foto: P. Hermansen / Foto av melkeglass: H. Hermansen, KKS.

No kan det synest langt mellom Deweys utlegningar rundt erfaringsomgrepet og spørsmålet om det å mjølka ei ku kan utgjera ei estetisk erfaring. Likevel, når eg i vaksen alder reflekterer over hendingsrekkja frå barndommen, som rett nok omhandlar meir enn sjølve mjølkinga av ei ku, verkar erfaringa som ei samanhengande og spesifikk erfaring, ei unik eining, prega av intens glede og ei djup kjensle av verdi. Det gav meining å vera ein del av eit handlande kvardagsfellesskap, å ha ei særleg betydning. Med eit analytisk blikk omfattar den gjennomlevde erfaringa frå då eg var ei lita jente både noko sansande, noko sensitivt og noko forstandsmessig; alt dette i ein dynamisk vekselverknaden mellom å gjera noko og å gå gjennom noko. Men kva moglegheiter for transformasjon eller ny innsikt kan ei slik erfaring ha?

Estetisk erfaring og estetiske læringsprosessar

Viss me hentar fram Baumgarten og hans cognitio sensitiva igjen, så var han oppteken av at estetiske erfaringar fører til ein annan type erkjenning enn den reint sanse- og fornuftsbaserte. Dorte Jørgensen beskriv dette andre som noko «meir», noko ein merkar, føler og aner, men har vanskeleg for å setja ord på. Jørgensen meiner det er dette som løftar oss og set kvardagserfaringa vår i perspektiv (2023, s. 6-8). Ifølgje henne består ikkje resultatet av denne forma for erkjenning av kunnskap i vitskapleg forstand, men av innsikt (Jørgensen, 2023, s. 8).

På garden ved Helgelandskysten fekk eg ei forståing av samanhengen mellom det grøne graset, kua og den kvite mjølka. Dei fysiske lovene om sentrifugalkraft visste eg ikkje noko om, men eg fekk ei innsikt i at når eg drog sveiva på separatoren, så skilde fløyte og mjølk seg. Den spesifikke estetiske erfaringa utgjorde ikkje berre passiv observasjon, men ein skapande praksis i seg sjølv; ho produserte faktisk noko, nemleg forståing og innsikt, slik Jørgensen beskriv (2023). Og snarare enn berre å vera resultatet av ein individuell prosess, omhandla den beskrivne interaksjonen mellom meg og verda også kommunikative, historiske og kulturelle aspekt. I eit metaperspektiv kom dermed livet på garden til å bli ein viktig del av det å dannast som menneske.

Den spesifikke estetiske erfaringa utgjorde ikkje berre passiv observasjon, men ein skapande praksis i seg sjølv; ho produserte faktisk noko, nemleg forståing og innsikt, slik Jørgensen beskriv (2023).

Når Jørgensen beskriv korleis estetisk erfaring kan transformerast til læring, føreset ho «lydhør tilstedeværen, genuin erfaring og eftertænksom reflektion» (2023, s. 11). Ho set opp fire punkt som karakteriserer det ho kallar estetisk læring. Her finn me tydelege spor både frå Baumgarten og Dewey. Omsett lyder det som følgjer:

  • «Estetisk læring byggjer på erfaringar (som utviklar og dannar) til forskjell frå opplevingar (som er overfladiske).
  • Den estetisk læringa mobiliserer sensitiviteten (kjensle, sanseinntrykk og aning), ikkje berre sansninga.
  • Den involverer heile mennesket og opnar samtidig for det, som er større enn mennesket.
  • For både å danna og utdanna nokon må ein ha blikk for anna enn den kroppslege og intellektuelle utviklinga deira. Også den åndelege utviklinga deira, og ho krev estetisk læring».
    (Jørgensen, 2023, s. 12)

Eg forstår innholdet i Jørgensen sine fire punkter som samsvarande med innhaldet i omgrepet estetiske læringsprosessar.

Garden som pedagogisk ressurs for ny innsikt

Eit lite hav av tid har gått sidan eg som lita jente gjennomlevde det eg i dag kallar ei estetisk erfaring; ei erfaring som bidrog både til læring og danning. I løpet av dette tidsspennet har samfunnsmessige endringar sjølvsagt også påverka utdanningspolitikken, innhaldet i skulen og måten det blir lagde til rette for læring på. Det vil ikkje vera feil å påstå at skulen dei siste tiåra har tendert mot eit for einsidig kognitivt kunnskapssyn, der teoretiske fag, måling og testing har dominert skulekvardagen for elevane. Men skulen har eit mandat om å vareta heile mennesket. Formålsparagrafen peikar på at skulen skal hjelpa elevane til å utvikla kunnskap, ferdigheiter og haldningar slik at dei meistrar liva sine og slik at dei kan delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Skulen skal også leggja til rette for at elevane skal få utfalda skaparglede, engasjement og utforskartrong. Det tydelege signalet frå politiske styresmakter i dag er då også at me treng ein meir praktisk orientert skulekvardag.

Bilete teke frå gardar som er med i Inn på tunet, Nordland. Foto: K. Pedersen, KKS

Som pedagogisk ressurs kan garden opna for å la elevar gjera erfaringar som inkluderer både sansing, kjensler og forstand.

Barn og unge skal læra for livet. I den samanhengen kan garden med alle fasettane sine bidra til meiningsskaping, motivasjon og læring. Som pedagogisk ressurs kan garden opna for å la elevar gjera erfaringar som inkluderer både sansing, kjensler og forstand. Ei slik heilskapleg tilnærming til læring, basert på samspelet mellom mennesket og verda, blir også gitt til kjenne gjennom Deweys erfaringsomgrep (Hohr, 2013). Ei slik tilnærming tek alle sider av menneskets eksistens, dets vêren i verda, som det metodiske utgangspunktet. Ungane treng meir av det i skulekvardagen.

Kilder

Bale, K. (2009). Estetikk. En innføring. Pax forlag.

Burmann, A. (2014). Det estetiska, kunskapen och lärprocesserna. I A. Burman (Red.), Konst och lärande : essäer om estetiska lärprocesser (s. 7-28). Södertörns högskola.

Dewey, J. (1987). Having an Experience. I J. A. Boydston (Red.), Art as Experience.The Later Works of John Dewey, 1925-1953 (s. 42-64). Southern Illinois University Press. (Opprinnelig utgitt 1934). https://www.uio.no/studier/emner/uv/uv/UV9406/dewey-john-(1987).-art-as-experience.pdf

Dewey, J. (2008). Å gjøre en erfaring (A. Øye, Overs.). I K. Bale & A. Bø-Rygg (Red.), Estetisk teori. En antologi (s. 196-213). Universitetsforlaget. (Opprinnelig utgitt 1934).

Hohr, H. (2013). The Concept of Experience by John Dewey Revisited: Conceiving, Feeling and “Enliving”. Studies in Philosophy and Education 32 (1):25-38. https://www.uio.no/studier/emner/uv/uv/UV9406/hohr-the-concept-of-experience-by-john-dewey-author-s-version.pdf

Jørgensen, D. (2018). Hvad er æstetik?. I M.B. Johansen (Red.), Æstetik og pædagiogik (s. 23-38). Akademisk Forlag.

Kjørup, S. (2006). Another Way of Knowing. Baumgarten, Aesthetics and the Concept of Sensous Knowledge. Kunsthøgskolen i Bergen.

Lappalainen, J. H. (2023). Innan erfarenheten. Estetiska lärprocesser i ljuset av John Deweys estetik. I A. Burman (Red.), Konst och lärande : essäer om estetiska lärprocesser (s. 29-46). Södertörns högskola.

Storsletten, O. (2005 – 2007). bislag. I Store norske leksikon. https://snl.no/bislag

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.