Gå til hovedinnhold

Meld. St. 34 (2023–2024). En mer praktisk skole. Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn. Illustrasjon: Tibe Oslo.

På lag for ein meir praktisk, variert og relevant skule!

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (KKS) ser fram til å bidra i arbeidet med å sikre ein skule med meir praktisk læring i alle fag, og der dei praktiske og estetiske faga blir styrkte. Dette som eit svar på Meld. St. 34 (2023-2024) En mer praktisk skole. KKS har sett nærare på dei delane av meldinga som i særleg grad gjeld praktiske og estetiske fag.

Tekst: Hilde Hermansen, Charlotte Pannicke, Merete Hassel og Ann Karin Orset, KKS

Kven har sagt at ein lærer best når ein sit på rumpa heile dagen?

Jeg er lei av å sitte inne på klasserommet hele skoledagen, 6 hele timer på rumpa. (Elev. 10. trinn i Meld.St. 34, s. 14)

I Overordnet del (Kunnskapsdepartementet, 2017) og i læreplanar for ulike fag gir forskriftene føringar på at skulen skal gi elevane praktiske, varierte og livsnære erfaringar som fremjar motivasjon og innsikt. Dessverre er det mange elevar som melder tilbake at dei ikkje opplever skulekvardagen sin slik, jamfør hjartesukken til 10. klassingen og andre elevstemmer frå Elevpanelet (Meld. St. 34 (2023-2024), s. 153).

For å gi støtte til kommunane, skulane og lærarane i arbeidet med å lykkast med ein meir praktisk, variert og relevant skule, vil regjeringa utvikla eit nasjonalt program som skal bidra til meir praktisk læring i og på tvers av fag (Meld. St. 34 (2023-2024), s. 41). Dette inneber tilskot av økonomiske, pedagogiske, kompetansebyggjande og rettleiande ressursar.

For å gi støtte til kommunane, skulane og lærarane i arbeidet med å lykkast med ein meir praktisk, variert og relevant skule, vil regjeringa utvikla eit nasjonalt program som skal bidra til meir praktisk læring i og på tvers av fag.

Verkstader og utstyr for praktisk og utforskande læring

I tidlegare innspel til Kunnskapsdepartementet har KKS påpeika behovet for å oppgradera klasserom, verkstader og utstyr slik at det praktiske innhaldet i dei ulike faga og eigenart kan varetakast. I læreplanar for fag er verbet utforska det mest brukte (Universitetet i Oslo, 2021). Utbredelsen av å utforska kan forståast som ei styrking av elevaktive arbeidsformer og elevmedverknad (Karseth et al. 2020, s. 127). Då må skulebygg og utstyr vera oppgraderte slik at det er mogleg å utforska i den heile og komplekse betydninga av verbet.

KKS meiner det no er på sin plass at ytterlegare midlar blir prioriterte til skulebygg, verkstader og utstyr. Me ser positivt på at det blir innført ei rentekompensasjonsordning for investeringar og at tilskotsordninga for utstyr og læringsarenaer blir vidareførte. Mange kommunar signaliserer eit behov for innkjøp og oppgradering av utstyr til mellom anna musikkundervisninga, kunst- og handverkssalar og verkstader (Meld. St. 34 (2023-2024), s. 41). Her kan øyremerkte midlar i tilskotsordninga vera ei byrjing.

Pedagogisk og kompetansebyggjande støtte

I det nasjonale programmet for ein meir praktisk skule inngår også å utvikla og byggja opp konkrete faglege og kompetansebyggjande støtteressursar til kvart enkelt fag og til tverrfagleg samarbeid (Meld. St. 34 (2023-2024), s. 42). KKS bidreg kontinuerleg til å styrkja utforskande, praktisk og relevant læring innanfor det fagområdet me er ein del av og på tvers av fagområde.

Døme på støtteressursar er temapakkar i teikning, skapa i natur, samisk musikk og duodji mm. Eit anna døme er FoU-samarbeidet KKS har hatt med Dembra lærarutdanning og fleire lærarutdanningsinstitusjonar om Estetiske læringsprosessar, inkluderande læringsmiljø og førebygging av fordommar og utanforskap. Resultatet vil publiserast i skriftserien Kunst og kultur i opplæring.

Seks rektangulære utsnitt av ulike tegninger og, satt sammen til en collage.

Temapakke: Tegning.
Målet med temapakken er å klargjera betydninga av teikning i brei forstand, stimulera til refleksjon over eiga teikneundervisning og inspirera til auka bruk av teikning i fleire fag og i tverrfaglege samanhengar.

Illustrasjon

Temapakke: Samisk musikk
Målet med denne temapakken er å gi lærarar i grunn- og vidaregåande skule inspirasjon og fagleg påfyll for å møta krava i LK20, knytt til samisk musikk og kultur.

Temapakke: Duodji/duodje/duedtie og dáidda
Målet med pakken er å gi lærarar i grunn- og vidaregåande skule inspirasjon og fagleg påfyll for å møta krava i LK20, knytt til samisk kunst og kultur. Duodji/duodje/duedtie og dáidda er svært aktuelt knytt til tverrfaglege tema. Innhaldet er også relevant på høgare nivå, for lærarstudentar..

illustrasjon

Temapakke: Å skape i natur
Målet med pakken er å inspirera til å ta i bruk naturen som læringsarena for å fremja skaparglede, engasjement og utforskartrong. Respekt for naturen, miljømedvit og berekraft er sentralt. Å skapa i natur viser fleire vegar inn til tverrfagleg undervisning, der sansing og tenking, estetiske uttrykksformer og praktiske aktivitetar er sentralt.

Styrking av nasjonale sentre

Regjeringa anerkjenner dei nasjonale sentra som viktige bidragsytarar når det gjeld å heva kvaliteten på opplæringa i norsk barnehage og skule, og vil derfor styrkja desse. I tildelingsbreva vil dei 11 sentera få i oppgåve å følgja opp det nasjonale programmet for praktisk læring (Meld. St. 34 (2023-2024), s. 42). Fleire sentrum samarbeider allereie om ulike skuleutviklingstiltak. På oppdrag frå Statsforvaltaren i Nordland bidreg KKS saman med Matematikksenteret og Skrivesenteret i eit pågåande prosjekt som omhandlar god undervisning og vurderingspraksis etter LK20..

Regjeringa gjentek oppdraget dei nasjonale sentra har:
– utvikle ressursar og arbeidsmåtar som legg til rette for auka motivasjon og interesse for faget sitt
– bidra til at barnehagar og skular får auka kompetanse til å tolke og operasjonalisere rammeplanen og læreplanverket
– drive med forskingsformidling og praksisnær aktivitet og bistand til sektor basert på relevant forsking
– ved behov, støtte andre institusjonar og særleg lærarutdanningane i deira arbeid med kompetanseutvikling i barnehagane og skulane
– vera rådgivar for nasjonale utdanningsstyresmakter innanfor sitt fagområde.

Verdifulle lærarar og kompetanse i praktiske og estetiske fag

Det viktigste for elevenes læring, mestring og trivsel er at de møter kvalifiserte lærere med kompetanse i relevante fagområder og med fordypning i de fagene de underviser i. (Meld. St. 34 (2023-2024), s. 118).  

Formell fagkompetanse er eit avgjerande grep for å løfta praktiske og estetiske fag og styrkja eit praktisk, variert og relevant innhald i skulen. I meldinga blir lærarar med fagkompetanse i praktiske og estetiske fag løfta fram som verdifulle for arbeidet med skuleutvikling for meir praktisk læring (Meld. St. 34 (2023-2024), s. 43). Samtidig peikar regjeringa på utfordringane ved at om lag halvparten av lærarane som underviser i praktiske og estetiske fag ikkje har studiepoeng i faga (Meld. St. 34 (2023-2024), s. 46). Manglande formell kompetanse i dei praktiske og estetiske faga har uheldige konsekvensar for undervisninga. Dette kjem også tydeleg fram i kartlegginga Kunst og kulturfag på vent? (2023, s. 23), gjennomført av Oxford Research på oppdrag frå KKS.

KKS er positive til insentiva til styresmaktene når det gjeld vidareutdanning, tilskotsordning for lokal kompetanseheving og rettleiing for nyutdanna lærarar (Meld. St. 34 (2023-2024), s. 118-122). Krav om fagkompetanse vil både styrke statusen til dei aktuelle faga og fungere som forpliktande vegvisar for lokale skulestyresmakter ved nytilsetjingar og vidareutdanning av personalet.

Krav om fagkompetanse vil både styrke statusen til dei aktuelle faga og fungere som forpliktande vegvisar for lokale skulestyresmakter ved nytilsetjingar og vidareutdanning av personalet

Den førre regjeringa skriv i strategien Skaperglede, engasjement og utforskartrong (Kunnskapsdepartementet, 2019, s. 31) at dei, trass i råd frå fagmiljøa, ser det som meir formålstenleg å satsa på kompetanse- og utviklingstiltak, framfor å innføre kompetansekrav for å undervise i praktiske og estetiske fag. KKS ser på kompetansekrav som heilt nødvendige for å få til den ønskte snuoperasjonen for å gjere skulen meir motiverande, variert og praktisk. 

KKS ser på kompetansekrav som heilt nødvendige for å få til den ønskte snuoperasjonen for å gjere skulen meir motiverande, variert og praktisk.

Vurdering og eksamen som fremjer praktisk læring

Regjeringa ønskjer å støtte vurderingsformar som fremmer praktisk læring, mellom anna ved å inkludere praktiske og estetiske fag i lokal eksamensordning for 10. trinn og å prøva ut praktiske eksamensformer i fleire fag. KKS sin argumentasjon har gjennomgåenda vore at eksamen i musikk og kunst og handverk kan vera eitt av fleire tiltak for å styrke statusen, kvaliteten og innhaldet i faga.

Innføring av eksamen i praktiske og estetiske fag vil legge press på skuleeigarar og skuleleiarar når det gjeld å tilsette lærarar med formell fagkompetanse, og å prioritera spesialrom, materiale og utstyr. Innføring av praktisk eksamen kan dessutan bidra til å styrke vurderingspraksis og kvalitetssikra det faglege innhaldet. Det er viktig at det no takast konkrete grep for å styrke praksisorientert læring i alle fag og at det blir anerkjent ulike måtar for elevane å visa kompetanse på.

Det er viktig at det no takast konkrete grep for å styrke praksisorientert læring i alle fag og at det blir anerkjent ulike måtar for elevane å visa kompetanse på.

Med eksamen i praktiske og estetiske fag kjem også krav om formell fagkompetanse og vurderingskompetanse i faga. I dag kan studentane gjennomføre 5-årig grunnskulelærarutdanning utan å få kjennskap til eller utvikla erfaring med praktiske og estetiske fag. KKS spør: Korleis skal lærarar utan kompetanse i praktiske og estetiske fag kunne gjera undervisninga meir praktisk for elevane i klasseromma, slik både LK20/LK20S anbefaler og slik politiske styresmakter ønskjer?

Korleis skal lærarar utan kompetanse i praktiske og estetiske fag kunne gjera undervisninga meir praktisk for elevane i klasseromma, slik både LK20/LK20S anbefaler og slik politiske styresmakter ønskjer?

Les stortingsmeldinga her: Meld. St. (2023-2024). En mer praktisk skole Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn.

En mer praktisk skole – Stortingsbehandling

Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn er lagt fram. Denne behandles i stortinget torsdag 28.11.2024 fra kl 10.00.

Innst.55 S (2024–2025)
Innstilling til Stortinget fra utdannings- og forskningskomiteen
Meld. St. 34 (2023–2024)

Behandlinga direktesendes på stortingets nettTV og ligger også i opptak etterpå.

Les mer på Stortinget.no.

Saksgangen rundt Meld.St.34 (2023-2024)

Skriftlige høringsinnspill til komiteen.

Referanser

Karseth, B., Kvamme, O. A. & Ottesen, E. (2020). Fagfornyelsens læreplanverk. Politiske intensjoner, arbeidsprosesser og innhold. Det Utdanningsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo. https://www.uv.uio.no/om/aktuelt/aktuelle-saker/fakultet/2020/eva2020–delrapport—ap1-05102020.pdf’

Kunst- og kulturfag på vent?. Kartlegging og analyse av kunst- og kulturopplæring i grunnskolen i Norge 2022. (2023). Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæring.https://kunstkultursenteret.no/wp-content/uploads/2023/05/Kunst-og-kulturfag-pa-vent-2023.pdf

Kunnskapsdepartementet. (2017). Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen. Fastsatt som forskrift ved kongelig resolusjon. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/verdier-og-prinsipper-for-grunnopplaringen/id2570003/

Kunnskapsdepartementet. (2019). Skaperglede, engasjement og utforskertrang : Praktisk og estetisk innhold i barnehage, skole og lærerutdanning. Strategi https://www.regjeringen.no/contentassets/c8bbb637891443fea7971ba8e936bca4/skaperglede-engasjement–og-utforskertrang.pdf

Meld. St. (2023-2024). En mer praktisk skole Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn. Kunnskapsdepartementet.https://www.regjeringen.no/contentassets/dcc936e85f4c43bf90ecf0bafabb00a8/no/pdfs/stm202320240034000dddpdfs.pdf

Universitetet i Oslo. (2021, 12. januar). Læring gjennom å utforske. Det utdanningsvitenskapelige fakultet. https://www.uv.uio.no/forskning/satsinger/fiks/kunnskapsbase/elevaktive-arbeidsformer/lering-gjennom-a-utforske/

Zvanut, M.B. (2019). Eksamen i kunst og håndverk? Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen. https://kunstkultursenteret.no/ressursbase/eksamen-i-kunst-og-handverk/

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.