Gå til hovedinnhold
tre barn sitter på gulvet og holder føttene mot hverandre.

Alle foto: Bortigard barnehage

Mellom, sammen – kunstpedagogisk prosjektarbeid i barnehagen

I Bortigard sine kunstprosjekt ligg det eit ønske om å la barna få oppleve at kunstprosjektet blir arbeida med i heile barnehagen. Dei vil at presentasjonar og møter med kunst og kunstnaren blir opplevingar i fellesskap på tvers av avdelingane.

Tekst: Kathrine Pedersen, KKS. Ingrid Skarprud, Bortigard barnehage. Alle foto: Bortigard Barnehage

I detta prosjektet måtte dei tenke annleis, då korona og inndeling i kohortar gjorde at dei måtte finne fellesskapet på andre arenaer. Prosjekttittelen MELLOM, SAMMEN seier noko om korleis  barna kan få desse felles opplevingane.

«Me er saman om eit felles prosjekt, men det er i mellomrommet me må dele»

Kollasj av foto av barn i kunstaktivitet

Mål for prosjektet

  • Gjennom arbeid med kunst skal barna utvikle sin toleranse for hverandre.
  • Ved hjelp av film, foto og utstillinger skal kunstprosjektet bidra til å skape samhold og felles opplevelser for de ulike kohortene i barnehagen.

Samtidig hadde barnehagen eit overordna tema for året som handla om det psykososiale miljøet. Det var viktig å skape eit prosjekt som gjennom kunsten kunne auke fokuset på å løfte enkeltbarn og legge til rette for eit kunstfagleg arbeid der ein kunne jobbe med barnas individuelle uttrykk.

Personalet valde ut inspirasjonskunstnarane Sarah Sze, Yoko Ono og Heather Hansen som brukar forskjellige uttrykk i sin kunst. Heather Hansen jobbar kroppsleg i brytningspunktet mellom teikning og dans. Sarah Sze har ein taktil og finmotorisk tilnærming med sine konstruksjonar, mens Yoko Ono har ein filosofisk og kognitiv arbeidsmåte ved hjelp av sine instruksjonar.

For å la barna oppleve fellesskapet- på tross av adskilte avdelingar, hadde barnehagen ein felles installasjon i uterommet. Den var inspirert av Sarah Sze sin kunst, og var ein skulptur/installasjon som utvikla seg gjennom prosjektet. Barnehagen har fire avdelingar på huset, og alle bidrog. Barna såg forandringar frå kvar gong dei var der. I uterommet hadde dei og eit ønsketre inspirert av Yoko Ono. På denne måten skapte dei noko saman.

I våre kunstarbeid startar me alltid med å gje barna eit inntrykk. Dette blir stort sett gjort i fellesskap, der me samlar barna etter alder og gjer dei ei oppleving av kunsten eller kunstnaren som ein start. Dette valte me å prioritere denne gongen og. Me god avstand og mindre grupper om me presenterte inne, vart alle barna introdusert for inspirasjonskunstnarane i løpet av ei veke.

Ingrid Skarprud, Bortigard Barnehage

Personalet går i inn i roller som kunstnerkarakterer gjennom prosjektperioden. Sarah Sze var inspirasjon for en rollefigur i dette prosjektet. Sara Sze hadde ein kvit drakt, eit symbol på ryggen og en verktøykasse med utstyr ein trong for å jobbe i installasjonen. Figuren sin drakt gjorde at fleire voksne kunne gå inn i rollen. Rollefiguren var eit tydeleg signal for barna om at «nå er me i ein kunstaktivitet». Når barna deltok i kunstaktiviteten fekk dei eit stempel som bevis på at dei hadde jobba med installasjonen den dagen. Gjennom dette arbeidet ønska personalet å sikre at barna finn sin plass i fellesskapet. I kunstaktivitetene skal dei oppleve at deira initiativ blir løfta, samt utvikle toleranse for kvarandre.

Gjennom prosjektet vart same aktivitetar gjennomført på tvers av avdelingane. Nokre av desse aktivitetane vart delt digitalt, slik at barna fekk forsterka opplevinga av eit fellesskap og vart nysgjerrige på kunstuttrykka til kvarandre. I arbeidde med Yoko Ono og Heather Hansen hadde barnehagen eit utval av instruksjonar og musikk som alle tok utgangspunkt i. Ved å ha dette felles utgangspunktet var målet at barna kunne kjenna igjen instruksjonar og få ei oppleving av korleis andre barn har teikna til musikken.

Den første veka er dei tilsette observante på kva kunst barna lar seg fasinere av. Kor ligg interessa? Er det nokre enkeltbarn som treng å få fokus i gruppa som opplevde meistring eller fascinasjon? På bakgrunn av barnegruppa, vel personalet kor dei tar prosjektet vidare. Ein kan fokusere på ein kunstnar eller alle saman. Personalet deler barna på avdelinga inn i grupper etter alder og modning, og har kunstaktivitetar i desse gruppene. Samtidig er kunsten ein del av kvardagen, der heile gruppa er deltakande. Her kan barna nytte seg av kunstmaterial som er tilgjengelege i frileiken, samt at spesielt Yoko Ono sine instruksjonar var ein del av samlingar og måltid.

For barna sin del blir ofte kunsten bundet saman på tvers av kunstnarane. Dette gjorde at Heather Hansen sine kolteikningar fort vart kopla opp mot Yoko Ono sine instruksjonar. Borna fekk då instruksjonar som «Teikn til rytmen av musikken», «Teikn til du møter ein anna strek», «Teikn til alle strekar møtast», «Teikn så langt armane dine rekker». Seinare vart dei største barna oppfordra til å lage eigne instruksjonar. Kvar avdeling hadde ei postkasse, og her delte dei brev med oppfordring til å sjå video avdelingane delte på mykid, instruksjonar dei kunne følgje, objekt som dei kunne henge opp i Sarah Sze sin skulptur eller bilete frå kunstaktivitetar. Slik sikra dei eit fellesskap i eit mellomrom.

Ein avdeling valte å lage sine eigen Sarah Sze-kube inne. Denne vart knytt opp mot det felles arbeidet ute. Dette var tilsette som observerte barnas interesse og følgde deira initiativ til å skape ein installasjon inne og. Avdelinga hadde same kube inne som ute, og dermed var det enkelt for barna å oppfordre til å gjenta aktiviteten inne. Med å vere open for slike retningar sikrar ein barna si medskaping.

Barnehagen har erfart at det er fint å nytte seg av inspirasjonskunstnarar som karakter i prosjekt. I Mellom, Sammen valte dei at Sara Sze skulle bli ein kjent skikkelse for barna. I rolla som Sara Sze skulle den vaksne vera ein samlande karakter i aktiviteten. Ho vart ein autoritativ voksen som skulle anerkjenne barnas initiativ, gje dei positiv retning og veiledning i prosjektet. Den vaksne si rolle er å både framheve og dempe barna sine initiativ slik at det ikkje alltid er dei same som får gjennomslag for sine idear.

Som avslutning valte personalet å legge arrangementa ute. Då hadde dei ein dag til kvar kunstnar. Sarah Sze sin skulptur vart tatt ned og resirkulert. Noko var restavfall, papir, plast, metall, men dei måtte og ha ein eigen kategori som var museum. Dette var objekta som var så fine at dei måtte spare på dei. Yoko Ono fekk sin eigen fredsfestival. Her hadde dei eit felles fredsbrøl, alle maleria som hadde vore vatna gjennom prosjektet vart presentert og dei laga eit nytt stort måleri prega av fredssymbol. Til Heather Hansen si avslutning hadde dei fire store presenningar, ein til kvar avdeling. Dette gjorde at dei kunne teikne saman i kvar kohort.

Arbeidsmåte

I Sammen sine barnehager legges det særlig vekt på at de ansatte kan inngå i kvalifiserte relasjoner med barn. Det vil si relasjoner bygget på kunnskap om det enkelte barn, barns generelle utvikling og våre egne motiver og holdninger. Barn trenger sensitive voksne som kan tone seg inn på den andre, og er i stand til å fange opp og tolke adferd, reaksjoner og uttrykk. Når barnet blir møtt av en sensitiv voksen, som forstår barnets signaler, vil barnet føle seg forstått og trygg. (Utdrag frå Årsplanen 2021/2022)

Barnehagens tips til gjennomføring

  • Det vart kaldt å jobbe ute vinterstid med Sara Sze sin installasjon. Enkelte dagar måtte dei droppe det arbeidet pga vind, kulde, regn eller sno. Lurt å tenke på årstid i planlegging.
  • Kull blir fort brukt opp. Kjøp inn eit godt lager av kull og bruk fixeringsspray for å bevare noko av det.
  • Tenk på det fysiske miljøet. Korleis bevare barnas medskaping i å kunne sette i gang med kunstaktivitet i frileiken.
  • Bruk pedagogisk dokumentasjon for å sjå kva barna vart opptatt av og korleis dei tilnærma seg materialar og korleis dei vel å uttrykke seg

For Bortigard er samhald viktig innad i barnehagen. Når covid-19 gjorde det vanskeleg å samarbeide valte dei å fokusere på tidelgare kunstprosjekt der dei hadde hatt suksess. Dei ville jobbe kroppslig, og valgte derfor kunstneren Heather Hansen. Dei ville ha ein sterk karakter som kunne lede i kunstaktivitetane og valte då Sarah Sze, som kunne vera ledande på alle avdelingar og i eit felles prosjekt. Til slutt valte dei å jobbe med Yoko Ono, som dei også tidlegare har jobba med og har erfart passar veldig bra for barn i alle aldrar.

I møtet med Yoko Ono sine instruksjonar får ein undring og fantasi. Ei av dei tilsette meiner at dagen då hen si gruppe teikna eit kart for å gå seg vill, er ein av dei finaste dagane i løpet av heile karrieren. Slike instruksjonar gjer at ein kan sleppe seg laus og la barna få lov til å forsvinne heilt inn i eit prosjekt over lang tid. Å ta inn kunstnarar som kan bli ein del av leiken er utviklande og inspirerande for både barn og tilsette. Å la kunsten bli ein inspirasjonskilde til leiken kallar Bortigard for kunstleik, og er noko dei sett av tid til å diskutere i forkant av prosjekt. Her er nokre forslag til reflekssjonspørsmål i forkant av egne prosjekt.

  • Korleis vil dette prosjektet kunne bli levande i barnas frileik.
  • Kva må me som tilsette tilrettelegge av material og det fysiske miljø for at dette skal skje.

Mellom, Sammen går den profesjonelle kunsten uredd i møte. Metodikken er kompromissløs på den måten at alle voksne og barn må gi seg hen til prosjektet. Resultatet er stor trygghet og lek kombinert med sanselighet og respekt for kunsten som et språk. På den måten skapes en arena hvor man kan leve ut både problemstillinger og følelser som kanskje ikke kommer godt nok til uttrykk på andre måter i livene våre. Gjennom å leke seg inn i kunsten inviteres barna tidlig inn i kunstfeltets univers, og gjør det til sitt. Det er gledelig for juryen å se en barnehage som jobber helhetlig med kunstpedagogisk arbeid over tid.

Juryen for barnehageprisen 2021 har bestått av:

Inger Margrethe Stoveland

Inger Margrethe er leder for Fluks – Senter for ung kunst og kultur ved Universitetet i Agder. Hun arbeider lokalt, nasjonalt og internasjonalt med prosjekter som støtter og utvikler unge kunstnere, samt som prosjektleder for større kunstprosjekt som involverer mange barn og unge i Kristiansandsområdet. Blant disse er Skapende Barn, Barnas Rutpluks, Slow Bridge og MyMachine.

Inger er utdannet innenfor litteraturvitenskap, kunst og administrasjon. Hun har også arbeidet aktivt som scenekunstprodusent i Jo Strømgren Kompani. Inger Margrethe var også prosjektleder for Kristiansand kommune i Kulturbarnprosjektet som KKS ledet i samarbeid med Kulturtanken og Norsk Kulturskoleråd.

Anne Helga Henning

Anne Helga Henning er utdannet ved Kunstakademiet i Trondheim og hun har videreutdanning som atelierista fra Reggio Emilia instituttet i Stockholm. Hun har jobbet som atelierista på Svartlamon kunst og kulturbarnehage i Trondheim fra 2007 til 2017. Gjennom hennes 10 år lange samarbeid som atelierista ved Svartlamon barnehage over, har barnehagen vunnet den nasjonale barnehageprisen tre ganger.

Henning har vært engasjert i ReMidadagene i Trondheim både i 2012, 2014, 2016 og 2018. ReMidadagene har fokus på små barn, gjenbruk og estetiske prosesser og produseres av Reggionettverket i Trondheim i samarbeid med ReMida Trondheim.

Siden 2018 har Henning vært ansatt i en 50% stilling som universitetslektor i tegning ved fakultet for arkitektur og design på NTNU. Hun har likevel fortsatt å jobbe med barn i ulike estetiske prosesser, både innenfor barnehage og skole. Hun har også holdt mange foredrag og workshops for pedagoger.

Kathrine Pedersen

Kathrine er ansatt som rådgiver ved Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen (KKS) og har et særlig ansvar for barnehagefeltet. Hun er utdannet barnehagelærer og har jobbet som pedagogisk leder i barnehage i flere år. Som pedagogisk leder var hun opptatt av å skape arenaer hvor barna fikk rom for å oppleve og skape, eksperimentere og få inspirasjon til egne kunstneriske uttrykk. På KKS har hun jobbet med prosjekter som Kulturbarn, REKOM, utvikling av undervisningsopplegg og støtteressurser, samt at hun har skrevet artikler for både Barnehagefolk og Verktøykassa.

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.