iframe{width:100%;}table a {display: inline-block;} Gå til hovedinnhold

Måltidet som pedagogisk arena

Forside hefte

I den nye rammeplanen for barnehagar har mat og måltid fått ein tydelegare plass. Dette heftet er utvikla av åtte nasjonale senter, på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Kvart av sentera har laga ein aktivitet frå deira fagområde som viser ulike måtar å nytte måltidet som ein pedagogisk arena i barnehagen.

Heftet er meint å vere ein inspirasjon for deg som arbeider i barnehagen. Vi håpar at du etter å ha lese det vil reflektere over og teste ut korleis ulike delar av rammeplanen kan integrerast i måltida i barnehagen. Vi håpar òg du ynskjer å fortsette å utforske moglegheitene som ligg i måltidet, og at du inviterer borna til ulike aktiviteter der dei kan fortelje, undre seg, reflektere og stille spørsmål.

Det estetiske kan bli synleg ved å dekke bord, legge maten på tallerkenen og bruke alle sansane til å utforske maten. Sjå kva kunst- og kultursenteret har skrive i kapittelet «Måltidet som estetisk erfaring». Heftet høver også godt for bruk i SFO.

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.