Undervegs- og standpunktvurdering i foto og grafikk 1
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i foto og grafikk 1. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei gjennom skapande prosessar arbeider med og formidlar eigne biletuttrykk. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse når dei hentar inspirasjon frå kulturelle og samfunnsaktuelle kjelder og utforskar og vurderer medium og visuelle uttrykk.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å utforme oppgåver som fremjar kreativitet, individuelt særpreg og skaparglede. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i foto og grafikk 1, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetanse innanfor eit breitt spekter av kunnskap og ferdigheiter i arbeidet med foto og grafiske uttrykk.
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa i foto og grafikk 1. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer utføring, forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i foto og grafikk 1 basert på kompetansen eleven har vist gjennom varierte praktiske og utforskande prosessar.
Underveis- og standpunktvurdering i foto og grafikk 2
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i foto og grafikk 2. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei gjennom skapande praktiske prosessar utviklar og formidlar eigne tankar og idear i ulike biletuttrykk. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei bruker fagspråk og presenterer, reflekterer over, vurderer og utforskar uttrykk, meining, teknikkar og materiale. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse når dei arbeider med og ser samanhengen mellom innhald, uttrykk og kontekst i kunst, medium og visuelle uttrykk, og når dei bruker kulturelle og samfunnsaktuelle kjelder i eige arbeid.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å utforme varierte oppgåver som fremjar kreativitet, individuelt særpreg og skaparglede. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i foto og grafikk 2, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetanse innanfor eit breitt spekter av kunnskap og ferdigheiter i arbeidet med foto og grafiske uttrykk.
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa i foto og grafikk 2. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer utføring, forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i foto og grafikk 2 basert på kompetansen eleven har vist gjennom varierte, praktiske og skapande prosessar og gjennom presentasjon og visuell formidling av eigne arbeid av foto og grafiske uttrykk