Frå: Sjøuhyret i fjæra - Kreativt arbeid i barnehagen om marin forsøpling
Eit hav av moglegheiter
TV-aksjonen NRK 2020 går til arbeidet WWF gjer for å kjempa mot plast i havet. Me har samla nokre ressursar frå ressursbasen vår, og viser til materiell frå aksjonen.
Respekt for naturen og miljøbevisstheit
I Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa finn vi verdigrunnlaget for opplæringa. I kap.1.5 står det:
«Mennesket er ein del av naturen og har ansvar for å forvalte han på ein forsvarleg måte. Gjennom opplæringa skal elevane få kunnskap om og utvikle respekt for naturen. Dei skal få oppleve naturen og sjå han som ei kjelde til nytte, glede, helse og læring. Elevane skal utvikle bevisstheit om korleis levesettet til menneska påverkar naturen og klimaet, og dermed òg samfunna våre. Skolen skal bidra til at elevane utviklar vilje til å ta vare på miljøet.» (Utdanningsdirektoratet, 2017)
Berekraftig utvikling handlar om å verne om livet på jorda og ta vare på behova til menneske som lever i dag, utan å øydeleggje moglegheitene framtidige generasjonar har til å dekkje sine behov
Berekraftig utvikling er eit av dei tverrfaglege temaene i LK20. I kap.2.5.3 står det mellom anna: «Berekraftig utvikling handlar om å verne om livet på jorda og ta vare på behova til menneske som lever i dag, utan å øydeleggje moglegheitene framtidige generasjonar har til å dekkje sine behov» (Utdanningsdirektoratet, 2017)
Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa
Ressursar frå ressursbasen
I ressursbasen vår finn du ressursar for heile opplæringsløpet, innan fag og ulike tema. Teksten er henta frå ressursen.
Gjenbruk – med fokus på miljø og bærekraftig utvikling
«Verden oversvømmes av plast. Plastavfall er i dag ett av de største miljøproblemene vi har i havet. På Sotra ble en syk hval med 30 plastposer i magen avlivet, vinteren 2017. Fjæra i nærmiljøet fylles av plast, og øyer der ingen bor fylles av plast. Plasten fyller havet og det ligger mengder på havbunnen. Noe kan vi se. Det meste ser vi ikke.»
Gjenbruk – med fokus på miljø og bærekraftig utvikling
Sjøuhyret i fjæra – kreativt arbeid med marin forsøpling
«Marin forsøpling har både et globalt og et lokalt perspektiv og er derfor et dagsaktuelt tema. Dette prosjektet viser hvordan man kan jobbe med undervisning for bærekraftig utvikling i barnehagen. Det er utvikla og utprøvd i tett samarbeid mellom lærare og studentar i lærerutdanninga ved Nord universitet og ungar og vaksne i Ytteren miljøbarnehage i Mo i Rana.»
Sjøuhyret i fjæra – kreativt arbeid med marin forsøpling
Bærekraftig LandArt
«Plast og øvrig søppel i naturen er i ferd med å bli et av våre største miljøproblemer. I dette undervisningsopplegget viser vi en måte å øke bevisstheten rundt dette ved å jobbe tverrfaglig med naturfag, matematikk, samfunnsfag og kunst og håndverk. Barna fikk utforske kunstformen LandArt i skolens nærområde i dette arbeidet.»
Kompetansepakken – Å skape i natur
I vår ferske kompetansepakke Å skape i natur, finn vi og ei ressurs som kan nyttast inn mot temaet for årets aksjon.
Organismer i fjæresona
«Forfatterne beskriver hvordan man ved å ta i bruk det utvidede læringsrommet, her fjæresonen, kan tilføre undervisningen estetiske dimensjoner, ikke bare relatert til kunst, men også til studentenes evne til dypere opplevelse og meningsdannelse i naturvitenskap.»
TV-aksjonen og deira ressursar
TV-aksjonen si heimeside har mykje informasjon og dei har laga opplegg for mellom anna skulane: Kvart år blir det laga eit digitalt undervisningsopplegg for born og unge med tema for årets TV-aksjon. Opplegget er tverrfagleg, og kan gjennomførast på alt frå to timar til ein heil dag. Det dekker fleire av kompetansemåla i læreplanen. Gode lærarrettleiingar gjer det enkelt for lærarar å bruka. Det er gratis og tilgjengeleg for alle.
Opplegget i år gjev elevane moglegheit til å læra om korleis plast på avvegar øydelegg for menneske – og dyreliv. Ein reknar med at rundt åtte millionar tonn plast hamnar i havet – kvart år. Gjennom bilete, film og spel kan skuleelevane på alle klassesteg, læra meir om kva me kan gjera for å hindra at plast hamnar i havet.
Gå inn på blimed.no
Ressursar for skuler og barnehagar
Kjelder:
Utdanningsdirektoratet. (2017). Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen. Henta frå https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/opplaringens-verdigrunnlag/1.5-respekt-for-naturen-og-miljobevissthet/?lang=nno