God jul, kunst- og kulturvener!
Då er me der igjen, at jula bankar på, og me kan senke skuldrene nokre veker etter eit innhaldsrikt og spennande kunst- og kulturår!
Verkstaden som læringsarena
I januar 2024 var omlag 60 lærerutdannere innan kunst og handverk samla i den europeiske kulturhovudstaden Bodø, til to intense dagar med forskingsframlegg, faglege diskusjonar og praktisk arbeid i verkstadene. Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa og Nord universitet var vertskap for Nettverk for formgiving, kunst og handverk i universitets- og høgskulesektoren (KHUH). Overordna tema for nettverkssamlinga var verkstaden. Temaet var særleg aktuelt med tanke på Meld. St. 34 (2023-2024) En mer praktisk skole og kravet om vektlegging av estetiske læringsprosessar i alle fag i lærarutdanninga. Verkstadene er viktige lærings-, dannings-, og opplevingsarenaer og navet i praktisk skapande arbeid i barnehage, skule og lærarutdanning.
En meir praktisk skule
I samband med den nemnde stortingsmeldinga har KKS bidrege aktivt med innspel til Kunnskapsdepartementet. Me ser fram til å intensivera arbeidet med å sikra ein skule med meir praktisk læring i alle fag, og der dei praktiske og estetiske faga blir styrkte. Samtidig understrekar me nødvendigheita av at det må innførast kompetansekrav for lærarar som skal undervisa i praktiske og estetiske fag og at praktiske og estetiske fag igjen må bli ein obligatorisk del av grunnskulelærarutdanninga.
KKS ser positivt på at regjeringa i meldinga anerkjenner dei nasjonale sentra som viktige bidragsytarar når det gjeld å heva kvaliteten på opplæringa i norsk barnehage og skule. I arbeidet vårt bidreg KKS kontinuerleg til å styrkja utforskande, praktisk og relevant læring, innanfor det fagområdet me er ein del av og på tvers av fagområde.
Den nye stortingsmeldinga er også sentral når KKS, saman med Matematikksenteret og Skrivesenteret, bidreg i eit pågåande utviklingsarbeid der god undervisning og vurderingspraksis etter LK20 er tema. På oppdrag frå Statsforvaltaren i Nordland har dei nasjonale sentra så langt «utsett» rundt 300 skuleeigarar, skuleleiarar, lærarar, tillitsvalde og tilsette i PP-tenesta for praktisk, variert og relevant undervisning. Målet er å følgja opp med lokalt forankra skuleutviklingsprosjekt, som inspirerer til god undervisning og vurderingspraksis og ein meir motiverande skulekvardag for elevar i norsk skole.
Ta i bruk den nære kunsten!
I samarbeid med Kunst i skulen har KKS vidareutvikla ressursheftet Ta i bruk den nære kunsten!. Snart slepp me eit opptak av webinar i ressursbasen og ein læringssti til bruk i kompetansehevande tiltak blant personale eller i lærarutdanning. Dette gir kunnskap om og inspirasjon til å jobba med kunsten ved skulen og i nærmiljøet. Temaet er aktuelt i fleire fag og kan knytast til kompetansemål både i kunst og handverk, norsk og samfunnsfag frå 4. til 10.trinn. Her finn du også tips om korleis du kan bidra til å gi skulen eit estetisk løft!
Over 100 elevar, studentar, lærarar, lærarutdannarar og musikarar lét seg begeistre då vi i november arrangerte ein workshop i musikalsk imitasjonslæring (planking) på Dokkhuset i Trondheim. Workshopen var eit samarbeid med Jazzlinja på NTNU og kjente profilar innan planking. Prosjektet blir vidareført i form av digitale undervisningsressursar som snart blir publiserte i ressursbasen.
Samisk dans og DKS i lærarutdanninga
Dei siste åra har KKS auka fokuset på kunst- og kulturfagleg innhald i høgare utdanning. Dette har resultert i samarbeid med mellom anna Ola Stinnerbom om utvikling av undervisning i samisk dans for lærarstudentar, og dessutan videoleksjonar i samisk dans for barnehage og grunnskule. KKS har og inngått samarbeid med Kulturtanken, Nord universitet og Den kulturelle skolesekken om å undersøkja korleis DKS kan inngå som ein obligatorisk del av lærarutdanningsløpet. I haust fekk derfor studentar ved Nord universitet i Bodø oppleva den engasjerande forteljarframsyninga Dronningtimen av og med Remi Hovda.
Nye ansatte på KKS
Det er gledeleg å melda at me i løpet av hausten har fått fleire nye og dyktige medarbeidarar i Bodø, Charlotte Pannicke innan kunst og handverk og Wenche Torrissen innan drama og teater. Med oss på laget har me og ein doktorgradsstipendiat, Aase-Hilde Brekke, som skal forska på estetiske læringsprosessar i arbeidet med kulturarv i grunnskulelærarutdanning.
Kunst- og kulturaktivitet for ungdom med minoritetsbakgrunn
Hausten har vore travel, og KKS har jobba med fleire forskingsprosjekt. Eit av dei er HÆR E Æ!, som undersøker betydningen av å delta i kunst- og kulturaktivitet for ungdom med minoritetsbakgrunn. Initiativtaker og prosjektleder er pedagog og dramatikar Rebekka Brox Liabø, som i prosjektet samler ungdom frå ulike delar av verda til å utforske eigne opplevingar og meiningar gjennom kunst- og kulturuttrykk. Med base i skulen nyttast ulike kreative metodar for å skape ei trygg ramme der ungdom kan uttrykkje seg gjennom kropp, samspel, handling og ord. KKS har intervjua elevar og lærarar om deira erfaringar for slik å få betre kunnskap om kva betydning det å ta del i ulike kunst- og kulturaktiviteter kan ha for ungdom som er ny i Noreg.
UNESCO Framework for Culture and Arts Education
I oktober inviterte KKS og ENO Norway til ein digital lesesirkel av UNESCO Framework for Culture and Arts Education. Rammeverket vart introdusert og lese høgt av ei rekkje inviterte aktørar frå kunst-, kultur- og utdanningsfeltet i Noreg. I tillegg var det korte bidrag med perspektiv på kva rammeverket kan bety for vidare utvikling av feltet. Rammeverket blir no omsett til norsk i regi av KKS/ENO Norway.
Ny skriftserie
Senteret er stolt av vår nyetablerte vitskaplege skriftserie Kunst og kultur i opplæring gitt ut av Cappelen Damm Forskning. Serien publiserer forsking knytt til kunst- og kulturrelaterte tema i heile opplæringsløpet, frå barnehage og skule til lærarutdanning. Målet er å fremja ny fagspesifikk, tverrfagleg og interdisiplinær forsking, og dessutan utviklingsarbeid innan ulike felt. Slik håpar me å inspirera til dialog og samarbeid mellom fag- og forskingsmiljø og praksisfelt om sentrale tema. Fleire antologiar er i prosess. Nøl ikkje med å kontakta redaktør Regine Vesterlid Strøm om du har ein idé til antologi eller ei avhandling som du ønskjer publisert!
Syng jula inn
Med litt rolegare dagar i vente inviterer me deg til å søkja i vår varierte og rikhaldige ressursbase på nettsida til senteret. La deg inspirera til kreative, skapande og praktiske aktivitetar i året som kjem, anten i barnehage, skule eller lærarutdanning. Kanskje får du lyst til å utforska nokon av ressursane heime allereie i romjula? Sjekk til dømes ut gratisressursane til dei to bøkene som KKS har bidrege til: Sangglede og stemmebruk i barnehagen (2023) eller Sangglede og stemmebruk skolen (2024.) Syng jula inn – medan du følgjer oss på Facebook og Instagram!
Med ønske om ei fredfull julefeiring, fylt med aktivitetar som gir deg energi inn i det nye året.
God jul og godt nytt år frå oss på Kunst- og kultursenteret!
Meir lesing
- Verkstedet som læringsarena.
- På lag for ein meir praktisk, variert og relevant skule! Artikkel om Meld.St. 34 (2023-2024)
- Ta i bruk den nære kunsten! Eit ressurshefte i samarbeid med Kunst i skolen
- Magisk eventyrstund for lærerstudenter!
- UNESCO Framework for Culture and Arts Education – digital lesesirkel.
- Kunst og kultur i opplæring. Skriftserie KKS
- Mer sang og stemmelek i barnehagen!
- Mer sang og stemmelek i skolen!
https://www.facebook.com/Kunstogkultursenteret/
https://www.instagram.com/kunstkultursenteret/
https://www.youtube.com/channel/UC7g0F6IWsY8q8HmuHmkYx1g/featured