"Welcome to the mountains 2, oker", utsnitt av digitalt grafisk verk av Ørjan Elias Eikemo. Attgjeve med løyve.
Ein estetisk start på skuleåret
«Fjell lyt du yver skal du koma lenger», skreiv diktaren Olav H. Hauge (1994, s. 285). Saman med Ørjan E. Eikemo sitt verk «Welcome to the mountains 2, oker”, dannar diktlinje og kunstverk ein metafor for omlag 60 lærarar sitt ønske om å læra meir om estetiske læringsprosessar, for nettopp å koma lenger i sitt eige praktiskpedagogiske arbeid med elevane.
Tekst Hilde Hermansen og foto Ragnhild Merete Hassel, seniorrådgivere ved KKS.
Lærarar frå fem ulike kommunar var samla i Brønnøysund då KKS heldt workshop om estiske læringsprosessar i alle fag. Oppdraget kom frå Regionalt skulefaglig ressurssenter på Sør-Helgeland, som ønskte å gi lærarane tilbod om ein praktisk og estetisk start på det nye skuleåret, i tråd med intensjonane i LK20.
Å «utsetja» seg for estetiske opplevingar
Skal ein koma lenger, slik Hauge skriv, må ein òg våga å «utsetja» seg for estetiske opplevingar. Gjennom dette kan relasjonelle, emosjonelle, kognitive, skapande, sanselige og refleksive moment blir aktiviserte på ein gang, noko som kjenneteiknar estetiske læringsprosessar. Å «utsetja» seg for estetiske opplevingar inneber at ein lèt seg gripa for å begripa: «I samband med estetiske læringsprosessar synest det i tillegg viktig å framheva samanhengen mellom å bli gripe og å begripa: ved å (la seg) gripa, begrip ein» (By, Holthe, Lie, Sandsven, Vestad & Birkeland, 2020, s. 15). Første halvdel av programmet fokuserte derfor på opplevingane til lærarane og refleksjonane deira, kopla til to estetiske anslag; eit auditivt og eit visuelt.
Eit auditivt anslag på ein estetisk læringsprosess
Musikk har til alle tider vore brukte til å uttrykka meiningar og til å skapa og kommunisera identitetar. Utan noko informasjon om kva dei lytta til, møtte lærarane tonane frå songen Plyve kacha po Tysyni. Med dette anslaget som utgangspunkt vart det tilført meir informasjon om musikkstykket. Lærarane reflekterte vidare over korleis den aktuelle folketonen kan brukast som utgangspunkt for eit tverrfagleg undervisningsopplegg om eit samfunnsaktuelt tema knytt til læreplananes ulike delar.
I ressursbasen vår finn du eit fiks ferdig tverrfagleg undervisningsopplegg med Plyve kacha po Tysyni som det estetiske anslaget. Opplegget, Musikkens rolle i konflikter, er bygd på kompetansemål etter 10. klasse og kan òg nyttast i vidaregåande skule og for lærarstudentar.
Musikkens rolle i konflikter, et undervisningsopplegg
Eit visuelt anslag på ein estetisk læringsprosess
Murmaleriet Get OFF deFence, av Anders Sunna og Linda Aslaksen, appellerer gjennom gatekunstestetikken sin og skaper raskt engasjement og meiningsutvekslingar. Verket er symboltungt og utfordrar stereotype framsyningar om samar og Sápmi, både i form og innhald.
I det visuelle anslaget vart det jobba individuelt, i grupper og i plenum (IGP) med «å gå inn i» maleriet. Både kjensler, det sanselige, relasjonelle og skapande vart knytt saman med refleksjon og kritisk tenkning og og knytt til tverrfaglege tema, kjerneelement og kompetansemål i ulike fag.
Eit tverrfagleg undervisningsopplegg med utgangspunkt i Get OFF deFence ligg i ressursbasen vår. Opplegget er bygd på kompetansemål etter 10. klasse og kan òg nyttast i vidaregåande skule og for lærarstudentar.
Get OFF deFence, et undervisningsopplegg
Den estetiske dimensjonen i dei ulike skulefaga
På bakgrunn av det lærarane nettopp hadde erfart, vart det knytt relevant teori til tematikken. Ei teoretisk forståing for estetikkbegrepet, kva estetiske læringsprosessar kan vera og kvifor dette er viktig i alle fag, er nødvendig og grunnleggande kompetanse for lærarar i skulen.
Avslutningsvis vart det jobba med å finna den estetiske dimensjonen i dei ulike faga. Det nye læreplanverket og læreplanar for alle faga i grunnskulen, danna ramma om dette viktige arbeidet.
På spørsmål om kva lærarane opplevde som særleg verdifullt eller lærerikt i samband med workshopen svara ein at det nettopp var «å få øve på hvordan man kan finne de estetiske punktene i læreplanen når temaplaner skal utformes», medan ein annan trekte fram «sterke kunstuttrykk, presentasjonene og hvordan anvende dem i skolen».
Vi ønsker lærarar og skuleleiarar god tur i den helgelandske fjellheimen, og lykke til med å bringa estetiske læringsprosessar inn i sentrum av den pedagogiske refleksjonen!
Kilder
Arnesen, J. (2015). Den estetiske skolen i framtiden. Bedre skole 3/2015, s. 88-94. Hentet fra: https://utdanningsforskning.no/artikler/den-estetiske-skolen-i-fremtiden/
Austring, B. D. & Sørensen, M. (2009). Æstetik og læring. Grundbog om æstetiske læreprocesser. København: hans Reitzels forlag
Bale, K. (2009). Estetikk. En innføring. Oslo: Pax forlag
By, I.-Å., Holthe, A., Lie, Ch., Sandsven, J., Vestad I. L., & Birkeland, I. M. (2020). Estetiske læringsprosesser i grunnskolelærerutdanningene. Helhetlig, integrert og forskningsbasert? Rapport til Kunnskapsdepartementet, 24. juni 2020. Hentet fra: https://www.regjeringen.no/contentassets/ea18f23415a14c8faaf7bc869022afc2/estetiske-laringsprosesser-i-grunnskolelarerutdanningene.pdf
Hauge, O. H. (1994). Dikt i samling. Det norske samlaget.
Kunnskapsdepartementet. (2017). Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen. Hentet fra: https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/?lang=nob
Kunnskapsdepartementet. (2019). Skaperglede, engasjement og utforskertrang. Strategi. Hentet fra: https://www.regjeringen.no/contentassets/c8bbb637891443fea7971ba8e936bca4/skaperglede-engasjement–og-utforskertrang.pdf
NOU 2014:7. (2014). Elevenes læring i fremtidens skole. Et kunnskapsgrunnlag. Oslo: Departementenes servicesenter, Informasjonsforvaltning.
NOU 2015:8. (2015). Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser. Oslo: Departementenes servicesenter, Informasjonsforvaltning.
Ulvik, M. (2014). Undervisningens estetiske dimensjon – Om å våge å ta i bruk det uforutsigbare. Bedre skole, 2/14, s.19-24. Hentet fra: https://www.utdanningsnytt.no/files/2019/06/27/Bedre%20Skole%202%202014.pdf
Østern, A-L, Stavik-Karlsen, G & Angelo, E. (2013). Kunstpedagogikk og kunnskapsutvikling. Bedre skole, 3/13, s. 91. Hentet fra: https://www.utdanningsnytt.no/files/2019/08/22/Bedre%20Skole%20%203%202013.pdf