Har du innspill til våre nettsider?  – Klikk her for å gi oss din tilbakemelding!

"Refleksjonar over læreplanar – i broderi". Gjennom eksperimentell og intuitiv utforsking har artikkelforfattaren brukt nål og tråd for å reflektere over ulike læreplanar frå 1976 og fram til i dag. Her ein detalj frå broderi basert på mål frå læreplanen i visuelle kunstfag, 2016.

Kva for tradisjonar står kunstomgrepet på KDA i?

Kva for faghistoriske idear og strømninger kan ha påverka det kunstfaglige innhaldet i læreplanen for KDA?

Gjertrud G. Stikbakke trekker i denne artikkelen linjer mellom læreplanar i fagfeltet frå 1976 – 2016. Med utgangspunkt i kunst og visuelle verkemiddel peikar Stikbakke på at fleire av emna og perspektiva som pregar faget i dag har tradisjonar frå tidlegare læreplanar, men at det òg kjem inn nye perspektiv.

Artikkelen baserer seg på Gjertrud G. Stikbakke si masteravhandling. Stikbakke er utdanna lektor i design, kunst og handverk ved Oslomet, mai 2019.

I 2016 vart programområdet Studiespesialiserande med formgivingsfag gjort om til eit eige utdanningsprogram, nemleg utdanningsprogram for Kunst, design og arkitektur (KDA). Programfaga kunst og visuelle verkemiddel og design og arkitektur på KDA vil i løpet av 2019 på nytt reviderast i samanheng med fagfornyinga (Utdanningsdirektoratet, 2018, 2019). KDA har røter som går tilbake til ulike tradisjonar innan skuleverket og fagfeltet. Det er mange interessegrupper, instansar og strømningar som gjennom historia har prega innhaldet i utdanningsprogrammet (Aakre, 2005; Nielsen, 2010).

Forsking frå fagfeltet, til dømes doktorgradsavhandlingane til Karen Brænne (2009) og Eva Lutnæs (2011), viser at dei to kunstpedagogiske retningane karismatisk haldning og formalestetisk oppdragelse har prega kunstundervisninga i grunnskulen. I den karismatiske haldninga ynskjer ein at elevane gjennom undervisninga skal få dyrke fram sitt ibuande skapande potensial, deira personlege utrykk. Medan i den formalestetisk oppdragelsen er ein opptatt av at elevane skal utvikle ein kvalitetssans som oppdrar til gode val når dei skal lage eller kjøpe noko til eigen heim, samt å gje dei nøklane til kunstopplevingar. I løpet av dei siste tjue åra har det vore store omveltningar i kunstfeltet utanfor skulen, og kunstbegrepet har vorte utvida (Danbolt, 2014).

 

Om undersøkinga

Denne artikkelen bygger på eigen masteravhandling der læreplanar for den vidaregåande skulen i perioden 1976-2016 vert undersøkt. Gjennom kritisk diskursanalyse og praktisk-estetiske undersøkingar er det arbeidd med problemstillinga:

  • Kva språklege formuleringar og perspektiv på kunst kan ein finna i programfaget kunst og visuelle verkemiddel på utdanningsprogrammet for kunst, design og arkitektur?
  • Kva ulike faghistoriske strømningar og idéar kan ha påvirka kunstfaginnhaldet ?

Undersøkinga viser korleis dei ulike språklege formuleringane og perspektiva har endra seg gjennom dei ulike læreplanane. Ein ser og at kunstomgrepet kjem til syne med ei i hovudsak teoretisk tilnærming, og at kunst i stor grad vert sett i ein kunsthistorisk samanheng. I tillegg kjem det fram språklege formuleringar og perspektiv som legg vekt på kunst i samtida, individuell oppleving av kunst og kunst som utgangspunkt til eige arbeid.

To broderi i broderramme.

Broderi med utgangspunkt i læreplan frå 1976. Til venstre er det tatt utgangspunkt i lokale tradisjoner, bunadsbroderi, og til høgre har Stikbakke videreført ei teikning i broderi.

Den nyaste læreplanen for KDA og programfaget kunst og visuelle verkemiddel var utgangspunktet for analysa, men det vert trekt linjer tilbake til dei tidlegare læreplanane i fagfeltet. Hensikta har vore å sjå om feltet har endra seg og å få ei oversikt over kva det har vore ei tradisjon for i den vidaregåande skulen.

Den formelle læreplanen vil i praksis vera eit kompromiss mellom ulike strømningar og idear (Lyngsnes & Rismark, 2014), som ligg i det Goodlad (1979) kallar den ideologiske læreplanen. Lærarar, læreplanutviklarar, forskarar og politikarar har gjennom undervisning, forsking, politiske føringar og utvikling av læreplanar gjennom faghistoria, både utfordra og reprodusert kulturelle tradisjonar og rådande oppfatningar. Det har resultert i ulike idéar og strømningar som har påverka kunstfaginnhaldet i KDA og dei andre læreplanane. Nokre strømningar har vore der lenge, og dei fortsetter å påverke innhaldet. Å nøste opp i dei faghistoriske strømningane og idéane som ligg til grunn for den formelle læreplanen til faget kunst og visuelle verkemiddel har vore eit mål.

 

Funn i analysa

Analysa viser at det har vore ein tradisjon for vektlegging av det formalestetiske, og ein finn spor frå Bauhaus og meir spesifikt grunnkurset på Bauhaus i programfaget.

Om Bauhaus

Bauhaus var en skole for arkitektur, design og kunsthandverk i Tyskland i perioden 1919-1933. Den ble i oppretta av arkitekt Walter Gropius. På skolen ønsket de å bygga ei bru mellom kunst, handverk og industri. Skolen hadde blant anna eit felles grunnkurs for alle fag på skolen (Rygh & Gunnarsjaa, 2019). De første åra var det Johannes Itten som hadde ansvaret for grunnkurset (Itten, 1963/1975).

Denne vektlegginga har prega det kunstfaglege innhaldet gjennom alle læreplanane. Ein kan sjå tydelege linjer frå det Johannes Itten (1963/1975) skreiv om formålet med grunnkurset på Bauhaus, og det som kjem fram gjennom kompetansemåla i utdanningsprogrammet KDA. Fellestrekka handlar om at elevane skal forberede seg på ein karriere innan til dømes kunst, dei skal få hjelp til å frigjera sitt kunstnarlege talent, dei skal få ei brei innføring i ulike materialar og teknikkar, og dei skal få ei forståing av komposisjon og teori om form og farge.

Analysa viser at det har vore ein tradisjon for vektlegging av det formalestetiske, og ein finn spor frå Bauhaus og meir spesifikt grunnkurset på Bauhaus i programfaget.

I tillegg til den tydelege arva etter Bauhaus bær kunsthistoria særlig preg av ei fokusering på kontekst og samfunnsinnverking. Vektlegginga av kontekst talar om eit anna kunstsyn enn det arva etter Bauhaus bærer med seg. Det er ikkje berre verket aleine som er viktig, men konteksten og det rundt verket er vel så betydningsfullt.

To broderi i broderrammer.

Her har Stiknakke gitt seg sjølv i oppgave å fortolke mål i læreplanar frå Reform-94 og KL06. Til venstre er linjer og persepsjonslovar sentralt, mens til høgre er det arbeidd med komposisjonsprinsipp, natur og geometriske formar.

Samanhengen mellom kunst og samfunn skal òg komme til uttrykk i elevanes arbeid. Fleire plasser i KDA-planen kjem det nemleg fram at elevane sjølve skal bruke eigne arbeid for å seie noko om samfunnet eller konteksten. Kunst har vært og blir brukt som eit verktøy for å utvikle samfunnet (Aure og Bergaust, 2015; Borgen, 1995), og det er fleire kompetansemål på KDA som peiker mot å gjera elevane til gode og reflekterte samfunnsborgarar. Elevane skal i faget kunst og visuelle verkemiddel blant anna belyse ei samfunnsaktuell problemstilling med bruk av visuelle verkemiddel, men dei skal òg opparbeide seg vurderingskompetanse, ta i bruk digitale verktøy, og få kjennskap til åndsverklova. Dette bidrar til at dei kan lære seg å bli aktive og reflekterte samfunnsborgarar.

Eit nytt perspektiv som kjem til syne på KDA er at elevanes arbeid og prosess fleire stader vert omtalt som kunstnarleg arbeid og kunstnarleg prosess.

Eit nytt perspektiv som kjem til syne på KDA er at elevanes arbeid og prosess fleire stader vert omtalt som kunstnarleg arbeid og kunstnarleg prosess.  I analysen kjem det òg fram at elevane gjennom opplæringa i faget kunst og visuelle verkemiddel skal uttrykke seg sjølve gjennom å lære å utvikle eigne idéar, skape eigne uttrykk og lage eigne arbeid. Vektlegginga blir i masteravhandlinga drøfta opp mot nemninga det personlige utrykket som den karismatiske haldninga bær med seg.

 

Bauhaus og kunstnerisk talent

Eit viktig funn i masteravhandlinga er at ein kan sjå tydelege linjer til det Itten (1963/1975) skriv om formålet ved grunnkurset på Bauhaus og det som kjem fram i læreplanen for programfaget kunst og visuelle verkemiddel. Slik eg forstår sentrale aktørar i fagfeltet er det ein konsensus om at arva frå Bauhaus er viktig for fagfeltet.

Eit viktig funn er at ein kan sjå tydelege linjer til det Itten skriv om formålet ved grunnkurset på Bauhaus og det som kjem fram i læreplanen for programfaget kunst og visuelle verkemiddel.

Det gjeld særlig vektlegginga av ei brei tilnærming til teknikkar og materialar og vektlegginga av komposisjon og teori om form og farge. Det Itten (1963/1975) har skreve om frigjering av studentanes kunstneriske talent ser ikkje ut til å ha hatt same nedslagskraft i norske læreplaner. Aktørane har tvert imot vist seg å vera kritiske til styrking av personleg uttrykk i det som ser ut til å vera ei frykt for arva som den karismatiske haldninga bærer med seg (Nielsen, 2000; Reitan, 2007 & Fauske, 2010), nemleg at elevane uforstyrra skal jobba med sitt eige utrykk, utan at dei vert veileda.

To broderi i broderramme

I broderiet til venstre er det brukt komposisjonsprinsipp i arbeid med organiske former. Her er  kompetansemål frå LK06 inspirasjonskjelda. Til høgre er det tatt utgangspunkt i nyare uttrykksformer for å skape eige utrykk. Arbeidet er basert på mål frå læreplanen i visuelle kunstfag, KDA, 2016.

Når Itten (1963/1975) skriv om korleis grunnkurset på Bauhaus skulle frigjera det kunstnariske talentet til studentene skriv han ”Gradually, the students were to rid themselves of all the dead wood of convention and acquire the courage to create their own work” (Itten, 1963/1975, s. 7). Elevane skal altså kvitte seg med det unødvendige frå konvensjonen, det som er alminnelig anerkjent, og få mot til å laga eige arbeid. Ittens tilnærming til å hjelpe elevane å frigjere seg frå det unødvendige frå konvensjonen, er ikkje det same som å unngå etterlikning og imitasjon. Ein skulle utfordra norma. Kanskje handlar det meir om å gje elevane mot til å gå etter sine eigne idéar, for å lage sine egne arbeid med sine eigne uttrykk?

 

Kunstomgrepet i dagens KDA-læreplanar

Sjølv om aktørar i fagfeltet har vore kritiske til frigjeringa i den norske skulen kan ein i KDA-læreplanen altså sjå spor av det Itten skriv om å  lausriva seg frå konvensjonane for å forløysa sitt eige kunstnariske talent. Elevane skal gjennom opplæringa i kunst og visuelle verkemiddel lage eigne arbeid med eigne utrykk.

  • Kva er det som gjer at nesten 100 år etter at Itten underviste på Bauhaus, så virker KDA-planen og Ittens formål med grunnkurset på Bauhaus til å være likere enn nokon gong?
  • Og kva er det som gjør at elevenes arbeid og prosess nå blir omtalt som kunstnerisk?
  • Eller kvifor har det, for den saks skyld, ikkje vorte omtalt som det tidlegare?

 

Kjelder

Aure, V., & Bergaust, K. (2015). Estetisk praksis og samfunn – tekster mellom samtidskunst og kunstdidaktikk. I V. Aure & K. Bergaust (Red.), Estetikk og samfunn. Tekster mellom samtidskunst og kunstdidaktikk. (s. 7-33). Bergen: Fagbokforlaget.

Borgen, J. S. (1995). Formingsfaget i et oppdragelse- og dannelsesperspektiv. I B. Tronshart (Red.), Formingsfagets egenart. En artikkel- og essaysamling. (s. 44-61) Notodden: Høgskolen i Telemark

Brænne, K. (2009). Mellom ord og handling: om verdsetjing i kunst og handverksfaget. (Doktorgradsavhandling), Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Oslo. Henta frå http://hdl.handle.net/11250/2406784

Danbolt, G. (2014). Frå modernisme til det kontemproære. Tendenser i norsk samtidskunst etter 1990. Oslo: Samlaget.

Fauske, L. B. (2010). Arkitektur for grunnskolefaget Kunst og håndverk – fagdidaktiske refeleksjoner i kontekst. (Doktorgradsavhandling), Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Oslo.

Goodlad, J. I. (1979). Curriculum inquiry. The study of curriculum practice. New York: McGraw-Hill

Itten, J. (1963/1975). Design and form: The basic course at the Bauhaus (rev.utg). London: Thames and Hudson.

Lutnæs, E. (2011). Standpunktvurdering i grunnskolefaget Kunst og håndverk : læreres forhandlingsrepertoar. (Doktorgradsavhandling), Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Oslo. Henta frå https://brage.bibsys.no/xmlui/bitstream/handle/11250/93051/lutnaes.pdf?sequence=3&isAllowed=y

Lyngsnes, K., & Rismark, M. (2014). Didaktisk arbeid. Oslo: Gyldendal akademisk.

Nielsen, L. M. (2010). Kunst- og designfagenes plassering i videregående opplæring 1976-2006. FORMakademisk, 3(2). doi: https://doi.org/10.7577/formakademisk.113

Reitan, J. B. (2007). Improvisation in tradition: a study of contemporary vernacular clothing design practiced by Iñupiaq women of Kaktovik, North Alaska. (Doktorgradsavhandling), Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Oslo.

Rygh, P. & Gunnarsjaa, A. (2019). Bauhaus. Store norske leksikon. Henta fra https://snl.no/Bauhaus

Skrede, J. (2017). Kritisk diskursanalyse. Oslo: Cappelen Damm akademisk.

Utdanningsdirektoratet (Udir). (2018). Hva er fagfornyelsen? Henta 22.01.2019 frå https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/fagfornyelsen/nye-lareplaner-i-skolen/

Utdanningsdirektoratet. (2019). Innspelsrunde – utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur. (Høringsbrev av 20. mars 2019). Henta frå https://hoering.udir.no/Hoering/v2/354.

Aakre, B. M. (2005). Formgiving og design i et didaktisk perspektiv. (Doktorgradsavhandling), NTNU, Trondheim.

Tilleggsressurser

Utdanningsdirektoratet. (07.6.2011). R94. Hentet frå:  file:///C:/Users/03210178/Downloads/utgatt-lareplanverk-for-vgo-R94.pdf

Utdanningsdirektoratet. (2006). Læreplan i kunst og visuelle verkemiddel – felles programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur (KDA1-01). Hentet frå: https://www.udir.no/kl06/KDA1-01

 

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.