Gå til hovedinnhold
Transperent skulptur med form som en blomst. Oransje bakgrunn. Eplekvist med rosa blomster.

Vinnarane er kåra!

Juryen for Den nasjonale barnehageprisen for kunst og kultur har no kåra to verdige vinnarar som er tildelt årets pris!

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa har delt ut barnehageprisen sidan 2008. Gjennom prisen ønsker KKS å løfte frem bruken av kunstfag og estetiske læringsprosessar i barnehagane, til inspirasjon og læring for sektoren som heilheit. Barnehagar frå heile landet har sendt inn søknadane sine, der dei har dokumentert prosjekt knytta til fagområdet kunst, kultur og kreativitet. Prisen deles ut som en honnør til dei barnehagane som jobbar spesielt godt med dette fagområdet

Juryen har gått gjennom og vurdert søknadene, og i fellesskap kome fram til to verdige vinnarar:

  • Jettegryta barnehage, med prosjektet Stille!, der barnehagen utforska bruken av ordlause biletbøker som estetiske inngangar til eit inkluderande fellesskap. Juryen meiner prosjektet viser ein framifrå måte å arbeide med mangfald og barn si medverking.  

Å herregud, du tullar? Dette har vi jobba så mykje med! No kjem tårane! Dette er eit løft for heile barnehagen, for heile bydelen! For ei overrasking!

Anita Berge, Barnehagestyrer, Jettegryta barnehage
  • Bortigard barnehage, med prosjektet Karagaman, (som betyr mangfald på Sudanesisk), har latt seg inspirere av kunstnarar som jobbar med identitet og kulturell tilhøyrsle. Juryen meiner prosjektet viser ein unik måte å nærme seg ein viktig tematikk gjennom varierte inntrykk og uttrykk

Nei, gi deg! Så utrolig hyggelig! Tusen takk! No blei eg heilt satt ut! Me har ein god og dyktig gjeng tilsette som driv og utviklar våre kunstprosjekt.

Sissel Mongstad, styrer, Bortigard barnehage

Årets vinnarprosjekt har til felles at dei er eit felleseige for heile barnehagen, der alle tilsette er involvert og at det føregår over tid. Begge prosjekta viser engasjerte og aktive tilsette som introduserer ungane for eit mangfald av kunstinntrykk og kunstuttrykk. Dei viser god forståing for barn si medverking, der ein ser samskapande barn som vel sine eigne vegar i dei skapande prosessane. Prosjekta viser også ein framifrå måte å arbeide med tema som mangfald, inkludering og tilhøyrsle på, med utgangspunkt i varierte kunstuttrykk.  

Prisvinnarane er valde ut av ein jury sett saman av fagfolk frå ulike delar av barnehagefeltet. Årets jury har bestått av:

  • Morten Sæther, dosent i musikkpedagogikk ved Dronning Mauds Minne Høgskole. Morten undervisar på både bachelor- og masterutdanningane i musikk og kunstpedagogikk og har også erfaring frå grunnskule og kulturskule.
  • Ingrid Skarprud er utdanna kunstnar og pedagog frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen (nå KMD). Ho har mange års erfaring som kunstnarisk leiar i Bortigard Barnehage og jobbar nå som lærar på institutt for kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet.
  • Kathrine Pedersen, rådgivar ved Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (KKS) med særleg ansvar for barnehagefeltet.

Presentasjon av prosjekta og utdjuping av juryens grunngjeving, publiserast på kunstkultursenteret.no i løpet av hausten.

Vinnarane mottar ein skulptur av kunstnaren Harald Bodøgaard som er spesielt utforma for Den nasjonale barnehageprisen for kunst og kultur. I tillegg vinn barnehagen 10 000 kr, som skal vere øyremerka vidare arbeid med kunst- og kulturfagleg arbeid i barnehagen.

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.