Gå til hovedinnhold

Nettsiden er under oppdatering! Gi beskjed dersom du oppdager noen feil og mangler.

Oransje sirkler med hvite blomster. Teksten Søk nå i midten av bildet.

Søk på barnehageprisen!

Den nasjonale barnehageprisen for kunst og kultur skal snart delast ut. Fristen for å søke er 15. mai 2023. Alle barnehagar i Noreg er med dette invitert til å søke på prisen! Etter søknadsfristen vil ein jury kåra to verdige vinnerbarnehagar. Juryen for 2023 er nå klar, her er ein presentasjon av medlemane.

Morten Sæther

Mann med mørkt hår og briller. Mannen har på seg en grønn genser.

Morten Sæther er dosent i musikkpedagogikk ved DMMH. Han undervisar på både bachelor- og masterutdanningane i musikk og kunstpedagogikk og har også erfaring frå grunnskule og kulturskule. Han har publisert fleire bøker og artiklar om barns musikalske utvikling, musikk i barnehagelærarprofesjonen og musikkpedagogisk arbeid i barnehagen.

Sæther har internasjonal erfaring med det kunstfaglege feltet i barnehageutvikling og barnehagelærarutdanning  i fleire europeiske og afrikanske land. Han har leda og rettleia ei rekke musikk- og kunstpedagogiske prosjekt i barnehagen. Han har hatt tett samarbeid med Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa over fleire år.

Ingrid Skarprud

Kvinne med langt hår.

Ingrid Skarprud er utdanna kunstnar og pedagog frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen (nå KMD). Ho har mange års erfaring som kunstnarisk ledar i Bortigard Barnehage og jobbar nå som lærar på institutt for kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet. «I dei kunstpedagogiske arbeidet er eg interessert i prosessen og å utvide kva type kunst og kunstnarar ein jobbar med inn mot barn. Kunsten ein formidlar må spegla det mangfaldet av interesser som er i ei barnegruppe»

Ingrid har vore engasjert i fleire kunst- og kulturprosjekt mot barn og tilsette i barnehage, blant anna som bidragsgivar i KKS, Kulturtanken og Norsk kulturskole sitt prosjekt Kulturbarn, der ein blant anna skulle auke kvaliteten på kunsttilbodet for barn 0-8 år.

Kathrine Pedersen

Kvinne kledt i sort. Kvinnen har brunt hår til skuldrene. Hun smiler.

Kathrine Pedersen er rådgivar ved Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (KKS) og har eit særleg ansvar for barnehagefeltet. Ho er utdanna barnehagelærar og har jobba som pedagogisk leder i barnehage i fleire år. Som pedagogisk leder var ho opptatt av å skape arenaer kor barna fekk rom for å oppleve og skape, eksperimentere og få inspirasjon til egne kunstnariske uttrykk.

På KKS har ho jobba med prosjekt som Kulturbarn, REKOM, utvikling av undervisningsopplegg og støtteressursar, samt at hun har skrevet artiklar for både Barnehagefolk og Verktøykassa.

Send inn din søknad !

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.