Kommunikasjon? Studentarbeid av Sara Sybil Gundersen. Foto: Yrjan Olsnes, Høgskulen i Volda
Lærarroller i forming, kunst- og handverk – utfordringar og moglegheiter
Lærarrolla er tema når lærarutdannarar innan kunst- og handverksfaget samlast til nettverkssamling i Volda 27.- 28. januar 2025.
Tekst: Merete Hassel, seniorrådgiver, KKS. Foto: Høgskulen i Volda
Nettverk for formgiving, kunst- og handverk i UH-sektor (KHUH)
Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen (KKS) og Nettverk for formgiving, kunst- og handverk i UH-sektor (KHUH) er ansvarleg for nettverkskonferansen. Vertskap er Høgskulen i Volda. Tilsette ved høgskular og universitet legg fram eigen forsking og deler erfaringar frå lærarutdanning og praksis innan kunst og handverk.
Peder Haug og Eva Lutnæs
Vi har to hovudinnleiarar på årets samling:
Peder Haug, professor emeritus ved Institutt for pedagogikk ved Høgskulen i Volda. Han vil gje eit utanfråblikk på faget og rolla gjennom å drøfte nokre overordna tema i bidraget med tittel «Kunst og handverk si rolle i skulen«.
Eva Lutnæs, professor i fagdidaktikk, Institutt for estetiske fag ved OsloMet og lærar ved Ener ungdomsskule. Ho vil sjå på lærarollane i faget fra ein fagleg ståstad i bidraget «Kunst, design, arkitektur og håndverk – lærerroller på tvers«.