Gå til hovedinnhold

K&H: Kjenneteikn på måloppnåelse

I den digitale læreplanen, under kompetansemål og vurdering for 10. trinn, finn vi forslag på nasjonale kjenneteikn på måloppnåelse for kunst og handverk. Udir skriv at desse skal vere rettleiande, til støtte i arbeidet med standpunktvurderinga og ei hjelp for å skape ei felles forståing for kva som er forventa av kompetansen til elevane for å få karakterane 2, 4 og 6. Kjenneteikna kan òg vere til nytte undervegs i opplæringa.

Du kan gi Udir synspunkta dine på dette innan 1. april.

Tekst og illustrasjon: Hilde Hermansen, seniorrådgiver KKS

Vi har sett nærare på kjenneteikn på måloppnåelse for kunst og handverk med særleg vekt på kjerneelement og kompetansemål i faget. Vi finn at det er stort samsvar mellom kjerneelement, kompetansemål etter 10. trinn, tekstane om vurdering og kjenneteikn på måloppnåelse.

I teksten om standpunktvurdering finn vi fire punkt som læraren skal vektlegge ved standpunktvurdering. I dei fem kjenneteikna på måloppnåelse finn vi desse fire punkta formulerte som tydelege kjenneteikn på kompetanse.

Modellen under er eit forsøk på å visualisere dei samanhengane vi ser mellom kjenneteikn på måloppnåelse, kjerneelement og teksten om standpunktvurdering. Modellen er uttrykk for eit resonnement og må ikkje oppfattast som nokon fasit.

Modell som viser moglege samanhengar mellom kjenneteikn på måloppnåelse, kjerneelement og teksten om standpunktvurdering.

Når vi samanliknar kjenneteikn for måloppnåelse for karakterane 2, 4 og 6 finn vi at det er relevante og klare forskjellar mellom dei tre nivåskildringane/karakternivåa.

Sjølv om kjenneteikn på måloppnåelse er formulert på eit overordna nivå, konkretiserer dei på ein tydeleg måte forventa kompetanse i kunst og handverk, jamfør kompetanseomgrepet slik det er definert i Overordnet del

Kjenneteikna er under utvikling og ein kan gi tilbakemelding til Udir innan 1. april.

KKS har gitt si tilbakemeldinga der vi trekker vi fram det vi meiner er bra, samtidig som vi foreslår nokre endringar for å få dette endå betre: Kjennetegn på måloppnåelse K&H 25.02.20

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.