iframe{width:100%;}table a {display: inline-block;} Gå til hovedinnhold

Foto av: Filmskaper, Stian André Olsen

Animasjon med nettbrett

Stian André Olsen, han som serverer deg pizza her, er sjølverklært filmnerd. Det siste året har han på oppfordring frå DKS i Fauske kommune undervist i korleis ein enkelt og greitt kan ta i bruk animasjon i barneskulen. Dette har i samarbeid med Stian og KKS resultert i undervisningsopplegget «Animasjon med nettbrett» som du finner i ressursbasen for 1. – 4.årstrinn.

I underkant av 75 4.trinnselevar har i vinter fått prøvd seg som filmskaparar i regi av Stian og DKS, og tilbakemeldingane har vore utelukkande positive. Både frå elevane og lærarane. Stian har mange år med erfaring i skuleverket, men jobbar i dag som grafisk designar for den ideelle stiftelsen FIRST Scandinavia og har i tillegg ansvaret for den grafiske profilen til Blåfrost-festivalen. Video og animasjon er ein stor del av begge jobbane.

«Då eg starta å jobbe med animasjon i skulen tidleg på 2000- talet var det å animere ein krevjande prosess som føresette mykje kunnskap, tid og utstyr. I dag er verkelegheita ein heilt annen. Dørstokkmila har blitt til dørstokkcentimeteren» fortel Stian og fortsett «om du som lærar prøvde å animere eller skape film med elevane før 2010 og erfarte at dette tok urimeleg mykje tid vil eg oppfordre deg til å prøve på nytt. Det har skjedd ein revolusjon i teknologi en dei siste fem åra, og eg lover deg at du vil bli gledeleg overraska.»

Elever ved Finneid oppvekstsenter i Fauske kommune jobber med å animere lego

I dag veks barn opp i ein kvardag omgitt av teknologi vi for 10 år sia berre kunne drøyme om. Utviklinga har vore formidabel og den har skjedd i eit ekstremt hurtig tempo. Dei fleste av oss som er født før 1990 vil kunne kjenne seg igjen i å ikkje alltid henge med når diverse teknologiske nyvinningar blir presentert. Som lærar i dagens skule kan vi ikkje sove i timen og la denne utviklinga skje utan at vi heng oss på ei ein eller anna form. «Vi må senke terskelen for å ta i bruk digital teknologi i undervisninga» framheld Stian. Å gi elevane mogeligheita til å jobbe med verktøy som dei føler seg som verdsmeistrar i har sine fordelar. Han fortel om elevar som ikkje vil ha friminutt, og om dei som har gjennomført opplegget og som ikkje kan vente med å komme heim for å få starte opp med sitt eiget prosjekt. Elevane får gjerne vist seg frå ei ny side, og får erfaringar i skulen på ein arena som dei er kjente med får heimen. Ein arena som dei meistrar og det må skulen tillate og legge til rett for.

I mange tilfelle er det nok læraren som brukar mest tid på å sette seg inn i denne teknologien, mens elevane hiv seg ut i det uredd og fryktlaus. Dei fleste barna er vant med å bruke nettbrett og dei er gode på å forstå strukturen, seier Stian. Dei forstår fingertriksa, som det å halde lenge på eit ikon for å aktivere fleire val, eller det å dra fingrane frå kvarandre eller mot kvarandre for å zoome inn eller ut på skjermen. Som lærar blir det vår rolle å bidra til at elevane forstår at desse digitale verktøya kan brukast til meir enn berre spill og moro. Skulen må legge til rette for at elevane får oppleve verktøyas moglegheiter, og korleis desse kan brukast konstruktivt. Skulen må gi elevane erfaring med å nytte seg av digital teknologi i skapande verksemd.

Det er viktig å lære å kommunisere i det året ein lever i, og da må ein ta i bruk digital teknologi. I denne samanhengen kan film vere eit utmerket medium, meiner Stian. Som lærar kan du tilnærma deg tema og fag på ein måte som involverer elevane. Ved å bruke visuelle verkemiddel forsterkast inntrykka så vel som uttrykket.

«Animasjon med nettbrett» består av:

Vedlegg 1: introduksjonsfilm til å bruke i undervisningen
Vedlegg 2: forklaring på bruk av Stop Motion Studio
Vedlegg 3: Taumatrop, mal
Vedlegg 4: bruksanvisning til iPad-holder i lego
Vi håper at dykkar vil like undervisningsopplegget Animasjon med nettbrett som ligg i vår ressursbase, og ynskjer dykk lykke til med filmskapinga.

Gi oss gjerne eit vink om dykk prøver ut animasjons-prosjektet eller om dykk har eit anna spennande prosjekt på gong!

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.