Gå til hovedinnhold
Jesusbilde med rødt filter.

Susanne Hætta, Neon Jesus, 2014 © Susanne Hætta/BONO 2023

«Vi skal visst forsonast»

«Vi skal visst forsonast. Eg har ei kjensle av at det tyder at eg skal tilgje», skriv forfattar, fotograf og kunstnar Susanne Hætta (Hætta, 2023). Hætta er ein av 16 kunstnarar som er valde ut til å formidla noko av innhaldet i Sannings- og forsoningskommisjonen sin rapport, som vart lagt fram for Stortinget, 1. juni i år.

Susanne Hætta har skrive ein rå, direkte og sterk tekst om opplevingane sine knytt til samehatet og kvardagsrasismen ho har opplevd sidan ho var lita jente (Hætta, 2023). Rå og direkte er omgrep som også kan beskriva fotoa hennar i serien Blood Conversations, der ho har arbeidd med reinsdyrblod og eige blod som verkemiddel. Inkludert i serien er også verket du kan sjå ovanfor, Neon Jesus. Hætta beskriv blod som eit lada materiale som kan klargjera ulike tema som offer, slektskap, seksualitet, fruktbarheit, vald, smerte, kjærleik, liv og død (Pettersen, 2015). Til KKS seier kunstnaren at ho ikkje har brukt blod i Neon Jesus, men at verket er med i serien på grunn av Jesus’ rolle som blodofferet, som ifølgje dei truande spelte blodet sitt, leid og døydde for syndene våre. Han er den sterkaste skikkelsen i den kristne religionen, men her blir han også eit bilete på den generelt inderlege spiritualiteten som t.d. samar har, kristne eller ikkje, seier ho. No er altså Neon Jesus kjøpt inn av Stortinget og inkludert i rapporten til Sannings- og forsoningskommisjonen.

Kunst som portal for auka kunnskap og forståing

I den mei enn 700 sider lange rapporten til Sannings- og forsoningskommisjonen finn me bidrag frå skogfinske, kvenske, samiske og norske kunstnarar. Ein kunstfagleg jury har valt ut bidraga, som er meinte å skapa engasjement og refleksjon omkring konsekvensane av og forsoninga til fornorskingspolitikken (Utsi, 2023). La oss ta denne intensjonen på alvor og sjå på dei utvalde verka som ei moglegheit for engasjement og refleksjon i klasseromma! Kunnskapsgrunnlaget og dei sterke historiene ligg mellom permane i rapporten, men korleis aktivera dette for elevar og studentar? Her kan dei 16 kunstnariske bidraga opna dører til ny kunnskap og forståing.

Kunnskapsgrunnlaget og dei sterke historiene ligg mellom permane i rapporten, men korleis aktivera dette for elevar og studentar?

1. juni vart Tieto, eit verk av den kvenske kunstnaren Åsne Kummeneje Mellem avduka på Stortinget. Tieto, som består av voven bjørkenever, smykkar framsida i rapporten. Gjennom ulike tradisjonelle teknikkar innan kvensk handverk, kjent som käsityö, utforskar Kummeneje Mellem både kva kvensk handverk er, har vore og kunne vorte, innanfor konteksten til samtidskunsten. Kunstnaren bruker käsityö både for skapa eit rom for dialog og for å synleggjera generasjonsgapet når det gjeld overføring av kunnskap, som har oppstått som ein konsekvens av styresmaktenes fornorskninspolitikk (Björklund, u.å.). «Kunsten er i mellom politikken, i mellom rett og gale. Og det er det som gjer det til ein vakker stad å vera, fordi du må sjå på det frå begge sider, trur eg», seier Kummeneje Mellem (Björklund, u.å.).

  • Og med kva blikk skal me møta Tieto?
  • Kva refleksjonar kan dette verket skapa?

Tieto er forresten eit kvensk omgrep for opplysning eller kunnskap…(Söderholm, 2017, s. 42).

Kvinne i samisk drakt og mann i mørk dress avduker et skulpturalt kunstverk.

Sannings- og forsoningskommisjonen. Avduking av framsidekunstverk. Foto: Peter Mydske/Stortinget

Bli kjend med dei utvalde verka og bruk dei!

Kor godt kjent er du med kvensk historie, kunst og kultur? Eller skogfinsk og samisk, for den saks skuld?

Under er ei lenkjesamling med dei 16 utvalde kunstnarane og verka deira. Namnet til kunstnarane er lenkja primært til kvar enkelt kunstnar si heimeside. Der slike ikkje finst er det lenkja til instagram eller andre relevante sider. Verkstitlane med sidetilvisingar tek deg med til rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen.

ÅSNE KUMMENEJE MELLEM: Tieto, s. på framsida. TROND EINAR SOLBERG INDSETVIKEN (TrondE): Brevene til Jumala – tre håp, s.10. MATHIS NANGO: Innovasjon og landskapet, s. 316. HILDE SKANCKE PEDERSEN: Motsetninger. Ketchup- og sennephuset, s. 12. MARTE LILL SOMBY: Ligger i veien, s. 626. CHRISTIN LØKKE: U(r)rett, s. 104. HANS RAGNAR MATHISEN: Máná niehku – Stállu/Barnedrøm, s. 426. OLE LISLERUD: Kulturelt folkemord, s. 130. CHRISTIAN FJELDBU: Epitafium, s. 150. HANNE GRETE EINARSEN: Lytteren, s. 530. RAGNHILD MARGRETHA TARANGER KRÜGER: Mie olen vain ihminen – jeg er bare et menneske, s. 286. GERD ELLEN LORÅS: Det flyr en sorgfugl over Jernaknjarga, s. 156. SIRI SKOGSTAD BERNTSEN: Tuuli hysissä / Vind i håret arven, s. 140. SUSANNE HÆTTA: Neon Jesus, s. 492. INGUNN UTSI: Nesten integrert, s. 638. DORDI STRØM: Andvake, s. 508.

Utfordre deg sjølv og elevane eller studentane! Velg ein tilfeldig kunstnar og undersøk verket i kontekst. Det kan også vera eit tips å knyta spesifikke verk til tekstutdrag frå rapporten. Her er det nok av sterke tekstar å ta tak i, både når det gjeld den strategiske fornorskingspolitikken til styresmaktene og enkeltmenneskes opplevingar av dei overgrepa dei har vore utsette for som følgje av den.

Kanskje kan Det flyg ein sorgfugl over Jernaknjarga av Gerd Ellen Lorås få ei djupare meining mot Agnes Eriksens sterke fortellig Ein trussel mot nasjonen?, som står på s. 353 i rapporten? Ellar kva med det allereie omtalte verket Tieto? Kan teksten om kvenske kunst og kulturuttrykk på s. 518 – 521 i rapporten danna eit kunnskapsgrunnlag som, saman med diktet på s. 518, opnar opp for forståing og ettertanke?

Her er det mange moglegheiter for engasjement og refleksjon knytta til kommisjonen si målsetting om eit meir forsona samfunn prega av språkleg, kulturell og identitetsmessig likeverd.

«Forsoning, sa du?»

I dei innleiande sitata frå Hætta sin tekst kan ein lesa ein tydeleg skepsis til heile forsoningstanken. Ho har, som så mange andre, betalt ein høg pris for den norske staten sine overgrep i fornorskings-og assimileringsprosessen: «Dette er prisen eg betaler: ein aldri kvilande hjerne, ein kropp i evig beredskap, ein inngrodd skepsis til at nokon skal krype så nær at dei kjem på innsida og øydelegg meg innanfrå» (Hætta, 2023).

Om kunnskap skal spreiast, om forsoning skal vera mogleg, så må i alle fall rapporten sitt innhald aktiverast i utdanningsinstitusjonane.

Her finst ingen snarvegar å gå, ingen kvikkfiks-løysingar å gripe til når me skal i gang med det komplekse forsoningsarbeidet i tida framover. For å nå det langsiktige målet om eit meir forsona samfunn har Sannings- og forsoningskommisjonen sett opp fem pilarar som forsoningsarbeidet må byggja på:

  • Kunnskap og formidling
  • Språk
  • Kultur
  • Forebygging av konfliktar
  • Implementering av regelverk

I teksten knytt til den første pilaren, Kunnskap og formidling, skriv kommisjonen: «Auka kunnskap om samar, kvener/norskfinnar og skogfinnar generelt kan redusera den diskrimineringa og hetsen desse gruppene opplever. Ei brei formidling av fagleg solid kunnskap om gruppene vil bidra til å redusera stereotypiar, fordommar og negative haldningar. At resten av befolkninga og dei ramma miljøa lærer og får meir kunnskap om gruppene, vil også kunna bøta på opplevingar av usynleggjering og neglisjering – og leggja til rette for at gruppene sjølv gjenoppdagar sin samiske, kvenske eller skogfinske bakgrunn» (Sannhet og forsoning, 2023, s. 652).

Viten og kunnskap har mange typar grunnlag. Kunst er ein av dei viktigaste.

Ole Henrik Magga (2019)

Om kunnskap skal spreiast, om forsoning skal vera mogleg, så må i alle fall rapporten sitt innhald aktiverast i utdanningsinstitusjonane. Ein måte å nærma seg dette på er å gå i møte med dei 16 utvalde kunstverka. For, som Ole Henrik Magga skriv: «Viten og kunnskap har mange typar grunnlag. Kunst er ein av dei viktigaste» (Magga, 2019).

Sannings- og forsoningskommisjonen vart oppretta av Stortinget i 2018 og har vore leidd av Dagfinn Høybråten. Kommisjonen har hatt tre primære oppgåver:
– Gjera ei historisk kartlegging der norske styresmakters politikk og verksemd overfor samar, kvener/norskfinnar og skogfinnar, lokalt, regionalt og nasjonalt, frå rundt 1800 og fram til i dag blir undersøkte og beskrivne.
– Undersøkja verknadene av fornorskingspolitikken i dag.
– Foreslå tiltak for vidare forsoning.

1. juni, 2023, la kommisjonen fram rapporten sin for Stortinget: Sannhet og forsoning – grunnlag for et oppgjør med fornorskingspolitikk og urett mot samer, kvener/norskfinner og skogfinner.
Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa arrangerer Samisk i samtida – Samisk kunst og kultur i opplæringa, Bodø, 14. og 15. november, 2023. Målet med konferansen er å bidra til ny innsikt og inspirasjon for aktørar som kritisk og kreativt vil diskutera moglegheiter og utfordringar for samisk kunst og kultur i barnehage, skule og lærarutdanningane.
På konferansen deltek mellom anna Anne Kristin Gurák med innlegget «Et oppgjør med fornorskingspolitikk og urett – Samisk kunst og kultur som forsonende kraft».

Kilder

Björklund, M., L. (u.å.). In Search of Käsityö. The Vessel. https://vessel-magazine.no/issues/1/archives/kummeneje-mellem

Hætta, S. (2023, 3. mars). Eg vart beden om å skrive sanninga. Syn og Segn. https://www.synogsegn.no/2023/eg-vart-beden-om-a-skrive-sanninga/

Magga, O. H. (2019). Kunst som kunnskap. Norske kunstforeninger. Kunstpluss, nr.1, 2019. https://www.kunstforeninger.no/kunstpluss/kunst-som-kunnskap/

Pettersen, M. F. (2015, 20. mars). Susanne Hætta tar bilder av blod. NRK Sápmi. https://www.nrk.no/sapmi/susanne-haetta-tar-bilder-av-blod-1.12269193

Sannhets- og forsoningskommisjonen. (2023). Sannhet og forsoning – grunnlag for et oppgjør med fornorskingspolitikk og urett mot samer, kvener/norskfinner og skogfinner. Rapport avgitt til Stortingets presidentskap. Dokument 19 (2022–2023). https://www.stortinget.no/globalassets/pdf/sannhets–og-forsoningskommisjonen/rapport-til-stortinget-fra-sannhets–og-forsoningskommisjonen.pdf

Stortinget. (2021, 24. juni). Sannhets- og forsoningskommisjonen. https://www.stortinget.no/no/Hva-skjer-pa-Stortinget/Nyhetsarkiv/Hva-skjer-nyheter/2017-2018/sannhets–og-forsoningskommisjonen/

Söderholm, E. (2017). Kvensk grammatikk. Cappelen Damm Akademisk. article.pdf (uit.no)

Utsi, I., E., K. (2023, 21.april). Kunstverk og kunsthåndverk er valgt ut til Sannhets- og forsoningskommisjonens rapport. Sannhets- og forsoningskommisjonen. https://uit.no/kommisjonen/presse/artikkel?p_document_id=810177

Bruk av kunstverk
Kunstverk som er gjengitt på denne nettsiden er beskyttet av opphavsrett og er gjengitt etter avtale med kunstneren/BONO (Billedkunst Opphavsrett i Norge). Verk kan ikke gjengis uten hjemmel i lov eller tillatelse fra rettighetshaver/BONO.
Ønsker du å bruke kunstverk?
Kontakt BONO for å få lisens – bono.no

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.