Har du innspill til våre nettsider?  – Klikk her for å gi oss din tilbakemelding!

Hånd som tegner.
Illustrasjon med tekst.

Nye læreplanar i KDA

Så er vi inne i siste runde for nye læreplanar i dei to programfaga på KDA. Høyringsutkast for faga kunst og visuelle verkemiddel og design og arkitektur er no lagt ut på Udir sine nettsider. Frist for høyring er 25. februar 2020.

KKS sine innspel har blitt lytta til

Ei rask gjennomlesing viser at fleire av KKS sine innspel er tatt til etterretning i høyringsutkasta. Vi er svært glade for at det i begge programfaga i den innledande delen Om faget blir presisert at faga skal bidra til at elevane får innsikt i det samiske urfolket sine kulturuttrykk innanfor kunst, design og arkitektur. Argumentasjonen vår har vore at det samiske perspektivet ellers har lett for å forsvinna, blir usynleggjort eller «blir gløymt bort». Å tydeleggjera dette i den innledande delen, forpliktar skular og lærarar i heile landet. Det er både viktig og gledeleg.

Kjerneelementa har fått gode og beskrivande namn, m.a. ser vi at visuelle verkemiddel har erstatta formale verkemiddel i faget kunst og visuelle verkemiddel. Vidare er det flott at kjerneelementet som i førre innspelsrunde vart kalla formkultur og samfunn no har fått namnet arkitektur og design i kontekst i faget design og arkitektur. Dette gir meining.

Kompetansemåla i faget kunst og visuelle verkemiddel har generelt blitt kortare og meir konsise, noko som gjer det enklare å sjå ein tydeleg progresjon frå Vg1 til Vg3. Denne oppstramminga og tydeleggjeringa skal læreplangruppa ha ros for.

 

Kva seier læreplangruppa om arbeidet med dei nye læreplanane?

På KDA-konferansen 15. november presenterte delar av læreplangruppa, ved Else Margrethe Lefdal (Oslomet), Brit Iren Hetland Haavik (Vågen vgs.) og Bente Høyen (Polarsirkelen vgs.), dei viktigaste endringane samanlikna med dagens læreplanar.

Læreplangruppa er godt fornøgd med heilskapen og samanhengen i dei forslaga som no ligg ute til høyring. Med dette blir det tenkt både på korleis læreplanane heng saman med Overordna del og på den horisontale samanhengen i kvart fag.  Sjølv om bærekraftbegrepet er ein del av eksisterande læreplan, er dette gjort enda tydelegare i høyringsutkasta, ifølgje læreplangruppa. Det vart også sagt at gruppa har strevd etter å gjera kompetansemåla kortare og meir presise. Tydinga av teikning er vidare løfta fram gjennom alle tre åra og farge har fått den rettmessige plassen sin.

Kva er heilt konkret tatt ut av faga?

I kunst og visuelle verkemiddel:

  • oppdragsgivarar, laug og akademi (…) før 1600
  • bruka digitale verktøy for å utarbeide skisser og bildenotat
  • bruka fagterminologi for å analysera og presentera…
  • gi døme på samanhengar mellom kunst, religion og politikk

I design og arkitektur:

  • produksjon av prototypar
  • korleis arven frå antikken har hatt innverknad på formspråket
  • beskriva landskapsarkitektur etter 1600
  • handverk til industriproduksjon
  • kjenne til fasane i ein planprosess for bygg / plan og bygningslova med forskrifter

Kva er tatt inn?

I kunst og visuelle verkemiddel:

  • rom for meningsbryting og demokratisk medverknad, skapande saman med andre, reflektera over eigne inntrykk og samfunnsaktuell problematikk
  • legga grunnlag for engasjement innan kunst- og kulturfeltet
  • utvikla tegneferdigheter gjennom observasjonsteikning, etterligning og ved av fantasi og minne
  • vise ei miljømedviten haldning til ressursbruk og eksperimentera med gjenbruk av materiale

I design og arkitektur:

  • utforskande og systematiske tilnærmingsmåtar vektlagt
  • vise innsikt i samiske kulturuttrykk, lokale samiske form- og byggetradisjoner
  • ta i bruk designtenkning og entreprenørielle metodar
  • utvikla berekraftige løysingar for produkt, tenester og/eller fysiske miljø
  • utforska gjenbruk av materiale innan arkitektur og design

 Siste innspurt og ei oppfordring!

Vi gleder oss til å gå grundigare gjennom høyringsforslaga. Ikkje minst blir det spennande å sjå på tekstane om underveis- og standpunktvurdering, som jo ikkje har vore presentert før no. KKS sluttar seg til oppfordringa frå læreplangruppa om det no er viktig at fagfeltet viser engasjement og kjem med innspill og høyringsutsegner på læreplanane!

Vi følgjer fagfornyelsen for grunnskulen og vidaregåande opplæring tett. Les KKS sine nyheitsartiklar og innspill til høyring i dei aktuelle faga vi representerer.

Gi dine eigne innspill til læreplanar i KDA.

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.