Gå til hovedinnhold
Blid jente i profil som peker på sin egen nese

Kunsten å lære. Foto: Mariann Bjelle Innlandet fylkeskommune

KÅL, NYKÅL OG SPISSKÅL – Kunsten å lære

I ei tid med politisk satsing på ein meir praktisk skule er Kunsten å lære eit forskingsprosjekt verd å sjå nærara på. Kva skjer i hjernen til elevane når dei får bruke alle sansar og har kunst og kultur som læringsform på skulen? 24. juni blir forskinga på Kunsten å lære – Art of Learning lagt fram på Kulturytring.

Tekst: Merete Hassel, seniorrådgiver, KKS

Kva skjer i hjernen når elevane får bruke alle sansar?

Det starta allereie i 2016 med eit studiebesøk i Skottland, der KKS og andre aktørar deltok saman med skulefolk, forskar Per Normann Andersen og prosjektleiar Marie Othilie Hundevadt. «Kunsten å lære» (KÅL) vart ein pilot i dåværande Oppland fylke i 2017 og eit internasjonalt forskingsprosjekt i 2021. Det fortsatte med NYKÅL på to skular i Innlandet i 2023-2025. Nyleg har prosjektet fått midler frå Sparebankstiftelsen til ein ny runde med SPISSKÅL i Lillehammer kommune.

Målet har heila tida vore å la elevane ta i bruk fleire sansar og sjå kva verknad bruk av kunst og kultur kan ha på elevanes sjølvregulering, impulskontroll, kortidsminne og liknande, altså dei eksekutive funksjonane.

Nedanfor skriv vi litt om dei ulike fasane i prosjektet og starter med den ferskaste kålen.

SPISSKÅL 2025 – kunst i alle klassar på Søre Ål skule

Lillehammer kommune oppvekst utdanning og kultur startar hausten 2025 eit tre-årig program kalla SPISSKÅL. Dette byggjer vidare på erfaringar frå prosjektet Kunsten å lære gjennom KÅL og NYKÅL. Lillehammer kommune har fått 4,1 million frå Sparebankstiftelsen til å implementere “Kunsten å lære”- metodikk i tre skuleår. No står dei litt friare i utforming av undervisningopplegga. Kunstnar og dramapedagog Malin Vik fortsetter i prosjektet på Søre Ål skule.

Prosjektet har som mål å styrkje kunstfagleg kompetanse blant både elevar og lærarar, og samtidig utvikla ein modell for å spreia denne metodikken til andre skular. Kunsten å lære skal gjennomførast i alle klasser på Søre Ål skule i Lillehammer. Skulen er opptatt av å satse på kultur og dei ser at KÅL gir resultat både knytta til elevanes læring og læringsmiljø. KÅL er ein viktig støttefunksjon for læring og rektor Fred Steinar Botten vil gjerne implementere dette i hele skulen. No får han høve til dette sidan prosjektet har fått støtte frå Sparebankstiftelsen til å fortsetje i fleire år.

KÅL er ein viktig støttefunksjon for læring!

Rektor ved Søre Ål skule, Fred Steinar Botten

Les meir om tildelinga hos Sparebankstiftelsen

Malin Vik er kunstner og dramapedagog og ansvarlig for Kunsten å lære på Søre Ål skole. Foto Mariann Bjelle, Innlandet fylkeskommune
Foto Mariann Bjelle, Innlandet fylkeskommune

NYKÅL – forankring i skulane

NYKÅL var ei vidareføring av Kunsten å lære (KÅL) med mål om å forankre KÅL-metodikken og tankegangen endå djupare i skulane. Kva skjer når elevane får ta i bruk alle sansar?

Temabasert, tverrfagleg og strukturert

Kunsten å lære handlar om å aktivera heile eleven i læringa. Metodikken er temabasert, tverrfagleg og strukturert. Kvart tema startar med ein trigger, noko som skapar nysgjerrighet, til dømes ei lukt, nokon som kjem brasande inn i klasserommet, noko dei ser utanfor eller noko som har hendt på skulen. Kvart tema delt inn i økter på 90 minutt med

  • oppvarming
  • hovudaktivitet
  • refleksjon

Refleksjonsdelen treng ikkje å være skriftlig, men kan være med ei teikning, at elevane gjer noko, at dei mimer eller til dømes former noko i leire. Refleksjonen går føre seg inni elevane, seier prosjektleiar Marie Othilie Hundevadt i Innlandet fylkeskommune.

Refleksjonsdelen treng ikkje å være skriftlig, men kan være ei teikning, at elevane gjer noko, at dei mimer eller til dømes former noko i leire.

Marie Othilie Hundevadt, prosjektleiar

Les meir om NYKÅL på heimesida til prosjektet

Film

Plattformen kunzt.no har laga ein flott film om Kunsten å lære. Her får du sjå glimt frå klasserommet, intervju med prosjektleiar Marie O. Hundevadt, rektor Fred Steinar Botten og kunstnar og dramapedagog Malin Vik, samt rådgjevar for kunst og kultur i Sparebankstiftelsen, Birthe M. Selvaag. Alle born i Noreg burde ha KÅL-timar!, seier elevar på Søre-Ål skule i filmen..

Alle born i Noreg burde ha KÅL-timar!, seier elevar på Søre-Ål skule

Filmen Betydningen av kunst og kultur for hjernens utvikling med «Kunsten å lære»

KÅL – eit internasjonalt forskingsprosjekt

Det internasjonale forskingsprosjektet Kunsten å lære (KÅL) gjekk over to år. Seks barneskular i Innlandet fylke og tre skular i Ungarn deltok. Deltakarane fekk eit spesialdesigna undervisningsopplegg, som kombinerte kunst- og skulefag. Lærare og kunstnare, frå ulike kunstfag, arbeide saman i klasserommet med ulike skapande prosessar i fag og tverrfaglege tema med meir. Prosjektet retta seg mot elevar i 1-3 klasse.

Prosjektet fekk midlar frå fleire nasjonale og internasjonale aktørar, mellom anna EU gjennom Erasmus+ samt Sparebankstiftelsen. Høgskulen i Innlandet var ansvarleg for forskinga.

Målsetjinga med forskinga var å få betre forståing for korleis deltaking i eit skuleopplegg som kombinerer kunst og skulefag, og som involverer samtlege elevar, kan styrke utviklinga av eksekutive funksjonar (EF), læring og meistring hjå barn mellom 6 og 8 år.

Forskinga blir presentert

Kva betydning har kunstfagleg undervisning i klasserommet hatt – for elevane, lærarane og skulen?Forskinga blir presentert under Kulturytring i Drammen 24. juni 2025, kl. 12.15-13.45. Arrangementet blir strømma.

Sjå forskningspresentasjonen

Dame med langt hår, grønn bukse og gul boks
Kunsten å lære Shelli Lake Foto Mariann Bjelle, Innlandet fylkeskommune

Kva er eksekutive funksjonar?

Eksekutive funksjonar er kontrollfunksjonar i hjernen som ikkje er ferdig utvikla før i 20–25-årsalderen. Dei trengs for sjølvregulering, konsentrasjon og hukommelse, og er avgjerande for læring (Andersen, 2019). Les meir i artikkelen og i rapporten om piloten.

Lærarar og kunstnarar samarbeider i skulen

Kunstnarane og lærarane er likeverdige samarbeidspartar på skulen. Dette er noko av kjernen i prosjektet. Dei skal utfylle kvarandre med den fagkompetansen den einskilde har og arbeider mellom anna saman i klasserommet 2 dagar i veka med ulike tema.

Undervisningsopplegga tek utgangspunkt i mål frå ulike fag, tverrfaglege tema og djubdelæring og nyttar kunstfagleg metodikk.

Her kan du lese meir om dei som var med og kva dei faktisk gjorde på skulane.

Dei som er med i prosjektet – Skular, kunstnare og samarbeidspartar

Barnehender boks figurer
Kunsten å lære. Formfangere. Foto Mariann Bjelle Innlandet fylkeskommune
cd-spiller form hånd
Kunsten å lære. Formfangere. Foto Mariann Bjelle Innlandet fylkeskommune

Undervisningsopplegg

Kvart tema i Kunsten å lære inneheld læreplanmål for 1.–4. trinn. Alle undervisningsøktene inneheld ein oppvarmingsdel, ein hovudaktivitet og ein refleksjonsaktivitet. Kvar økt varer i 90 minutt og kjernen i metodikken er kunst og kultur.

Informasjon og eksempler på tema og konkrete undervisningopplegg finn du her.

Glimt frå klasserommet

Kulturtanken har tidlegare vore på besøk på Aurvoll skule ved Lillehammer Her møtte dei prosjektleiar Marie Othilie Hundevadt frå Innlandet fylkeskommune og dramapedagog Adrian Taxth Skrattegård, ein av fem kunstnarar i prosjektet. Les meir om besøket på Kulturtanken si heimeside.

«Kunsten å lære» har inntatt skulekvardagen i Innlandet – Kulturtanken

Piloten 2017-2018

Kunsten å lære

KKS har fulgt arbeidet heilt frå 2017, då vi dro til Skottland saman med Oppland fylkeskommune, Kulturtanken og fleire lærare og kulturfolk.. Her fekk vi god kjennskap til prosjektet «Art of Learning» som undersøkte kva innverknad opplæring i kunst og kultur kunne ha for borns evne til sjølvregulering, impulskontroll, problemsløysing, logisk tenking med meir, altså dei eksekutive funksjonane i hjernen. Desse er viktige for konsentrasjon og hukommelse, og difor av stor betydning for læring.

Forsidebilde rapport. Fåvang skole. Visuell kunst
Foto: Hedda Roterud Amundsen

Forskingspiloten i 2017-2019 vart gjennomført på skular i Gjøvik, Lillehammer, Øyer, Dovre og Ringebu med, den gong, Oppland fylkeskommune som prosjektleiar. Creativity, Culture and Education (CCE), Høgskulen i Innlandet, Kulturtanken og Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa var samarbeidspartar.

Rapport frå piloten

Kontakt

Dame med mørkt hår og briller. Hun smiler

Prosjektleiar
Marie Othilie Hundevadt
Seksjon for Den kulturelle skolesekken, Kultur, Innlandet fylkeskommune
Telefon: 40 28 43 05 Epost: marie.othilie.hundevadt@innlandetfylke.no

Foto: Innlandet fylkeskommune

Kjelder og vidare lesing

Andersen, P. N., Klausen, M. E., & Skogli, E. W. (2019). Art of learning – An art based intervention aimed at improving children’s executive functions. Frontiers in Psychology, 10(JULY), 1769–1769. https://doi.org/10.3389/fpsyg.2019.01769

Hundevadt, M.O. & Vik, M.K. (2025). The Art of Learning Program – a curriculum and intervention report, Innlandet County Council. https://cdn.denkulturelleskolesekken.no/innlandet/b180f1ee-intervention-design-report.pdf

Kleiven, J., & Kaderják, A. (2025). THE YELLOW-RED TEST IN THE “ART OF LEARNING” PROGRAM Results from Hungarian and Norwegian art-supported learning in elementary schools. In Oppdragsrapport 4 – 2025. Universitetet i Innlandet. https://kunstenalare.no/_f/p46/ie2a35637-350a-4a0d-aa31-4606a0df98a2/the-yellow-red-test-in-the-art-of-learning-oppdragsrapport_4_2025-inn.pdf

Németh,S,. Gjelvik, I.G., Kristoffersen, B. F. & Håkansson, U. (2025). A LIFELINE THROUGH LEARNING Results of Qualitative Analyses of the Art of Learning Program, In Oppdragsrapport 10- 2025, Universitetet i Innlandet. https://brage.inn.no/inn-xmlui/bitstream/handle/11250/3201307/opprapp_10_2025.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Art of Learning – Skottland

Informasjon og eksempler på tema og konkrete undervisningopplegg finn du her.

Kunst som nøkkel for utvikling av eksekutive funksjoner – Artikkel KKS

Kunsten å lære si eiga nettside

«Kunsten å lære» har inntatt skulekvardagen i Innlandet – Kulturtanken

Om prosjektet Kunsten å lære (KÅL)

Sparebankstiftelsen si tildeling til Kunsten å lære 2025

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.