Gå til hovedinnhold
Hjerter lagat i silkedeig.

Jula kjem til å kome…

… og Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa er heilt i innspurten av eit innhaldsrikt år.

I juni lanserte KKS rapporten Kunst- og kulturfag på vent? Kartlegging og analyse av kunst- og kulturopplæring i grunnskulen i Noreg 2022 på Litteraturhuset i Oslo. Kartlegginga, som er initiert av KKS og gjennomført av Oxford Research, kjem vel 10 år etter at professor Anne Bamford kartla kunst- og kulturopplæringa i Noreg (Bamford, 2012). Datamaterialet indikerer dessverre lita utvikling i kunst- og kulturopplæringa i grunnskulen i Noreg frå 2010 til 2022. Ei av dei største utfordringane som kartlegginga kastar lys over, er lærarars manglande fagkompetanse i kunst- og kulturfag, noko som ikkje er eit overraskande funn. Her er det nok å ta fatt i og jobba vidare med på fleire nivå!

Også i år har KKS delt ut barnehageprisen til to barnehagar for framifrå arbeid med bruk av kunstfag og estetiske læringsprosessar. Jettegryta barnehage og Bortigard barnehage fekk prisen, til inspirasjon og læring for sektoren samla sett.

Estetiske læringsprosessar har og vore sjølve navet i eit samarbeid mellom Dembra (Demokrati mot fordommar og utanforskap) og KKS. I FoU-prosjektet har ei rekkje lærarutdanningsinstitusjonar arbeidd med utvikling av undervisning som styrkjer demokrati, medverknad og inkludering gjennom estetiske læringsprosessar. FoU-arbeidet er nyleg avslutta, og det blir spennande å følgja med på kva som skjer i praksisfeltet knytt til tematikken.

Sterke bodskap og ny kunnskap var gjennomgåande på den nasjonale konferansen Samisk i samtida – samisk kunst og kultur i opplæringa, som KKS arrangerte i Bodø i november. Rundt 150 forskarar, fagpersonar, skuleleiarar, kunstnarar og lærarar var samla til konferanse for å klargjera korleis og kvifor ein bør jobba med samisk kunst og kultur i opplæringa. Så vel teoretiske perspektiv, som samisk dans, joik, slampoesi og ulike visuelle kunst- og kulturuttrykk, bidrog til å gjera konferansen pulserande og levande for dei som deltok.

Snart eitt år har gått sidan 10-årsjubileet for Nettverk for formgiving, kunst og handverk i universitets- og høgskulesektor vart markert på OsloMet med konferansen FORTID, NÅTID OG FRAMTID – lærerutdanning i formgiving, kunst og håndverk. I 2024 er tema for konferansen Verkstedet, og KKS og Nord universitet er vertskap. Det ser me fram til!

KKS er glade for at stadig fleire besøkjer nettsidane våre og følgjer oss på sosiale media. Stor takk til alle samarbeidspartnarar og til dykk som har bidratt med nye undervisningsopplegg, artiklar, innlegg på seminar og webinarer. Hald fram med det; for gjennom felles innsats kan me styrkja arbeidet med kunst- og kultur i opplæringsløpet, frå barnehage til høgare utdanning!

Me ønskjer kvar og ein av dykk ei frisk og energigivande jul! Hald julehjartet ope heile året!
God jul og godt nytt år frå oss på Kunst- og kultursenteret!

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.