Inn på tunet – Garden som praktisk læringsarena
KKS er samarbeidspart i Statsforvaltaren i Nordland sin pilot «Inn på tunet i Nordlandskommunene 2020-2022», kor eit av måla er å gjere skuleleiarar og lærarar kjent med «Inn på tunet» (IPT) og synleggjere korleis garden kan være ein praktisk læringsarena for elevar i grunnskolen.
Nordlandskommunane Hadsel, Meløy, Sortland og Vågan deltar i piloten. I tillegg bidrar Bodø kommune med sine mangeårige erfaringar med bruk av Inn på tunet til elevar i grunnskolen. Grunnskolelærarutdanninga ved Nord Universitet er også samarbeidspart og har egne tiltak tilknytt studentane og det å gjere dei kjent med IPT som dei kan dra nytte av som framtidige lærarar.
KKS si rolle i arbeidet
Som samarbeidspart i piloten vil KKS si rolle i arbeidet være tilknytt utvikling av undervisningsressursar til vår ressursbase og ein film som kan være med å synleggjere for skoleleiarar og lærarar, kva IPT er og korleis garden kan være ein praktisk læringsarena for elevane.
I pilotbeskrivinga kan vi lese at «Piloten er designet rundt Fagfornyelsen», og omgrep som kreativitet, djupnelæring, tverrfaglegheit og kulturforståing er sentrale. Dette er heilt i tråd med det læringssynet som vi på KKS ønsker å fremme. Vi er opptatt av å leggje til rette for elevaktiv læring der teori og praksis vert knytta samen.
Med det nye læreplanverket, LK20, og regjeringas strategi Skaperglede, engasjement og utforskertrang ligg det både forventningar og føringar for ein meir praktisk tilnærming i undervisninga, der estetiske læringsprosessar inngår i alle fag. I strategien slås det fast at «kreativt og skapende arbeid, både i de praktiske og estetiske fagene og som arbeidsform i alle fagområder, bidrar til å gi barn og unge skapende og innovative ferdigheter» (Kunnskapsdepartementet, 2019, s. 4)
«Inn på tunet (IPT) er tilrettelagte og kvalitetssikrede velferdstjenester på gårdsbruk. Tjenestene skal gi mestring, utvikling og trivsel. Aktiviteten i tjenestetilbudet er knyttet opp til gården, livet og arbeidet der
Det er rundt 400 godkjente Inn på tunet gårder i Norge i dag. Disse gir tilbud til innkjøpere av velferdstjenester i kommuner og fylker på områder som oppvekst og opplæring, psykisk helse, rus og arbeidstrening, helse og omsorg. (innpatunetloftet.no)
Les meir om Inn på tunet i Nordlandskommunene på pilotens nettside