iframe{width:100%;}table a {display: inline-block;} Gå til hovedinnhold

"Antibac vs. germs" av Morten Andre` Johansen Stoa, som går i 7B ved Holla 10-årige skole.

Kva gjer elevane i heimeskulen?

Korleis arbeider lærarar og elevar saman i kunst og handverk når dei ikkje kan møtast i klasserom og verkstader? Korleis blir utfordringar løyst med tanke på at elevane kanskje ikkje har det dei treng av materiale og utstyr heime? Vi bad lærarar over heile landet sende inn bilde av elevarbeid som er gjort i heimeskule etter 12. mars og har laga ei digital utstilling desse.

Tekst: Hilde Hermansen, seniorrådgiver KKS

Vi har laga ein ressurs, Hjemmeskole – Digital utstilling, som syner eit knippe av det som foregår av skapende aktivitet rundt ikring i heimeskulane desse dagene. Iscenesetting, skulpturer, performance, collage og fotografi! Det  boblar av kreativitet og utforskertrang både hos lærarar og elevar, på trass av at rammefaktorane langt frå er optimale. Ta ein titt og bli inspirert!

Samtidig vil vi nytte høvet til å oppmode fleire kunst og handverkslærarar på ungdomstrinnet til å dele det elevane arbeider med når skulane er stengde. Signal frå enkelte fylkesmenn tyder på at lærarar meiner det kan vere problematisk å setje standpunktkarakter i praktiske og estetiske fag når elevane må ha heimeskule.

Vi oppmodar derfor særleg kunst og handverkslærarar som skal setje standpunktkarakterar på elevane sine, til å dele det arbeidet som blir gjort rundt omkring i landet. Slik kan vi både inspirere og hjelpe kvarandre fagleg desse vanskelege tidene.

Hjemmeskole – Digital utstilling

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.