iframe{width:100%;}table a {display: inline-block;} Gå til hovedinnhold
Illustrasjon med digital elevarbeid, portrett, samt tekstfelt.

Elevarbeid, KDA, Jessheim videregående skole. Illustrasjon: KKS

Gledelege søkartal til VGO!

Nyleg melde regjeringa at det aldri før har vore fleire lærarar som ønsker fagleg påfyll i dei praktiske og estetiske faga. No kan vi òg gleda oss over søkartala til vidaregåande opplæring i så henseande.

Tekst: Hilde Hermansen, seniorrådgiver KKS

Tal på Udirs heimesider viser at det i perioden 2020-2022 har vore ein jamn auke i tal på elevar som ønsker å ta det studieførebuande utdanningsprogrammet Kunst, design og arkitektur (KDA) eller dei yrkesfaglige programma Håndverk, design og produktutvikling (HDP) og Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign (FBIE). På Musikk, dans og drama ser vi likevel at det totale søkartalet har gått noko ned dei to siste åra. Kva årsakssamanhengar det er knytt til auka eller synkande elevtal er det for tidleg å seia noko om, sjå elles Udir si analyse av tala generelt. Tabellen under, henta frå Udir sine heimesider, viser konkrete søkartal for dei nemnde utdanningsprogramma totalt og for Vg1 spesielt, i perioden 2020-2022. Tala viser førstevalet til elevane og omhandlar søknad på offentlege vidaregåande skular.

Tabell som viser søkertall 2022.
Skjermdump fra Udir sine heimesider. KKS har gjort spesifikke val på «Skoleår», «Utdanningsprogram» og «Trinn».

Sjølv om HDP, ifølgje Udir sin statistikk, har det lågaste søkartalet av alle yrkesfaglige utdanningsprogram, er det verd å merka seg at i løpet av to år, frå oppstart hausten 2020 og til kommande haust, har talet på elevar med HDP som førsteønske stige med 50%. Det må det vera lov å jubla litt over! Berre så synd at dette tilbodet ikkje er tilgjengeleg for alle 15- 16-åringar i Noreg. I Nordland valde til dømes fylkespolitikarane å ikkje igangsetja dette tilbodet i 2020. Ungdom med særleg interesse for desse håndverksfaga må derfor reisa langt og flytta ut av heimfylket for å realisera draumane sine. Sansynleg vil mange av desse elevane gjer heilt andre udanningsval i sitt nærområde er stor.

Det er underleg at dei ulike fylkeskommunane ikkje opprettar fleire klassar når så mange elevar ønsker plass på dette utdanningsprogrammet.
Åshild Lundetræ Fidje til Kunst og design i skulen.

På KDA har elevtalet stige jamt og trutt sidan tilbodet i 2016 vart etablert som sjølvstendig utdanningsprogram og endra namn til noverande Kunst, design og arkitektur. Oppgangen i elevtal er sjølvsagt svært gledeleg. Samtidig peikar Åshild Lundetræ Fidje, avdelingsleiar ved Vågen vidaregåande skule og varamedlem i Kunst og design i skulen, på at over 700 elevar sansynligvis ikkje får gå denne utdanningsvegen likevel. Årsaka er fylkeskommunanes dimensjonering med omsyn til utdanningsprogram og elevplassar. «Det er underleg at dei ulike fylkeskommunane ikkje opprettar fleire klassar når så mange elevar ønsker plass på dette utdanningsprogrammet», seier Lundetræ Fidje til Kunst og design i skulen og minner om at det å forhindra fråfall i vidaregåande opplæring har vore eit satsingsområde for fylka gjennom fleire år. Behovet for og ønsket om fleire studieplassar på KDA kjem òg til uttrykk gjennom ei undersøking gjort blant blant 10.klassinger i Rana kommune. I eit ope brev til Fylkestinget i Nordland vert det synleggjort at rundt 50 tiendeklassingar ønsker å starta på utdanningsprogrammet Kunst, design og arkitetur, eit tilbod fylkespolitikarane fjerna frå den vidaregåande skulen i nærområdet i 2019.

På nasjonalt nivå er det eit uttalt utdanningspolitisk ønske at det blir satsa meir på praktiske og estetiske fag. Dette gjeld heile utdanningsløpet; frå grunnskule til vidaregåande skule og til universitets-og høgskulesektoren. Det er derfor svært oppløftande at fleire elevar ønsker utdanningsprogram som inneheld nettopp desse faga. Så får fylkeskommunane sitt ansvar vera å fungera som pådrivarar i staden for bremseklossar i ei ønskt utvikling.

Kilder

Kunst og design i skolen. (2022, 18. mars). Flere elever vil gå yrkesfag og KDA. https://www.kunstogdesign.no/nyhetssaker/flere-elever-vil-g-yrkesfag-og-kda

Sjursen, K-E. (2022, 22. februar). Åpent brev til Fylkestinget: Behovet for KDA-kompetanse på Helgeland er stort. RanaBlad. https://www.ranablad.no/apent-brev-til-fylkestinget-behovet-for-kda-kompetanse-pa-helgeland-er-stort/o/5-42-947526

Utdannningsdirektoratet. (2022, 16. mars). Søkertall videregående opplæring. https://www.udir.no/tall-og-forskning/statistikk/statistikk-videregaende-skole/analyser/sokertall-videregaende-opplaring-for-skolearet-2020-2021/#

Utdanningsdirektoratet. (u.å.). Søkere til videregående opplæring  –  utdanningsprogram. https://www.udir.no/tall-og-forskning/statistikk/statistikk-videregaende-skole/sokere-vgs/sokere-utdanningsprogram/

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.