Foto: Madelen A. Bjerke, Queer Flora, 2022
Estetiske læringsprosessar i alle fag
KKS er glade og stolte over å delta på Udir sitt webinar, 22. mars, der dei løftar fram ulike praksisdøme på lokalt samarbeid om innføring av nytt læreplanverk. Gjennom fleire år har KKS samarbeidd med skuleeigarar, skuleleiarar og pedagogisk personale i ulike kommunar om LK20 og implementering av estetiske læringsprosessar i alle fag.
Tekst: Hilde Hermansen, seniorrådgiver, KKS
Om webinaret
«Samarbeidet lokalt om innføringa av LK20/LK20S», er tittelen på Udir sitt webinar, som avviklast 22. mars, kl. 14.00 – 16.00.
Her finn du meir info og lenke for å delta på webinaret.
Udir trekk fram at samarbeidet mellom ulike partar lokalt har betydning for arbeidet med innføringa av nytt læreplanverk og at det er ulike måtar å organisere samarbeidet på. I webinaret ønsker dei å løfte fram og reflektere rundt praksisdøme som viser ulike måtar partane lokalt samarbeider om innføringa av LK20/LK20S. Målet er å inspirere lærarar, skoleleiarar og skoleeigarar i heile grunnopplæringa i det vidare arbeidet med læreplanverket.
Tema på webinaret er:
- Elevmedverknad og utforskande læringsprosessar
- Partssamarbeid og profesjonsfellesskap
- Ulike roller i det lokale kvalitetsutviklingsarbeidet
KKS sitt bidrag
KKS deltar i første bolka, der overordna tema er Elevmedverknad og utforskande læringsprosessar. Der presenterer me Estetiske læringsprosessar i alle fag, som me har samarbeid med 14 grunnskular på Sør-Helgeland, Ytre Helgeland og region Hallingdal om. Samarbeidet med dei involverte skulane har hatt noko ulik form og innretning avhengig av oppdragsgivars ønske og behov.
Gjennom praktiske workshops, kombinert med teoretisk tilnærming og undersøkingar av læreplanen, har deltakarane fått erfaring med og kunnskapar om praktisk bruk av estetiske læringsprosessar i ulike fag.
Fekk auga opp for den estetiske sida av fleire fag enn dei praktisk-estetiske. Flott å kunne bruka døme. Kjenne det på kroppen. Ta fram ord og omgrep frå LK20
Lærar i grunnskulen
I møte med dei ulike aktørane har me møtt stor interesse for meir kunnskap om og erfaring med arbeid med estetiske læringsprosessar i alle fag, men også tydeleg formulerte utfordringar som lærarane møter i det daglege arbeidet sitt. På spørsmål om kva deltakarane i etterkant har opplevd som verdifullt eller lærerikt med samarbeidet, vil me trekkja fram desse sitata: «Fokus på at estetiske læringsprosessar er utviklande i alle fag, og for alle elevar» og «Fekk auga opp for den estetiske sida av fleire fag enn dei praktisk-estetiske. Flotte å kunne bruka døme. Kjenne det på kroppen. Ta fram ord og omgrep frå LK20».
Estetiske læringsprosessar føreset at skulen legg til rette for aktive, medverkande og utforskande elevar. Dette er ein del av grunnsynet som skal prega pedagogisk praksis i heile grunnopplæringa, jamfør Overordnet del. Og det er viktig å implementera bruk av estetiske læringsprosessar. Det er jo elevane me skal gi utfordringar som fremjar danning og lærelyst!