Gå til hovedinnhold
Maleri av jente i kvensk drakt plassert mot lys grå bakgrunn.

Siri Skogstad Berntsen, Tuuli hysissä / Vind i håret arven, 2023. © Siri Skogstad Berntsen. Foto: Stortinget.

Den kvenske våren

Laurdag 16. mars er det Kvenfolkets dag, og Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa ønskjer alle kvenar ei flott feiring! Men kva veit me i skulen om det å vera kvensk? Kva er kvensk handverk? Og kvensk kunst som blir laga i samtida – kva kan det vera?

Tekst: Hilde Hermansen, seniorrådgiver ved KKS

Dei siste åra har kunstnarar med kvensk tilknyting utforska eigen identitet og kultur i samspelet mellom tradisjon og samtid. Denne revitaliseringa har av kvenane sjølve vorte kalla «kvensk vår» (Sannhets- og forsoningskommisjonen, 2023, s. 520). Me oppmodar lærarar, elevar og studentar til å bli betre kjent med kvensk historie, kunst og kultur gjennom å utforska delar av rapporten til Sannhets- og forsoningskommisjonen.

Under ser me nærare på noko av rikdommen i kvensk kunst og kultur med utgangspunkt i dei to samtidsverka Tuuli hysissä / Vind i håret (arven) av Siri Skogstad Berntsen og Tieto av Åsne Kummeneje Mellem. Begge verka finst i rapporten Sannhet og forsoning.

Tuuli hysissä / Vind i håret (arven)

Biletkunstnar Siri Skogstad Berntsen har måla Tuuli hysissä / Vind i håret (arven). Måleriet er eitt av 16 verk, som er valde ut etter ein kunstkonkurranse med tema fornorsking og forsoning og inngår no i rapporten til Sannhets- og forsoningskommisjonen. Ifølgje kommisjonen viser måleriet ei ung kvinne i ferd med å ikle seg kvendrakta (Stortinget, 2024).

Siri Skogstad Berntsen har kvensk slekt, men fekk ikkje læra språket eller ta del i kulturen då ho voks opp. «For meg gikk kulturarven tapt, språk og kunnskap vart ikkje vidareført. Som kunstnar vil eg undersøkja denne tapte kulturarven», seier Skogstad Berntsen til Ruijan Kaijun (Hauge, 2023).

Siri Skogstad Berntsen, Tuuli hysissä / Vind i håret arven, 2023.
© Siri Skogstad Berntsen. Foto: Stortinget.

Bli betre kjent med kunstnaren gjennom Siri Skogstad Berntsen sin Instagram, les om bileta hennar i utstillinga Armas i Tromsø, 2023, og la elevane få eit innblikk i Berntsen sitt kunstnarskap.

Kvendrakta

I måleriet Tuuli hysissä / Vind i håret (arven) er den unge jenta i kvendrakt det sentrale motivet. Slik synleggjer kunstnaren kvensk identitet og målar fram ei historisk tidsdjupn mellom tidlegare generasjonar og jenta, som er her og no.

Som følge av fornorskingsprosessen forsvann bruken av kvenske tradisjonelle klede mange stader. Kunnskap om eigen kulturarv og tradisjonar knytt til tradisjonell kledning blei dermed borte for mange. Då den kvenske kunstnaren Jens Stark og Ruijan kvääniliitto / Norske kveners forbund i 1995 samarbeidde om å utvikla ei kvendrakt, fanst det ikkje nokon modell å rekonstruera ei kvendrakt ut frå. Det nye designet vart derfor basert på skriftlege kjelder og fotomateriale frå perioden 1880-1920 (Sannhets- og forsoningskommisjonen, 2023, s. 523-527; Kainun institutti – Kvensk institutt, u.å.).

I dag er kvendrakta ein identitetsmarkør og eit fellesskapssymbol som fleire og fleire tek i bruk. Vil du læra meir om snitt, materialbruk, fargar, mønster og tilbehøyr til den kvenske kvinne- og mannsdrakta kan du lesa om dette på nettsidane til Kainun institutti – Kvensk institutt eller i Lena Aarekol sin artikkel Kvendrakten: om å kle seg kvensk.

Tieto

Tieto av Åsne Kummeneje Mellem består av voven bjørkenever. Verket smykkar framsida i rapporten til Sannhets- og forsoningskommisjonen.

Kunstnaren arbeider med naturmateriale i tradisjonelle kvenske teknikkar og utforskar käsityö (kvensk handverk). Ho synest det er vanskeleg å konkretisera kva det kvenske faktisk er og har få å spørja, då kunnskap frå tidlegare generasjonar manglar. «Kva vil det seia at noko er kvensk? Når kan det definerast som kvensk og ikkje norsk eller samisk?», spør ho seg (Mellem, u.å.). Ho meiner det heile heng saman: «Folka i nord er samanvovne med kvarandre, som ei flette. Så det er mange likskapar» (Björklund, u.å.).

Åsne Kummeneje Mellem, Tieto, 2023. © Åsne Kummeneje Mellem/BONO, 2024. Foto: Stortinget.

Åsne Kummeneje Mellem bruker käsityö (kvensk handverk) både for skapa eit rom for dialog og for å synleggjera generasjonsgapet i overføring av kunnskap; dette gapet som er ein konsekvens av styresmaktenes fornorskingspolitikk (Björklund, u.å.). Tittelen på verket, Tieto, er forresten eit kvensk omgrep for opplysning eller kunnskap…(Söderholm, 2017, s. 42).

Åsne Kummeneje Mellem har si eiga nettside, der du kan bli betre kjent med kunstnaren.

Kva vil det seia at noko er kvensk? Når kan det definerast som kvensk og ikkje norsk eller samisk?

Mellem (u.å.)

Käsityö

«Handverkstradisjonar er ein viktig del av kultur og identitet, ettersom det ofte er den synlege kulturelle identitetsmarkøren, det visuelle «språket», på eigen kultur», les me i Sannhet og forsoning (2023, s. 522). På kvensk og finsk blir desse handverks- og kunsthandverkstradisjonane som nemnt kalla käsityö. Materialene som vart brukt i käsityö har tradisjonelt vore bestemt av ressurstilgangen i kvenske busetjingsområde, og handverkskompetansen vart vidareført frå generasjon til generasjon. Gjennom fornorskingsprosessane vart denne vidareføringa effektivt motarbeid, med alvorlege konsekvensar for både kulturen til kvenene, språk, identitet og levekår (Sannhets- og forsoningskomiteen, 2023, s. 510-528).

For kunstnaren Åsne Kummeneje Mellem har det derfor ikkje vore lett å finne ut av kva kvensk handverk spesifikt kan vere. «Sidan me enno ikkje har eit arkiv som heiter “kvensk käsityö”, kan eg ikkje gå og slå opp kva kvensk handverk er, for det finst ikkje i arkiva», påpeikar ho (Björklund, u.å.). I staden samlar ho på historier, minne, gjenstandar og materiale frå det kvenske miljøet og ser på mangelen av vidareført kunnskap frå tidlegare generasjonar som eit høve til å undersøkja käsityö på eigenhand (Björklund, u.å.).

Å åpne opp dører

Gjennom kunstnarskapa sine formidlar Siri Skogstad Berntsen og Åsne Kummeneje Mellem si forståing av det kvenske og kvensk identitet. Slik bidreg dei også med å gi andre innsikt i kva käsityö / kvensk handverk og kvensk kunst kan vera i samtida.

Kanskje denne våren kan bli den kvenske våren for fleire av oss?

Gjennom kunstnarskapa sine formidlar Siri Skogstad Berntsen og Åsne Kummeneje Mellem si forståing av det kvenske og kvensk identitet. Slik bidreg dei med å å opna nye dører ved at andre også får innsikt i kva käsityö / kvensk handverk og kvensk kunst kan vera i samtida.
Tuuli hysissä / Vind i håret (arven) og Tieto er to av fleire kvenske samtidsverk i Sannings- og forsoningskommisjonen sin rapport. Me oppmodar elvar og lærarar til å bruka kunstverk og tekstutdrag frå rapporten for å gjera seg kjend med kvensk kunst og kultur. Kanskje denne våren kan bli den kvenske våren for fleire av oss?

Undervisningsopplegg og ressurser

  • Aktiviteter til kvenfolkets dag
    Halti kvenkultursenter har lagt ut forslag på aktivitetar og materiell for barnehagar og skular. Her kan barn og unge på ulike vis jobba med kvenflagget og solrosa, kvenkaker og kvensk mat, memoryspill og film og musikk.
  • Aktivitetshefte
    Kvænangen språksenter har utvikla eit aktivitetshefte tilpassa elevar på ulike nivå i grunnskulen. Her kan elevane arbeida kreativt med kvendrakta, det kvenske flagget og med kvensk symbolikk og språk.
  • Dans fra kvenske og norsk-finske miljøer
    Korleis har kvenene dansa? Lær korleis du kan dansa jenkka, potku-masurkka og tikkuristi. Videoane er baserte på innsamlingsprosjektet om dans og rørsle med kvensk tilknyting, som Astrid Serine Hoel gjennomførte i 2020.
  • Kainun institutti / Kvensk institutt
    Kainun institutti / Kvensk institutt er et nasjonalt senter for kvensk språk og kultur, som arbeider for å utvikle, dokumentere og formidle kunnskaper og informasjon om kvensk språk og kultur og fremme bruken av kvensk språk i samfunnet.
  • Kvenrosa – eit tverrfagleg opplegg i matematikk, naturfag og kunst og håndverk
    Hilja Huru har doktorgrad i matematikk og jobbar som professor på Norjan Arktinen Universiteetti UiT/Universitetet i Tromsø. Saman med Katriina Pedersen ved Kvænangen Språksenter/Naavuonon Kielisenteri har ho laga eit undervisningsopplegg i matematikk og naturfag basert på kvenrosa frå kvenflagget. Opplegget omfattar også kunst- og handverk.
  • Kvensk musikk
    Musikarparet Trygve Beddari og Anne Margaret Nilsen har samla songar frå Ruija. Ruija er namnet finnane brukte om Nord-Noreg og betyr området der nordlyset flammar.
  • Kvääni taiteilijat / Kvensk kunstnarforbund
    Kvensk kunstnarforbund jobbar for å revitalisera den kvenske kulturarven og gi han ein profil som gjer at kvenske kunstnarar kan kjenna seg igjen i den kvenske kulturarven.
  • Kvääniteatteri / Kventeateret
    Kvääniteatteri / Kventeateret skriv på nettsidene sine at dei skal skapa og formidla kvensk scenekunst i ein kreativ spagat mellom tradisjon og innovasjon. Gjennom å løfta fram kvenske stemmer skal dei skapa underhaldning, engasjement og debatt og bidra til å vareta språket, byggja identitet og kultur.
  • Matka – eit musikkeventyr
    Nordnorsk Jazzsenter har produsert eit kvensk musikkeventyr for familie og barn, som består av nyskrivne songar med kvensk mytologi som grobotn for historia.

Lykkyä tyköä / lykke til og onnea Kväänikansan päivää / gratulerer med Kvenfolkets dag!

Kilder

Björklund, M. L. (u.å.). På jakt etter Käsityö. The Vessel. Henta 14. mars 2024 frå https://vessel-magazine.no/issues/1/archives/kummeneje-mellem

Hauge, A. (2023, 15. februar). Kvenene, en naturlig del av kulturmangfoldet. Ruijan Kaijun. https://www.ruijan-kaiku.no/kvenene-en-naturlig-del-av-kulturmangfoldet/

Kainun institutti – Kvensk institutt. (u.å.). Kvendrakta. Henta 13.mars 2024 frå https://www.kvenskinstitutt.no/kvener/kvendrakta/

Kainun institutti – Kvensk institutt. (u.å.). Nasjonalt senter for kvensk språk og kultur. Henta 13. mars 2024 frå https://www.kvenskinstitutt.no

Mellem, Å. K. (u.å.). Åsne Kummeneje Mellem. Henta 14. mars 2024 frå https://asnekummenejemellem.no/dok-prosjekt

Sannhets- og forsoningskommisjonen. (2023). Sannhet og forsoning : – grunnlag for et oppgjør med fornorskningspolitikk og urett mot samer, kvener/norskfinner og skogfinner : rapport til Stortinget fra Sannhets- og forsoningskommisjonen : Avgitt til Stortingets presidentskap 01.06.2023 : Dokument 19 (2022-2023): Vol. Dokument 19 (2022-2023).

Stortinget. (2024, 8. mars). Se kunsten fra Sannhets- og forsoningskomiteens rapport. https://www.stortinget.no/no/Hva-skjer-pa-Stortinget/Nyhetsarkiv/Hva-skjer-nyheter/2022-2023/kunst-fra-sannhets-og-forsoningskomiteens-rapport/

Söderholm, E. (2017). Kvensk grammatikk. Cappelen Damm Akademisk. article.pdf (uit.no)

Vaara, T. (2023, 21. mars). Vi trenger flere slike møteplasser i Tromsø. https://www.nrk.no/kvensk/utstillingen-armas-ble-et-moteplass-for-kvenene-i-tromso-1.16345059

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.