iframe{width:100%;}table a {display: inline-block;} Gå til hovedinnhold
Føtter i joggesko og nederste del av en bunadstakk. Foto.

Foto: Hedvig O. Ølmheim

Bunadbruk.no

– Er det greitt med joggesko til bunad?
– Er det lov med hijab til bunaden?
– Kva er det som er så spesielt med bunadbruk i Noreg?

Desse spørsmåla inngår i eit ferskt formidlingsopplegg laga for elevar i grunnskulen og vidaregåande skule. Noregs Husflidslag har, saman med Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Noregs Ungdomslag, Norsk Folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon, utvikla eit variert undervisningsmateriale som inkluderer fagkunnskap, refleksjon og praktisk, skapande arbeid. Arbeidet er gjort med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB.

Vi synest det er stas å løfta fram denne ressursen og håper mange tar han i bruk i løpet av våren!

Tekst: Hilde Hermansen, seniorrådgiver KKS

«Bunadbruken står sterkt i Norge i dag. Vi knytter den tett til vår kulturelle identitet og bunaden er sentral i vår kulturarv.» 

«Kunnskap om bunad og bunadtilvirking har blitt overført fra generasjon til generasjon. I dag er det ikke like vanlig å sy sin egen bunad eller at noen i familien gjør det. Det er færre bunadtilvirkere i landet enn tidligere og kunnskapen står i fare, da unge ikke får den naturlige kunnskapsoverføringen som tidligere generasjoner har fått.»

Sitata ovanfor er henta frå nettsida bunadbruk.no.

Sjølv om den levande bunadtradisjonen i Noreg er sterk, er han òg trua ved at handverkskunnskapen gradvis blir mindre. Dette ønsker Noregs Husflidslag, Norsk institutt for bunad og folkedraktNoregs Ungdomslag, Norsk Folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon, å gjere noko med. Dei fem organisajonane har, sidan 2017, arbeidd for å nominera bunadbruken i Noreg til UNESCO si liste over vår immaterielle kulturarv.

Som ein viktig del av bunadbruken har organisasjonane òg utvikla ein formidlingspakke til barn og unge, som fritt kan lastast ned og brukast. Pakken er realisert med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB:
Bunad, eit formidlings og undervisningsopplegg

I formidlingspakken inngår m.a. eit undervisningsopplegg for elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule, som består av:

  • Lærarrettleiing
  • PP-presentasjon i tekst og bilder.
  • Oppskriftshefte
  • Artikler
  • Ressursarket “Min bunadhistorie”.

Innhaldet i formidlingspakken relaterer sterkt til verdidelen i Overordnet del  –  verdiar og prinsipp for grunnopplæringa og til kjerneelementa Håndverksferdigheter og Kulturforståelse i kunst- og håndverksfaget. For vidaregåande skule er opplegget særleg eigna for utdanningsprogrammet Håndverk, design og produktutvikling, der kjerneelementa Håndverk og materialer og Kulturarv og nyskaping er særleg aktuelle.

Supplerande lenker:

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.