iframe{width:100%;}table a {display: inline-block;} Gå til hovedinnhold
armbånd smykker

Smykkekunst Birgitte Bentsen UiT Alta K&H Bergen 2020

Berekraft?

Kva er mest berekraftig av eingongskoppar eller koppar som kan vaskast?

Tilsette i universitet- og høgskuler innan kunst- og handverksfaga var i slutten av januar samla i Bergen til to dagar med formidling av eigen forsking. Tema for årets konferanse var Berekraft? Difor spørsmålet i byrjinga. Kva er eigentleg berekraftig?

hvite kopper med tekst
Deltakarane fekk velje seg en kopp, kjøpt på loppemarknad og dekorert med konferansens logo, samt kjente bergenske ord og uttrykk. Koppen brukte dei under heile konferansen og vaska den sjølv etter behov.

Nettverk for formgiving, kunst og håndverk i universitet- og høgskolesektoren

Nettverket samlar tilsette frå lærarutdanninga ved alle UH-institusjonane i landet til ein årleg konferanse. Nettverket vart oppretta i 2013 på initiativ frå senteret etter ønske frå sektoren. KKS koordinerer nettverket og samarbeider med eit arbeidsutval frå institusjonane og ein vitskapeleg komité som godkjenn abstrakta. Konferansane rullerer mellom ulike vertsinstitusjonar, og i år var HVL vertskap. Dekan Asle Holthe opna konferansen.

Mann på talerstol
Dekan Asle Holthe HVL K&H Bergen 2020

Hensikta med nettverket er å bygge eit fagleg fellesskap, som kan styrke faget si posisjon i universitetssystemet og den enkelte deltakar sin erfaring med formidling av eigen forsking. Fleire av bidraga vert bearbeida til artiklar i fagfellevurderte tidsskrift.

Kunst og handverk i eit tekstfagleg berekraftsperspektiv – Keynote professor Aslaug Nyrnes

Årets keynote var professor Aslaug Nyrnes frå HVL. Ho tok for seg Berekraft? Kunst og handverk i eit tekstfagleg berekraftperspektiv. Nyrnes presenterte nyare tekstfagleg økokritisk forsking, som bidrar med modellar og figurar å reflektere i, figurar som kan vere produktive i møte med kunst- og handverkfagets eigen berekraft-diskurs. Kva kan berekraftig tekstarbeid kan vere i kunstnarleg utviklingsarbeid?

Professor Aslaug Nyrnes, HVL, K&H Bergen 2020

Presentasjonar i fleire kategoriar

Om lag 40 paper vert presenterte på konferansen i ulike kategoriar: Vitenskapeleg paper og paper som presenterer utviklingsarbeid, praksisforteljingar og poster.

Dame foran storskjerm.

Charlotte Tvedte HVL Stord, K&H Bergen 2020Katrine Borgenvik og Charlotte Tvedte frå HVL, campus Stord, hadde fylt ein varebil med elementar frå samskapingsprosjektet «mellom», som dei har jobba med saman med nokre ungdomsskulelærarar, og mellom anna vist under ein festival i Haugesund. På konferansen presenterte dei både eit teoretisk fundament rundt samskaping i estetiske læreprosessar i eit fagfelleskap, og let konferansedeltakarane få del i fysiske smakebitar frå kunstprosjektet «mellom» i eit uterom på campus Kronstad.

Store tresnitt henger på en snor i en bakgård.
Kunstprosjektet «mellom» – ei ar/r/tografisk undersøking av samskaping i estetiske læreprosessar i et fagfellesskap
To damer foran store tresnitt.
Katrine Borgenvik og Charlotte Tvedte, HVL Stord K&H Bergen 2020

Fleire av presentasjonane fokuserte på gjenbruk, livsløp og andre begrep knytta til berekraft, men det var ikkje eit krav. Spennvidda er stor i kva dei tilsette i dei ulike lærarutdanningane i Noreg er opptekne av, og kva dei forskar på.

Birgitte Bentsen frå UiT, campus Alta, er nett i gang med sitt førstelektorløp kor ei nettside om smykkekunst er ein del det heile. På konferansen stilte ho ut fleire smykkar og viste ein digital skisse til nettsida. Ho ynskte seg tilbakemelding og respons på arbeidet. Fleire av dei som presenterte var opptekne av digital kunst- og handverk.

Armbånd, smykker og dame.
Smykkekunst ved Birgitte Bentsen UiT Alta K&H Bergen 2020

Stjel og del

Ein ny programpost i år var materialsymposium Stjel og del. Her møttest deltakarane i grupper ut frå det materialet dei ynskte å dela noko kring – tre, tekstil, leire, grafikk eller digitale verktøy.  Ein teknikk eller ein referanse, eit tips eller ein leverandør. Symposia vert godt mottekne.

Silketrykk og broderi på lue.
Materialsymposium – tekstil, Skjønneberg. K&H Bergen 2020

Kunstnerduoen FrantzsenMjanger gav deltakarane ei «Vandring med pust» – ei performativ tilnærming til pust. Konferansen inneheldt og ei «Open post» kor mellom anna eksamen i kunst og handverk og strategiplanen for dei praktiske og estetiske faga blei diskutert.

Sjå ellers program og oversikt over dei parallelle sesjonane samt ta ein titt i abstractheftet nedanfor.

Neste konferansen vert 25.-26. januar 2021 i Kristiansand, med Universitetet i Agder som vertskap.

Abstracthefte K&H 2020

Program K&H 2020 rev 260120

Program sesjoner 2020 rev

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.