Gå til hovedinnhold
Oransje og gul farge. Hvite sirkler.

Utsnitt av forside på boken Sangglede og stemmebruk i barnehagen.

Song – når som helst og kvar som helst i barnehagen

I kapitlet «Song – når som helst og kvar som helst i barnehagen» i boka Sangglede og stemmelek blir det skildra korleis mange barn tek initiativ til humørfylte dialogar med vaksne. Liva er eit døme på dette. I lydopptaket nedanfor høyrer vi samspelet mellom Liva på tre år og Ingrid på 37 år, som nytter song som leikande, positiv kommunikasjonsform.

Tekst: Lena Skjerdal, førstelektor i musikk

Det handlar om koplinga mellom det uformelle og det formelle, mellom ferdigsongar og spontansong, og er eit døme på anerkjennande kommunikasjon mellom barn og vaksen. For å lukkast med dette samspelet, forutsett det at den vaksne både må ha ein kunnskapsbase i form av eit repertoar (her: «Trollmors Voggesang»), kunne by på det, vite noko om korleis barn kan bruke songlege formlar til spontan musisering (Bjørkvold, 2001), og vere seg bevisst si eiga rolle. Den vaksne må vere klok nok til å vite når hen skal støtte opp, vere med, legge av og kople seg på igjen.

Liva har tidlegare lært «Trollmors Voggesang». Sannsynlegvis av ein vaksen og kanskje i lag med andre barn. Liva veit at ho ved hjelp av eit lite men anerkjennande blikk få Ingrid, kan synge songen saman med henne. Slik blir den vaksne i starten viktig for å gi Liva oppdrift, inspirasjon og mot til å utvikle songen sin vidare til spontan, skapande og fri song. Etter kvart svarar Ingrid med den same songmelodien som Liva syng på, også kalla erteformelen (Bjørkvold, 2001), no med denne ertande teksten: «Du bruker bleia.» Til slutt går Liva over til å akkompagnere sine eigne rørsler på huska med glidande vokale tonar – sokalla glissando – og ho ber samstundes Ingrid om å gi ho fart. Nedenfor kan du selv høre på lydklippet.

Song – når som helst og kvar som helst

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.