Har du innspill til våre nettsider?  – Klikk her for å gi oss din tilbakemelding!

Stig Løvseth fra DKS Nordland og Kirsti Saxi fra Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen er svært fornøyd med samarbeidsavtalen. Foto: Gro Eli Stoltenberg

Skal lære skolane å ta godt imot profesjonelle aktørar

– Saman med Den kulturelle skolesekken Nordland gjer vi eit nasjonalt løft for å legge til rette for at skolane skal være så gode mottakarar av profesjonelle kunst- og kulturaktørar som mogleg, seier senterleder Kirsti Saxi.

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen ved senterleder Kirsti Saxi har i dag underskrive ein samarbeidsavtale med Den kulturelle skolesekken Nordland ved leder av Ung kultur Nordland, Stig Løvseth.

Samarbeidet handlar om utvikling av digitale nettressursar som skal publiseres på kunstkultursenteret.no.

– Ved å skolere elev-vertar og kulturkontaktar ved skolane legg vi til rette for å bygge eit kompetent mottakarapparat, seier Saxi. Skolane skal lære seg å ta godt imot profesjonelle kunst- og kulturaktør som kjem til skolane med sine DKS-produksjonar.
– Ikkje berre elevane treng kursa, men også lærarar og andre som har rolle som kulturkontaktar. Dei er bindeledda mellom DKS og skolen, supplerer Løvseth.

Ressursane som skal utviklast som nettressurs er kurs for elev-vertar, som kan knyttast til valgfaget Sal og scene på ungdomstrinnet, og etterkvart valgfaget Produksjon av varer og tjenestar. Elevane skal trenast i si rolle som teknisk vert i ein kulturproduksjon, eller som vert og fasilitator mot kultur-utøvarane. Ressursane skal forankras i læreplanane, og her kjem KKS sterkt inn med sin kompetanse.

– Gjennom samarbeidet ønsker vi å gjere desse ressursane nasjonalt tilgjengelege slik at alle landets skolar kan ta dei i bruk, påpeiker Løvseth.

Opplæringa av elev-vertar og kulturkontaktar gjennom dei digitale nettressursane som skal utviklast skal være klare til bruk høsten 2020.


 

 

 

 

Den kulturelle skolesekken

Den kulturelle skolesekken (DKS) er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skoleelever i Noreg får møte profesjonell kunst og kultur av alle slag. Den kulturelle skolesekken er eit samarbeid mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Kulturtanken har det nasjonale ansvaret for ordninga.

Elevane og skolane skal gjennom ordninga få moglegheit til å oppleve, gjere seg kjende med og utvikle forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk av alle slag. Kulturtilboda skal vere av høg kvalitet, og vise heile breidda av kulturuttrykk:

Måla for Den kulturelle skolesekken skal vere:

  • Å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod
  • Å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag
  • Å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål

(Kjelde: denkulturelleskolesekken.no)

 

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.