Vi har nettopp lansert nye sider – gi oss din tilbakemelding!

Små reinsdyr laget av plastelina og pinner

Foto: Kathrine Pedersen KKS / Studentongan barnehage

Kunst- og kulturfagleg fokus i samiske veker

I dei samiske vekene før og etter Samefolkets dag har Kunst- og kultursenteret gjennomført fleire praktiske verkstadar og undervisning med utgangspunkt i blant annet våre joike- og duodjiressursar.  Gode samarbeidspartnarar gjorde dette mogleg.

To duodjiverkstadar for studentar ved GLU 1.-7.trinn på Nord universitet 5. februar, i regi av Kunst- og kultursenteret saman med duojar og konservator Gry Spein Fors og grunnskulelærarutdanninga på Nord universitet.

Fors har saman med senteret utarbeida veiledningsheftet Duodji i grunnskolen. Studentane lærte å tvinne sistisnor og lage nålhus/nallogoahti av margbein som beskrive i veiledningsheftet. Dei fekk og ei kort innføring i korleis duodji/samisk kunst og handverk er synleg i lærerplanverket på lærerutdanninga og i skulen.

Garn og filt som brukes til å lage samiske nøkkelringer

Duodji-materialer

6. februar gjennomførte Kunst- og kultursenteret og elever ved Bodin Videregående skule, design og tekstil, duodji-verkstad under skulens samiske dag. Alle førsteårs-elevane fekk møte samisk kunst og kultur gjennom å delta på ulike verkstadar og stasjonar:

  • Samisk film og fotografier
  • Samisk mat
  • Elevar frå tredje året hadde forteljarverkstad i en av dei oppsette lavvoane
  • Elevane møtte eit levande miljø med smak og ikkje minst lukt av samiske naturvekstar. Dei fekk laga sine eige smykkeemnar av reinhorn og tvinne sistisnor av garva reinskinn. Kunst- og kultursenteret hadde på førehand klargjort naturmateriala saman med elevane på design og tekstil gjennom å skjære skinn- og beinemnar. På denne måten fekk elevane eit nære forhold til- og viten om, dei samiske råmateriala som skulle brukast på duodjiverkstadane.

Joikeverkstad 5. februar

Joikeverkstad med sangpedagog og førstelektor Elisabeth Misvær for GLU-studentane. Verkstaden tek utgangspunkt i veiledningsheftet Joik i grunnskolen som vi har utarbeida saman med Frode Fjellheim ved Nord universitet på Levanger.

Førelesingar

Formidling av mangfold i samisk identitet og kultur
17. januar underviste seniorrådgivarane Cathrine Jenssen og Elisabeth Misvær for Nord universitet sine PPU-studentar om temaet Formidling av mangfold i samisk identitet og kultur. Undervisninga baserte seg på dokumentarfilmen Min mors hemmelighet av filmregissør Ellen-Astrid Lundby. Senteret har utvikla undervisningsressursen Med nytt blikk på joik knytta til ein av Lundbys andre filmar, Joikefeber, som også berører arbeid med film som metode til samisk kulturforståing.

Et sosialantropologisk blikk på samisk kunst og kultur
21. mars underviser Cathrine Jenssen på barnehagelærerutdanninga ved Nord universitet om temaet Et sosialantropologisk blikk på samisk kunst og kultur.Bål og samiske artefakter

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.